Gå til innhold
Arkivverket

Catterine Bryssel på Herdla gard i 1801. Kven var ho?


Terje O. Bruket
 Del

Recommended Posts

Enka etter 1. ekteskap. Kven hadde ho vore gift med? Fekk ho ein unge, ei jente, i 1780?

006 Catterine Bryssel - 0023 Herløe Gaard - 004 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1801 for 1261P Manger prestegjeld - Digitalarkivet

Eg har ein mistanke om at Anna Dorothea Helene ikkje var dotter til Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter, men heller dotter til Catterine.

Sjå denne lenka: Anna Dorothea Helene - Ministerialbok for Manger prestegjeld 1759-1791 (1261P) - Digitalarkivet

Fadderane til Anna Dorothea Helene:

Mette Maria Falch, Adamine Margrethe Stokmann, Maren Magdalene Linde,

soknepresten Arnold Meyer og Andreas Hejberg.

Catterine (Katarina) er truleg dotter til Andreas Pettersson Brøssel (født 1748) og Kirsti Olsdotter Ålen på Flokenes.

Sjå bygdebok: Askvoll bygdebok. 3 : Folket : slektssoge for Førdefjord-området (nb.no)

Bygdeboka fortel at denne Katarina var født i 1759, og at ho er nevnt i eit skifte på Herland gard ved Bergen (Herland på Askøy?).

Korleis finne dette skiftet?

 

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ref. "Bygdeboka fortel at denne Katarina var født i 1759, og at ho er nevnt i eit skifte på Herland gard ved Bergen (Herland på Askøy?)".

Aktuelt skifte var heller på Herland i Alver, tenkjer eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er noen personer som kan være av interesse

 

1800 kommunikant i Korskirken https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000135809

1790 kommunikant i Korskirken https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000128458

1801 kommunikant i Korskirken https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000137111

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvorfor mener du at Ole og Barbro ikke er foreldrene til Anna Dorothea Helene? 

Fadrene kan ikke si noe om det. Ikke uvanlig at man kan ha "fine" fadre utenfor familien. Det har jeg opplevd i egen slekt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

45 minutter siden, Terje O. Bruket skrev:

Aktuelt skifte var heller på Herland i Alver, tenkjer eg.

 

Alver har vel aldri vært under Manger, eller tar jeg feil her  ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingar. Foreldra ved dåpen til Anna Dorothea Helene tok til seg tvillingane Alet (alias Alida) og Ole. Dei var ungane til Kari Anthun og ein Jacob Bekken, truleg Jacob Rasmusen Fauskanger, son til Rasmus Kristiansen Morken. Syster til Kari Anthun, Marta, var gift med neste forpaktar på Herdla gard, etter Ole Bertelsen, han heitte Elling Ellingsen Solberg.  Anthun og Solberg på Osterøy. Desse Anthun-jentene hadde forfedre frå Manger, Kartveit, med kontakt med prestegarden inkl. jobb. Til Anthun via Valestrand (Bullagarden). Eg trur ikkje at Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter hadde fleire born enn sonen som var født på Instebø (nær den Herlandgarden eg trur skiftet er frå). Tippar at ein av desse, Ole eller Barbro var kanskje i slekt med mor til Katarine Bryssel, som var frå Ålen. Katarina hadde eit syskenborn som heitte Anna Dorthea. Eg finn lite om Jacob, som var far til Ole og Alit, fosterborna til Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter. Men eg lurer på om han var far til Anna Dorothea Helene og, og den Katarine Bryssel var gift med. Ein fantastisk historie i det minste. Jobbar med saken. Håpar på hjelp.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.7.2022 den 10.55, Terje O. Bruket skrev:

Andreas Pettersson Brøssel (født 1748) og Kirsti Olsdotter Ålen på Flokenes.

Sjå bygdebok: Askvoll bygdebok. 3 : Folket : slektssoge for Førdefjord-området (nb.no)

 

Det står at dei var gift før 1748.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000622502

 

Her er skiftet etter Andreas Petersen Flokenes (1799), som er kjelde for det som står i bygdeboka:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 404b-405a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620408

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000622502

 

Her er skiftet etter Andreas Petersen Flokenes (1799), som er kjelde for det som står i bygdeboka:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 15 (1779-1806), Skifteprotokollside, Side 404b-405a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620408

 

Takk. Om Katarine står det berre buplass Herland ved  Bergen. Rette Herland er på Radøy, trur eg. Usikker på kommunegrensene no, men det er sikkert 2 Herland i nye Alver kommune. Kanskje noko i bygdebøker for Manger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje Herland er eit blindspor. At det var Herdla (Herløen) som var meint i skiftet. "Herløend" Meiner å ha registrert ein annan Bryssel på Herdla og, som 16 år gamal tjenar.

Endret av Terje O. Bruket
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det virkar som ei fornuftig forklaring, jf. oppføringa i FT1801 (2 år etter skiftet). Skrifta er litt utydeleg akkurat der, så det kan godt hende det skal vere "øe" og ikkje "a".

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 7/14/2022 at 6:13 PM, Terje O. Bruket said:

Takk for tilbakemeldingar. Foreldra ved dåpen til Anna Dorothea Helene tok til seg tvillingane Alet (alias Alida) og Ole. Dei var ungane til Kari Anthun og ein Jacob Bekken, truleg Jacob Rasmusen Fauskanger, son til Rasmus Kristiansen Morken. Syster til Kari Anthun, Marta, var gift med neste forpaktar på Herdla gard, etter Ole Bertelsen, han heitte Elling Ellingsen Solberg.  Anthun og Solberg på Osterøy. Desse Anthun-jentene hadde forfedre frå Manger, Kartveit, med kontakt med prestegarden inkl. jobb. Til Anthun via Valestrand (Bullagarden). Eg trur ikkje at Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter hadde fleire born enn sonen som var født på Instebø (nær den Herlandgarden eg trur skiftet er frå). Tippar at ein av desse, Ole eller Barbro var kanskje i slekt med mor til Katarine Bryssel, som var frå Ålen. Katarina hadde eit syskenborn som heitte Anna Dorthea. Eg finn lite om Jacob, som var far til Ole og Alit, fosterborna til Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter. Men eg lurer på om han var far til Anna Dorothea Helene og, og den Katarine Bryssel var gift med. Ein fantastisk historie i det minste. Jobbar med saken. Håpar på hjelp.

Jeg forstår ikke helt sammenhengen her - kanskje fordi jeg ikke er lokalkjent eller kjenner disse slektene. Mener du at Kari Anthun er identisk med Katharine Bryssel, eller at Jacob Bekken var gift med Katarine Bryssel og fikk to barn med Kari Anthun?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Per.H.Skaug skrev:

Jeg forstår ikke helt sammenhengen her - kanskje fordi jeg ikke er lokalkjent eller kjenner disse slektene. Mener du at Kari Anthun er identisk med Katharine Bryssel, eller at Jacob Bekken var gift med Katarine Bryssel og fikk to barn med Kari Anthun?

Kari Olavsdotter Anthun ( Frå Anntun i Gjerstad sokn, Osterøy) var tjenar på Herdla då Elling Ellingsson Solberg (Odelsgut på Solbjørg i Gjerstad sokn, Osterøy.) var paktar på Herdla. Elling var gift med syster til Kari, Martha Olavsdotter Anthun. Far til desse Anthun-jentene, Olav Jensson, var født på Valestrand, Osterøy ( "Bullagarden" ), som prestefolka på Manger eigde. Far hans, Jens Larsson Kartveit, frå Manger pakta Valestrand. Kari døypte tvillingane Alit og Ole i 1776. Ho oppgav gift mann Jacob Bekken som barnefar. Bekken var under Lille Fauskanger (slik eg har forstått det), og ligg sør i Skråmestø, ved Bekkenes. Eg er 99,9 % sikker på at Jacob = Jakob Rasmusson Fauskanger, født kring 1752. Far hans, Rasmus Kristiansson Morken, kom til Fauskanger frå Morken på Radøy, truleg indre Morken. Kari Anthun hadde adresse Haugland då ho døypte ungane. Heilt sikkert Haugland i Manger på Radøy. Dottera Alit vart gift med ein frå same Haugland-garden. Tippar at Kari var tjenestejente på Haugland, på den tida, ho hadde sikkert slekt der. Så det me veit er at Kari var ugift, Jacob var gift med ukjendt, og Katarine Andreasdotter Flokenes (Catterine Bryssel) var enke. Kven vart Jacob gift med? Med Katarine? Var Anna Dorothea Helene dotter til Jacob og Katarine, eller dotter til ein av dei? I 1801 er Alit, mora Kari, tanta Martha, paktar Elling og Katarine Bryssel på Herdla gard. Tvillingbror til Alit, Ole, er i Skråmestø, truleg på Oksnes, nord i Skråmestø. Tvillingane Ole og Alit pluss Anna Dorothea Helene var hos Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter då dei var små, i Skråmestø. Det eg trur er at ingen av desse ungane var Ole Bertelsen og Barbro Steffensdotter sine. Men kanskje halvsøsken, med Jacob som felles far.

Endret av Terje O. Bruket
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det virkar som ei fornuftig forklaring, jf. oppføringa i FT1801 (2 år etter skiftet). Skrifta er litt utydeleg akkurat der, så det kan godt hende det skal vere "øe" og ikkje "a".

Ho var registrert som kommunikant i 1990, med adresse Kryger, ektemann til Mette Maria Falch, eigarane av Herdla. Viss ho er mor til Anna Dorothea Helene og gift med Jakob Rasmusson Fauskanger (Alias Jacob Bekken), kan ho ha vore på Herdla frå ca. 1780, då dottera vart født. Jacob kan ha døydd før dåpen i 1780. Han var ikkje med i skiftet etter mor si i 1781. Men å finne ektefellene til Jakob og Katarine / om dei var gift med kvarandre / foreldre til  Anna Dorothea Helene ser ut til å vere svært vanskelig. Eg skal prøve å få samanlikna DNA mellom etterkomarar av Anna Dorothea Helene og Alit. Veit om fleire som ikkje har kjendte felles forfedre, andre enn evt. Jacob Bekken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 16.7.2022 den 11.44, Terje O. Bruket skrev:

Kanskje Herland er eit blindspor. At det var Herdla (Herløen) som var meint i skiftet. "Herløend" Meiner å ha registrert ein annan Bryssel på Herdla og, som 16 år gamal tjenar.

Denne 16 år gamle tjenaren var ikkje ein Bryssel, eg hugsa feil. Han heitte Ole Olsson og tente på Herdla i 1793. Han var bror til Asseline Cathrine Olsdotter som var gift med Jan Peter Andreasson Bryssel. Ole og Asseline var frå Moster. Det fine namnet Anna Dorothea hadde dotter til Katarine Bryssel, Anna Dorothea Helene, "arva" derifrå. Katarina-namnet er "arva" frå  Chatarina Christensdotter Heggelund som døydde 1734 i Røyksund, Moster. Viss teorien min er rett. Moster i Bømlo kommune no.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 14.7.2022 den 23.10, Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket skrev:

Hvorfor mener du at Ole og Barbro ikke er foreldrene til Anna Dorothea Helene? 

Fadrene kan ikke si noe om det. Ikke uvanlig at man kan ha "fine" fadre utenfor familien. Det har jeg opplevd i egen slekt. 

Passar ikkje inn i puslespelet. Reknar med at du har litt ekstra interesse av å få oppklart ting rundt i kring Manger, og håpar du kan sjekke noko, viss det er håp om å finne ut av det. Jacob Rasmusen Fauskanger (Jacob Bekken), som eg har nevnt som far til tvillingane Alit og Ole (døypt seinsommaren 1776), var nok dø før dåpen til Anna Dorothea Helene i 1780.

Han er ikkje nevnt i skiftet etter mora i 1781. Eg har rekna med at han var soldat eller til sjøs, og omkom / forsvann.

Eg finn dette: Jacob Rasmusen - Ministerialbok for Garnisonsmenigheten prestegjeld, Akershus slottsmenighet sokn 1757-1776 (0301M4) - Digitalarkivet 

Er det mogleg å finne ut om dette er Jacob Rasmusen Fauskanger (født ca. 1752)? Her vert altså ein Jacob Rasmusen gift med Karen Olsdatter. Og eg lurar sjølvsagt på kven ho er, viss Jacob-en er den eg leitar etter. Tenkjer (håpar) at denne Karen kan vere Katharine Bryssel. Det er ikkje sikkert at Katharine visste kven ho var, før i vaksen alder, og kutta ut Olsdatter, og brukte berre Katharine Bryssel då. Mora døydde då ho vart født eller maks. 2 år etter. Katharine kan ha blitt plassert hos ein nabofamilie eller hos slekt i Askvoll eller Radøy med ein Ole / Ola / Olav som husfar. Liknande som Alit og Ole, som hadde Jacob til far, men brukte Olsdatter / Olsen etter å ha vokse opp i familien Ole Bertelsen. Ikkje uvanlig slikt, men det veit du nok. Katarine / Catrine / Karen kan det vel hende var litt hips om haps, kva som eigentleg blei  brukt. Litt om meg opp mot dette: Mor til Katharine var frå Ålen, eg har oldemor derifrå. Eg har og oldemor frå Herdla (Skansen i Herdlesundet), ho ætta frå Alit som hadde Kari Anthun som mor. Oldemor på Skansen vart gift med ein Anthun. Ikkje tilfeldig, spør du meg.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gløymte å nevne at Karen er den vanlige danske varianten av Katharine, så at prestane skreiv Karen når nokon kalla seg / heitte Katharine var svært vanlig på den tida.

Noko anna enn varianten Karen finn ein knapt på den tida, bortsett frå i Bergen og distriktet rundt Bergen. Dei vart gifte i Oslo, Jacob Rasmusen og Karen Olsdotter.

Så at Katharine Bryssel = Karen Olsdotter er ikkje usannsynleg, i dette tilfellet, heller tvert om. Fosterfar Ole, Ola, Olaf.. kan forklare patronymet. Ho kutta ut Olsdotter når ho fekk greie på at ho ikkje var ei Olsdotter. Så blei det berre Katharine Bryssel.

Anna Dorothea Helene døypte ei dotter for Brithe, mor til Jacob heitte det. Og ho døypte ei for Kari, etter mor si Katharine alias Karen.

Endret av Terje O. Bruket
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Bertelsen og kona Barbro er omtalt i bygdeboken til Radøy bind 5 side 263 på Instebø bnr 7-8 som de eide men solgte i 1770. Senere flyttet de til Strømsnes på Askøy der de paktet et gårdsbruk frem til 1780 og de ble paktere på Herdla gård. Herdla gård eide på den tiden over halvparten av jorden på Manger/Herdla delen av Askøy og dette ble skilt ut fra 1841 som egne gårder og gårdsbruk. I følge bygdeboken dør Ole på Skråmestø i 1798 og Skråmestø tilhørte Herdla gård da og sannsynligvis var det der Ole paktet bruket på Herdla. Det står også i bygdeboken at Ole hadde 9 barn men søker du på dåpen til de i Manger og Askøy finner du bare Anne Dorothea i 1780. Ole var kommunikant https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000036020 på Askøy i 1776. Det er mulig at familien stod utenfor kirken og at det er derfor man finner lite informasjon om dem videre. Sønnen Ole f. 1774 finner man igjen i FT 1801 og 1825 og han er bosatt i Skråmestø. Datteren Alet f. 1777 var under FT 1801 tjenestepike hos Kryger på Herdla og giftet seg samme år og bosatte seg på Oksnes og flyttet senere til Blom og til Hernar. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følge avskrift av kirkeboka for Askøy 1742-1927 så døpte Ole og Barbro sønnen Ole 18.09.1774 og datteren Aleth 24.06.1777, begge på Strømsnes.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Meiner Barbro døypte seg etterkvart, sikkert på Herdla. Min historie fortel at dei to ungane til Ole og Barbro, Ole og Alit er tvillingar og døypte i 1776, biologiske foreldre Jacob og Kari.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.