Nils Harnes Skrevet Juni 28, 2022 Del Skrevet Juni 28, 2022 I 1661 eigde Haldour Kringstad ein halv våg i garden Harnes på Harøya i Romsdal (den delen av garden som vart kalla Myra). Knut og kona Mareth dreiv bruket då. Ho var dotter til bondeopprørar Stor-Rasmus på Myklebust på Harøya. Ho gifta seg først opp att med ein Rasmus og så ein Lars Halvorsen på 1670-talet. Der er ukjent kor denne Lars Halvorsen kom frå, men han vart den første i ei rekkje generasjonar drivarar i familie som dreiv Harnesmyra i 200 år. Kan Lars Halvorsen ha vore sonen til Haldour Kringstad, som eigde ein del av garden? Er det nokon som kjenner til denne Haldour Kringstad? Eg veit ikkje meir enn kva som er nemnt i Bolsøyboka frå side 142 og nokre sider utover https://drive.google.com/file/d/1pF9PvNkrpsc6o36DWTZW_2PwYNzxBZRw/view?usp=drivesdk Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå