Gå til innhold
Arkivverket

Ellend Hansson Otterhjell Vigdalen 1723-1769, tyding av opplysningar i skifte


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Skifte etter Ellend Hansson Vigdalen

https://media.digitalarkivet.no/view/24166/310

Ut frå tingboka så vart han psykisk sjuk sommaren 1769 og det var mistanke om at han hadde drukna seg.

 

Han hadde kona Marta og borna Ola, Hans, Kari og Jens då han døydde. Er det nemt andre arvingar eller slektningar i skiftet. Blir sagt at han var fødd i 1823 og skulle komma frå garden Otterhjell, men dette er truleg usikre opplysningar. 

Han var også gift før, i 1756 med Kari Johannesdtr. Hov 1732-1756. Har ikkje klart å finna ekteskapet i kyrkjebøkene for Leikanger.

Takksam for opplysningar om denne familien.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet er  "efter den sammestæds [Wiigdahlen] ved Døden afgl. Dannemand Elling Hansen Wiigdahlen og huustrue Marthe Jensdatter Wiigdahlen

imellem deres eftterlevende Børn som ere 2de Sønner og 1 Datter."

Borna er Ole 13 år, Jens 4 år, Karie 8 år.

Det er ikkje sagt noko om dødsårsaka; men det kan ikkje vere rekna som sjølvmord - då ville kongen ta buet etter avdøde.

Det er ikkje sagt noko om tidlegare ekteskap, og eg kan ikkje så nokon Hans her.

Det er ikkje sagt noko om alder og opphav til Elling og Marte, men det er sagt at garden er sjølveigargods.

 

Det er litt uklart om Marte også er død, men eg oppfattar det sånn. Det vart halde auksjon over lausøyret - det var vanleg når

begge foreldra fall frå, og ikkje så vanleg når ein av dei levde vidare.

Heile buet er delt på barna. Det tyder på at Marte også var død.

Kvar av gutane fekk 2/5, dottera fekk 1/5 - det vi seie at alle tre arvar begge foreldra (ingen av dei frå eit tidlegare ekteskap).

 

Formyndarane står heilt til slutt:

Johannes Pedersen Wigdahlen for Ole,

Ole Pedersen Wigdahlen for Jens,

Anders Olsen Dybeviig for Kari.

Formyndarane skulle ver nære slektningar (inngifte galdt som slekt her) - dersom dei hadde evne til det; men det kunne også

vere "skikkelege menn av bygda".   - det kan vere verd å studere slekta deira.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
retta tastemiss
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for grundig svar.

Då var nok sonen Hans fødd i 1760 død. Mora Marta fekk eit barn Magnhild i februar 1770 ( eit halvt år etter mannen var død), men jenta døydde 1 dag gammal. Mora sjølv døydde i mai same året.

Far til Marta som var forrige brukar døydde i mars 1769. Andre kona hans var Kari Lassesdtr. Drege frå Feios f 1715, men veit ikkje dødsår på ho. Truleg var det berre att dei tre borna i Vigdalen etter mai 1770, og dei blei kanskje plasserte hjå slekt/naboar?

Johannes Pederson Vigdalen kjøpte garden etter skiftet. Han skreiv seg Prestgarden, kanskje frå Aurland. Selde att i 1772.

Ole Pederson Vigdalen er ukjend

Anders Olson Djupevik budde på nabogarden.

Fortsatt ein del lause trådar når det gjeld denne familien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.