Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Bruken av førenamnet JOB eller JOP i Noreg på 1600-talet?


Recommended Posts

Eg stussar svært over eit namn som eg finn i ei tingbok frå indre Sogn (Hafslo 1663) og lurer på om andre har noki formeining om dette namnet?  Ogso meiner eg at personen er «forsynt» med eit gardsnamn som eg har vanskar med å tyda...

 

Eg syner til den åttande siste linje på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/28558/10

 

Her står det tydeleg Brite JOPSDATTER, men eg har ein mistanke om at det skal vera Josephsdotter, for namnet Jop eller Job er sovidt eg veit heilt ukjent i Noreg på 1600-talet?

 

Og neste linje ser for meg ut til å starta med gardsnamnet SEMB (dåverande stavemåte av Seim!), ein nabogard i Årdal prestegjeld der mannsnamnet Joseph dukkar opp sist på 1600-talet.

 

Er det nokon som har ei formeining om desse namni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Teksten i dette avsnittet er òg drøfta her: https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-frå-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/

24 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Her står det tydeleg Brite JOPSDATTER, men eg har ein mistanke om at det skal vera Josephsdotter, for namnet Jop eller Job er sovidt eg veit heilt ukjent i Noreg på 1600-talet?

 

Og neste linje ser for meg ut til å starta med gardsnamnet SEMB (dåverande stavemåte av Seim!), ein nabogard i Årdal prestegjeld der mannsnamnet Joseph dukkar opp sist på 1600-talet.

 

Heilt ukjent er det vel ikkje?   "Avansert personsøn" i DA gjev 58 treff til 1700, flestalle frå Vestlandet.

( Rett nok er det sikkert fleire registreringar av same mann. På den andre sida er dei fleste som levde på 1600-talet ikkje registrerte i DA.)
Det vert vanskeleg å ha noko meining om kva Jop  "eigentleg" skulle vere.  Då måtte vi vel hatt fleire kjelder for Brite.

 

 

Som tydinga (lenkja) viser, les eg "Omb", ikkje "Semb".  Ordet omb, med stor eller liten forbokstav er brukt fleire gongar på desse sidene.

Det er vel snakk om subjunksjonen "om"; som i til dømes "Om Lars veit noko, så må han seie det", eller "Lars spør om nokon veit noko".

1 time siden, Berit Knudsen skrev:

Kan det være Kvam (Quam)?

 

Eller Ouim gnr. 16 , Vassbygdi og fjellgardene, Aurdal ? : https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013010906167?page=99

 

Det er vel betre å ta tydespørsmålet i tråden som alt er laga i tydeforumet. Sjå lenkja det første innlegget ovanfor.

Leser det som Jepsdatter (av navnet Jeppe), men ser i 1801 for Sogn og Fjordane at ingen har Jep* som fornavn eller farsnavn. Så navnet Jeppe er kanskje ikke brukt her, hvis det da ikke er Jesper som menes?

 

Enig med Ivar at neste linje begynner med "Omb".

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.