Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Pederson Prestgarden, kvar kom han frå?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

I 1770 kjøpte Johannes Pederson Prestgarden garden Vigdal i Fresvik i Sogn (Leikanger). Han selde att i 1772, så me veit ikkje meir om han. Han var gift med Brita Jacobsdtr. og dei fekk sonen Peder i 1771. Døypt i Fresvik. 

Johannes var formyndar i 1770 for eit av barna til forrige eigar av garden. Det same var Ole Pederson Vigdalen som kan vera ein bror av Johannes.

Prestgarden vart det vel kalla mange stader i bygdene der presten budde. Men er det likevel mogeleg å finna ut meir om Johannes, Brita og Ole og kvar dei kom frå?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fann denne konfirmasjonen i Fortun for Johannes Pederson, på Prestegarden

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456523

Kan det vera den Johannes eg er på leit etter? I tilfelle kom han frå Luster så kanskje det er noko i ættebøkene der?

Og finst det opplysningar om giftarmål med Anna Olsdtr? Eller ein bror som heitte Ole? 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt spørsmål på siden:

 

9 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Johannes var formyndar i 1770 for eit av barna til forrige eigar av garden. Det same var Ole Pederson Vigdalen som kan vera ein bror av Johannes.

 

Hva het den forrige eieren og går det fram i et skifte at Johannes og Ole var formyndere for hans barn? 

Har du lenke til dåpen til Peder i 1771? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Grethe Flood skrev:

Litt spørsmål på siden:

 

 

Hva het den forrige eieren og går det fram i et skifte at Johannes og Ole var formyndere for hans barn? 

Har du lenke til dåpen til Peder i 1771? 

Forrige eigar var Ellend Hansson Otterhjell Vigdalen gift i 1757 med Marta Jensdtr. Vigdal som overtok garden etter faren Jens Olson.  Ellend drukna i 1769, mistenkt sjølvmord, og kona døydde i mai året etter. I skiftet etter ekteparet i 1770 var Johannes og Ola oppsette som formyndarar til to av borna. For tredje barnet var formyndaren frå nabogarden. Dei tre borna var Ola f 1758, Kari 1761 og Jens 1766.

Skifte etter Ellend Hansson Vigdalen

https://media.digitalarkivet.no/view/24166/310

 

Dåpen til Peder Johannesson i 1771, midt på høgre side spalte 1. Døypt i Leikanger kyrkje, fadrar frå nabogardane pluss to frå Leikanger. 

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/3

 

Ei korrigering til det eg først skreiv: Johannes Pederson var ikkje gift med Brita Jacobsdtr. men med Anna Olsdtr! Beklagar.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekstrarett halden i Fresvik i sept 1770 der det blei vurdert om Elling Hansson hadde drukna seg eller om det var eit uhell. Retten konkluderte med uhell sidan dei var i tvil og dermed kunne han gravleggjast på kyrkjegarden. Han vart funnen att etter 7 veker i sjøen. 

https://media.digitalarkivet.no/view/30872/118

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da kona til Johannes Pedersen Vigdal ble introdusert i kirka i mai 1771 kalles hun Anna Larsdatter, her nesten nederst til høyre:

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/47897/1

 

Johannes Pedersen Prestegard (1729-1772) giftet seg i Luster 18.10. 1769 med Anna Larsdatter Svangstu (1747-1807). De hadde i følge kirkeboka for Luster barna Lars døpt 21.1. 1770 (bgr. fra Svangstu 23.1. 1770) og Kirsti døpt 19.7. 1772, begge født på Prestegard. Da skiftet etter Johannes ble holdt på Svangstu i Luster 1773 nevnes bare dattera Kirsti som var 1/2 år. 

 

Det er plass til et barn til mellom disse to, Peder ble døpt i Leikanger 18.4. 1771. Men i følge bygdeboka for Luster under Prestegard så ser det ut til at Johannes var bruker der fra 1762, så det er kanskje tilfeldig at det var to familier med samme navn.

 

Luster bygdebok bind 4 side 290:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007092600022?page=319

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjekket litt mer, Johannes Pedersen Vigdal solgte garden Vigdal ved skjøte datert 16.11. 1772, og Johannes Pedersen Prestegard ble begravet i Luster 17.12. 1772, så dette er nok mest sannsynlig to forskjellige personer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Terje.

Eg fann også giftarmålet og sonen Lars, og hadde eit håp om at dette kunne vera den Johannes som budde i Vigdal ei kort tid. Kona Anna mistenkte eg var feil farsnamn på, at det skulle vra Larsdtr. og ikkje Olsdtr. 

Men kan det vera at han selde så raskt pga sjukdom og var flytt attende til Luster før siste barnet vart fødd? Kanskje lite sannsynleg. Var mykje som stemde med denne personen frå Luster, men kanskje ikkje den rette likevel.

Her er salget i 1772

https://media.digitalarkivet.no/view/12445/186

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Jonsen Otternes frå Aurland som kjøpte garden i nov 1772 skreiv seg Vigdalen då første barnet vart fødd. Her er dåpen til første sonen Hermund på vestre side, oktober? 1772.

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/7

Har ikkje funne giftarmålet, men sjølv om kona var frå Fresvik, kan dei også vera gifte i Aurland. Dei gifte seg i 1772 ifylgje ætteboka. Kan forrige eigar vera flytt frå garden før salet i november 1772? Mykje gissing her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aurland bygdebok har dette:

 

Peder Jonsen Otternes f. 1745, sønn av Jon Jacobsen Otternes (1700-1768) og Kirsti Pedersdatter Ryum (1720-1750). Gift i Aurland 1772 med Synneva Hermundsdatter Flåm f. 1742, datter  av Hermund Kjellsen Flåm (1704-1766) og Marita Helgesdatter Indrelid. 

 

Det står at Peder flyttet til Vikdal i Fresvik, stor etterslekt.

 

Vielsen i Aurland 2.10. 1772:

https://media.digitalarkivet.no/view/8612/223

 

Peder var døpt 15.7. 1745, Synneva var døpt 9.12. 1742.

 

Familien nevnt under Bøtun i bygdeboka, side 498.

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser han skreiv seg Otternes ved vigsla men då sonen vart døypt (same månad?) i Fresvik så skreiv han seg Vigdalen. Familien budde mange år i Vigdalen men kjøpte så eit bruk under Bøtun og slekta finst enno i bygda. 

Har også funne at bror til Peder, Eirk Jonsen Otternes flytte til Fresvik, men har ikkje meir opplysningar der. 

Eldste sonen til Peder hadde Vigdalen ei tid, men budde heile tida på bruket i Bøtun.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Terje Tandsether skrev:

Står her at det var 24. januar 1772 at Johannes vart gravlagd, medan du referer til kyrkjeboka og 17.12 1772. Sidan skiftet vart halde i 1773, vil eg tru at det er det siste som er rett. Men det verkar som denne Johannes er uaktuell. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdeboka har Johannes Pedersen fått samme begravelsesdato som faren Peder Prestegarden, 24.1. 1772. Men etter kirkeboka ble Johannes begravet 17.12. 1772:

https://media.digitalarkivet.no/view/11589/200

 

Peder Johannesen døpt i Leikanger 18.4. 1771 fant jeg ikke begravet i Leikanger eller Luster fram til skiftet etter Johannes Pedersen ble holdt i Luster først i 1773, så alt tyder på at det her er to familier med like navn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.