Gå til innhold
Arkivverket

Kontaktadresse lesesalen Statsarkivet i Trondheim/arkiv Gulating lagmannsrett


Oddbjørn Hofseth
 Del

Recommended Posts

Eg prøver å spore opp protokollane etter ei straffesak frå 1904 (lagmannsretten i Frostating, det gjeld den påtente brannen på gamle Borgund kyrkje i dåverande Borgud kommune). Når eg kontaktar Statsarkivet sentralt, blir eg beden om å kontakte lesesalen i Trondheim, og oppgje aktuelt nummer på det ønske arkvimaterialet. For det første finn eg ikkje kontaktinfo til lesesalen nokon stad, for det andre er det eg er på jakt etter ikkje registrert i det digitale oversynet. Eg bur langt frå Trondheim, og har ikkje høve til å reise dit. Er det nokon som har nokre tips?     

 

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-08000000468358?ins=SAT

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pga endringar i jurisdiksjonsområder i denne tida var det noko usikkert om sakspapira til denne saka har hamna ved Statsarkivet i Trondheim eller Bergen. Derfor har vi gjort litt undersøkingar i Bergen. Det vi har kome fram til er at vi har funne frifinninga i Voteringsprotokollen C.1; frifinninga er av 19.september 1904 i sak 12/1904 i Romsdal lagsokn. Ved fellande dom skulle saksmappa bli sendt tilbake til politiet, men sidan dette er ei frifinning skulle sakspapira normalt sett ha blitt arkivert hjå domstolen. Vi har saksmapper for straffesaker dette året for Møre og Romsdal lagsokn, men hverken der eller under dei andre lagsokna i arkivet etter Gulating har vi funne denne saka( sak 12/1904). Diverre mangla også domsprotokollen i straffesaker for Gulating for denne tida også.

 

Altså kan vi konkludere med at det neppe fins noka saksmappe på denne saka ved Statsarkivet i Bergen (sjølv om det var her den burde ha vore). Frifinninga i Voteringsprotkollen inneheld heller ikkje stort meir enn det som er oppgitt her.

 

Ein stad der du derimot kan finne opplysningar om saka er i dei skanna avisene til Nasjonalbiblioteket. I avisene for september 1904 fekk vi desse treffa på Borgund:

https://www.nb.no/search?q=borgund&mediatype=aviser&fromDate=19040901&toDate=19040930

 

Elles kan det jo vere at sakspapir på ein eller anna måte kan vere hamna i Trondheim, men for å leite vidare i opne arkiv må ein altså sjølv oppsøke lesesalen i samsvar med Arkivverket si serviceerklæring.

Katalogen til Gulating lagmannsrett finn du her (Statsarkivet i Bergen):

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-07000000126217?ins=SAB

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.