Liv Karin Flolid Lien Skrevet Mai 26, 2022 Del Skrevet Mai 26, 2022 Ytre Sogn tingrett, SAB/A-2601/1/F/Fa/L0051: Tingbok (justisprotokoll), 1846-1854, s. 198b-199a Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090401611058 Midt på høgre side står Margrethe Hansdotter Flolid. Kva er dette? Takkar for svar! Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Mai 26, 2022 Del Skrevet Mai 26, 2022 "Føgende Afkalde som ere indførte i den under 1 Nov 1839 authoriserede Pantebog uden at være tilførte Jistisprotocollen, bliver ifølge ??- sionene Antegnelser i Sorenskriver Cappelens Regenskaber her at ex- trahere som følger" Det er altså eit utdrag frå panteboka over "avkall". Det kan vere arvingar som har friteke formyndaren frå ansvaret for arven. For menn skjedde det når dei vart myndige og tok over arven sjølv. For kvinner skjedde det når dei gifta seg, og ektemannen tok over ansvaret. For begge kjønn kunne det skje når dei fekk ny formyndar, anten ved at den gamle døydde eller han vart avløyst av andre grunnar (t.d. overlet det meste av buet sitt til arvingane og vart kårkall). Du kan sjå i panteboka om du finn at Magrete der; skal vere datert 19/5 1846. Nummeret 2026 er kanskje brukt der også. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet Mai 26, 2022 Forfatter Del Skrevet Mai 26, 2022 Ytre Sogn tingrett, SAB/A-2601/1/F/Fa/L0051: Tingbok (justisprotokoll), 1846-1854, s. 252b-253a Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090401611113 Hei igjen! Eg finn interessante ting, men det er heilt umogeleg for meg å forstå. Det er så kjekt at nokon vil hjelpe. På høgre sida står Berthel Mikkelsen Flolid, men kva gjeld det? Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Mai 26, 2022 Del Skrevet Mai 26, 2022 11 minutter siden, Liv Karin Flolid Lien skrev: På høgre sida står Berthel Mikkelsen Flolid, men kva gjeld det? Det er ein stipla strek under Bertel sitt namn; det vil seie at han er stroken her. Det er sju menn som avlegg "Eed til Constitusjonen" - det var noko dei måtte gjere for å få røysterett. Bertel sitt namn er ført inn som åttande, men ikkje fullført (ikkje alder og stand) og så er namnet stroke. Det kan hende han kjem att seinare. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Åsbjørg Susort Skrevet Mai 26, 2022 Del Skrevet Mai 26, 2022 16 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev: Det kan hende han kjem att seinare. Eg bladde om for å sjå om han kom tilbake på neste side. Fant han ikkje mht. edsavleggelse, men han fikk gavebrev på garden av fosterforeldrene i pkt. 14 og han gav kår til fostermora i punkt 15... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Mai 26, 2022 Del Skrevet Mai 26, 2022 4 timer siden, Åsbjørg Susort skrev: Eg bladde om for å sjå om han kom tilbake på neste side. Fant han ikkje mht. edsavleggelse, men han fikk gavebrev på garden av fosterforeldrene i pkt. 14 og han gav kår til fostermora i punkt 15... For å få røysterett måtte han vere eigar eller bygslar av jord. Så då spørs det om ikkje han var litt for tidleg med eiden. Og dersom gåvebrevet kom for seint til å delta ved eit val, så var det ei stund til neste. Eg ville nok leita vidare lenger bak - men det kan fort verte 2-3 år. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet Mai 26, 2022 Forfatter Del Skrevet Mai 26, 2022 Takk for svar. Eg såg litt vidare, men det var kanskje fortidleg. Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå