Liv Karin Flolid Lien Skrevet August 8, 2022 Del Skrevet August 8, 2022 Hei! Eg spør igjen: kva gjeld dette? Ytre Sogn tingrett, SAB/A-2601/1/F/Fa/L0044: Tingbok (justisprotokoll), 1799-1802, s. 166b-167a Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090331690881 Takkar for svar. Mvh Liv L. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 9, 2022 Del Skrevet August 9, 2022 Det er lista over tinglyste dokument ved sommartinget i Utvær skipreide 7 juli 1801. Oppslaget viser nr. 76 til nr. 115 - og dei har stort sett ikkje noko med kvarandre å gjere. Tinget og lista byrjar to sider lenger fram Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet August 9, 2022 Forfatter Del Skrevet August 9, 2022 Takkar. Neders på sida står: til Hans Flolie af Hans Brandanger årstal 1784, gjeld det lån eller ..? Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet August 9, 2022 Del Skrevet August 9, 2022 (endret) Det er skrive inn ei retting/tillegg som gjer slutten av første linja vanskeleg å lese, men om lag "Do [Afkald] til Hans Flolie af Hans Brandanger for sin ....ders (Faders?) arv 3 mk 5 9/11 s falden 7de Janv: 1784, datr 15de May d.a. [1801]" Så er det sett inn eit "+" før "Arv" og skrive inn "+ Anne Michels(?)datter" ovanfor. Dette ser ut som ei anna handskrift. Sannsynlegvis er histoira bak at Hans Floli har vore formyndar for Hans Brandanger, som fekk arv ved skifte 7.jan. 1784. Sistnemnde har vorte myndig og fått overlevert arven på eige ansvar. Tinglysinga avsluttar formyndarskapen og fritek Hans Floli frå vidare ansvar for arven. Hovudpoenget er at Hans Floli er friteken for ansvaret, så ei alternativ forklaring kan vere at nokon annan ha teke over formyndarskapen. Det vil rimelegvis vere tinglyst som eiga sak. Du kan sjå om du finn eit skifte frå januar 1784, som evt. kan stadfeste dette. Endret August 9, 2022 av Ivar S. Ertesvåg Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå