Gå til innhold
Arkivverket

Skiftedesignasjonar i Stiftamtmannsarkivet for Bergen m.m.


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

I følgjande protokoll går det fram at kjelda er L1976 i stiftamtmannsarkivet:

https://media.digitalarkivet.no/sk/contents/24159?municipalities[0]=1411&start_year=&end_year=1800&text=

 

Dette er vel det same som dette:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-07000000035695?ins=SAB

 

Eg lurer då på om tilsvarande "skifteprotokoll" frå Nordhordland:

https://media.digitalarkivet.no/sk/contents/24071?municipalities[0]=1411&start_year=&end_year=1800&text=

 

eigentleg er L1972 i stiftamtmannsarkivet?

 

Og så til det store spørsmålet: Kvar er det blitt av skiftedesignasjonane frå Sunnfjord (inkludert Svanebirket), og som kunne ha fylt ut deler av dei periodane der det manglar skifteprotokollar fyrste del av 1700-talet? Kan det evt. finnast skifteekstrakt frå Sunnfjord andre stader?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er nemnt ei avskrift av skiftedesignasjonar:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-07000000148617?ins=SAB

 

Er dette henta frå dette arkivstykket:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001401191?ins=RA

 

Og finst det i så fall liknande i futerekneskapane i åra før- og etter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Torbjørn Igelkjøn changed the title to Skiftedesignasjonar i Stiftamtmannsarkivet for Bergen m.m.

Her har du igrunnen svart på ditt eige spørsmål. Vi veit ikkje kvifor det ikkje er bevart skiftedesignasjonar frå Sunnfjord i Stiftamtmannsarkivet, men slik er det ofte med gamle arkiv; at det kan vere litt tilfeldig kva som har overlevd og funne vegen til arkiva.

Og ja, du kan finne skiftedesignasjonar for Sunnfjord i futerekneskapa i Rentekammeret som du viser til.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg bestilt avskrifta som "skanning på forespørsel". Eg håpar at dette også kan komme andre til nytte. Eigentleg kunne eg ha tenkt meg å sjå originaldokumenta, men det blir vel litt for omfattande å bestille skanning av heile årgangar av futerekneskapane for å leite etter desse skiftedesignasjonane i originalversjon. Eg reknar elles med at resten av futerekneskapane med tid og stund vil bli skanna uansett.

 

@Kristian Hunskaar (Arkivverket) Er vidare skanning av futerekneskapar heilt ute av prioriteringslistene?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg reknar elles med at resten av futerekneskapane med tid og stund vil bli skanna uansett.

 

@Kristian Hunskaar (Arkivverket) Er vidare skanning av futerekneskapar heilt ute av prioriteringslistene?

 

Det er fremdeles ønskelig å skanne fogderegnskapene, men de er ikke med i prioriteringene for 2022. Skanningsressursene i Riksarkivet går i stor grad med til skanning på forespørsel.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Då har eg fått svar frå Arkivverket v. Anita Riise. Sidan det var snakk om så få sider valde ein å sende meg dokumentet på epost i staden for å setje igang digitaliseringsprosess.

 

Eg legg ut lenke til pdf-fila her i tilfelle andre kan ha nytte av dette. Avskrifta viser seg å vere gjort av Albert Joleik. Det viser seg at futerekneskapane med visse unntak berre nemner namn på hovudpersonane som det er skifte etter, men avskrifta er likevel interessant sidan den kan tidfeste ein del dødsfall og vere med å fylle ut der andre kjelder manglar.

 

Avskrifta nemner nokre av skifta frå Sunnfjord som vart slutta 1738-1741.

Lenke: https://photos.geni.com/p14/e3/49/2a/e8/5344486123c8b626/avskrift_wider_e_original.pdf

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.