Gå til innhold
Arkivverket

Barna til Cecilie Carlsdatter Steinsvåg og Lars Rasmussen Hovland, - kor blei dei av?


Reidar O. Meling
 Del

Recommended Posts

I 1856 får Cecilie Carlsdatter eit barn i Haugesund, barnet får namnet Lauritz Johan, og Lars Johannesen står oppført som far til barnet. Cicilie er søster til mi oldemor, ho vart fødd på Steinsvåg i Finnås prestegjeld i 1833. Namnet hennar vert skrive på mange ulike måtar, Sissela, Sisilie, Sesilie, Cecilie, Cicilie. (Eg brukar Cecilie her.) Iallfall vert jenta etter kvart gift i Haugesund, men då med Lars Rasmussen som er frå garden Lodden (like ved garden Hovland) i Finnås prestegjeld og er halvsøskenbarn til Cecilie. Dei får sonen Ananias i 1861 og dottera Karen Serine i 1864.

Ved folketellinga i 1865 for Haugesund finn me Lars Rasmussen og kone Cecilie Carlsdtr. og barna Lauritz Johan, Ananias og Karen Serine. I 1867 får Cecilie og Lars eit barn som vert døypt Laura Sesilie 26.mai. Cecilie står då oppført som mor, men ho var død 6.mai same året (1867). Då står mannen Lars Rasmussen Hovland oppført som pårørande.

Ved den kommunale folketellinga i 1870 er Lars gift påny med Gurine Andersdatter, og har fått eit barn med henne, Anne Gurine. Familien står dermed oppført med 4 barn, Anne Gurine, Lauritz Johan, Ananias og Karen Serine. Laura Sesilie frå året 1867 er borte.

Det går elles "over stokk og stein" med oppføringene i kyrkjebøkene på denne tida. Lars Rasmussen Hovland står oppført med mange ulike fødselsår, medrekna det rette, 1829. Men 6.mai 1868 står oppført at Lars Rasmussen Hovland er død, 33 år gammal, pårørande er Sisilie Karlsdatter Steinsvåg, Finnås. Men Cecilie var jo død på same datoen i 1867, og denne Lars Rasmussen lever vitterleg vidare etter 1868! Vanskeleg å forstå dette. Er det noko eg har oversett her??

I 1872 får Lars og Gurine eit barn som får namnet Laura Cecilie, må jo vera oppkalt etter jenta frå 1867 med same namn. I slutten av 1873 får dei ein gut Rasmus Berthin, som dør i 1874. I 1875 får dei ei jente som får namnet Karoline Regine Berthine, - namnet er vel delvis ei oppkalling av broren som døydde året før.

Ved folketellinga i 1875 står familien med 4 barn, Ananias, Anne Gurine, Laura og Karoline. Lauritz Johan er vel så gammal at han er ute i teneste. Men kor er Karen Serine?

Me veit at Laurits hamna i Stavanger, han fekk fleire barn, m.a. han dei kalla byoriginalen i Stavanger, Lars Hovland Lende. Men kva skjedde med Ananias og dei 3 jentene Anne Gurine, Laura og Karoline etter 1875? Lars Rasmussen får etter 1875 fleire barn med Gurine, Anna Serine i 1878, Rasmus Bertin i 1883 og Ludvig i 1887. Ved kommunal folketeljing i 1885 står Lars og Gurine med barna Anne Gurine, Hanna Serina og Rasmus Bertin. Lenger nede står det ei Laura Pedersen, fødd i 1872 og "Forsørges av Fattigvæsenet", - er dette Laura Sesilie som Lars og Gurine fekk i 1872? Ved folketeljinga i 1891 er Ludvig kommen til. Og så står det oppført ei "datter" Karen Jacabsen, fødd 1876, - er dette Karen Serine?

 

Men kor blei det av Ananias etter 1875 og dei andre barna etter 1891? Kan dei ha emigrert til USA? Og når døydde Lars Rasmussen Hovland?

 

 

Reidar O. Meling, Bømlo

Endret av romeling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

46 minutes ago, romeling said:

Men 6.mai 1868 står oppført at Lars Rasmussen Hovland er død, 33 år gammal, pårørande er Sisilie Karlsdatter Steinsvåg, Finnås. Men Cecilie var jo død på same datoen i 1867, og denne Lars Rasmussen lever vitterleg vidare etter 1868!

Det er Lars Rasmussen Hovlands kone, Sisilie Karlsdatter, som er død 30.4.1868 begravet 6.5.1868

 

Torvastad sokneprestkontor, SAST/A -101857/H/Ha/Hab/L0007: Klokkerbok nr. B 7, 1866-1873, s. 233
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070618610693

I ministerialboken er det påført at det var i 1867, men begravelsen er skrevet under året 1868

Torvastad sokneprestkontor, SAST/A -101857/H/Ha/Haa/L0013: Ministerialbok nr. A 12.2, 1867-1877
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050922030678
 

Endret av Matthias Kolberg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, romeling skrev:

Og så står det oppført ei "datter" Karen Jacabsen, fødd 1876, - er dette Karen Serine?


Nei, dette er nok en datter av beboer nr 2, Jacab Gundersen. Ser ut til at transkribering av en avvikende nummereringen på sedlene har gjort at denne, nr 5, skrevet som «5 ( 5 )», havnet nederst på huslisten sammen med familien Hovland. I de originalene sedlene står hun på riktig sted, sammen med den første familien i huset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, romeling skrev:

Og når døydde Lars Rasmussen Hovland?

Han døde 25.2.1903

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002259727

 

Dødsfallsprotokollen oppgir enken Gurine, og to sønner, Rasmus og Ludvig som etterlatte

https://media.digitalarkivet.no/view/52559/13

Brukslenke for sidevisning https://www.digitalarkivet.no/sk10511203091013

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til Matthias

 

Ja, eg tenkte nok at det var noko eg hadde oversett, takk for oppklaringa, Matthias!

 

Men framleis står att å finna ut kor det blei av Ananias og søstera hans Karen Serine. Det kunne sjølsagt og vore interessant å få greie på korleis det gjekk med Rasmus Berthin og Ludvik.

 

Reidar O.

Endret av romeling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, romeling skrev:

Det kunne sjølsagt og vore interessant å få greie på korleis det gjekk med Rasmus Berthin og Ludvik.

 

Rasmus Berthin giftet seg i 1905 (nr 27):

https://media.digitalarkivet.no/view/1768/101

 

Han fikk sønnen Lars Gustav i 1906 (nr 68):

https://media.digitalarkivet.no/view/3048/202

 

Rasmus døde samme år som sønnen ble født (nr 47):

https://media.digitalarkivet.no/view/1768/171

 

 

 

Ludvig dør ugift i 1910 (nr 12):

https://media.digitalarkivet.no/view/1768/192

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.