Nancy Louise Coleman Skrevet Juli 25, 2022 Del Skrevet Juli 25, 2022 Er det nokon som veit om følgjande gardar i Sand, Suldal, Rogaland har bumerke? Østabø, gardsnummer 3 i gamle Sand kommune, nr. 72 i Suldal kommune Tysseland, gardsnummer 4 i gamle Sand kommune, nr. 73 i Suldal Fattland, gardsnummer 14 i gamle Sand kommune, nr. 83 i Suldal Brommeland, gardsnummer 28 i gamle Sand kommune, nr. 97 i Suldal Takk for hjelpa! Nancy Coleman Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arkivverket - Anita Riise Skrevet Juli 26, 2022 Del Skrevet Juli 26, 2022 Vi ber alle brukarar om å ha både for- og etternamn med i visningsnamnet sitt. Bruksanvisning for korleis endre visningsnamn: https://www.digitalarkivet.no/content/1144/endre-visningsnavn Det er svært varierande kva som fins av opptegnelsar av gamle bumerke. Nokre bygdebøker kan innehalde lister over desse, men i andre høve må ein leite i eldre arkiv om der tilfeldigvis skulle kunne dukke opp noko der f.eks. i eldre kyrkjebøker eller i ekstrarettsprotokollar. I dette innlegget frå tidlegare debattforum i Digitalarkivet får du mange tips om korleis du kan finne bumerke ved å leite i arkiva til Riksarkivet: https://forum.arkivverket.no/topic/136688-51255-bumerkesegl/?do=findComment&comment=1127582 (Lensrekneskapa kan du no finne i Digitalarkivet: https://media.digitalarkivet.no/db/browse?municipalities%5B%5D=1134&start_year=&end_year=&tags%5B%5D=75&text= ). Eg flytter emnet til Brukarforum i tilfelle der er lokale krefter som kan hjelpe til. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Juli 27, 2022 Del Skrevet Juli 27, 2022 På 25.7.2022 den 22.23, Nancy Louise Coleman skrev: Er det nokon som veit om følgjande gardar i Sand, Suldal, Rogaland har bumerke? Det var vel helst personar som hadde bumerke, ikkje gardar. Neste brukar kunne ta eit som likna forgjengaren sitt. https://www.nb.no/items/7210776d7c19827bfdcbfcbf058d9e4a?page=703 I somme tilfelle ser det ut til at nokon har kjøpt seg ein signet på auksjon, og brukt (evt. med mindre endringar) dette som bumerket sitt. Altså heilt utan samanheng mellom gammal og ny signet-eigar. Dersom ingen har gjort det før, må du finne dokument der personane "dine" har signert med bumerke. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå