Gå til innhold
Arkivverket

Rettsdokument Låne vs Balestrand


Gaute Ljotebø
 Del

Recommended Posts

Hei

Eg jobbar med historieskriving der eg ønsker å hente informasjon om nokre stølar i Langedalen, ein fjelldal mellom Høyanger og Balestand i Sogn, som er omtalt i samband med rettsaker, truleg grensetvist for eigendommar. Gardane som er innvolvert Låne (Lønne) i Lånefjorden og truleg fleire gardar i Balestrand. Det skal vere ei rettsak avslutta i 1930 og ei høgstrettsak avslutta i 1937 (Mulig at eg har feil på årstalla, men det er snakk om rundt desse årstala.) Er desse rettsdokumenta digitalisert i arkivverket? Kvar og korleis kan eg søke dei opp? Låne tilhøyrde i den tid Vik herad i Sogn og Fjordane, i dag ligg den i Høyanger kommune. Balestrand var i den tid eigen kommune, men ligg i dag i Sogndal kommune Eg er blitt fortalt at dokumenta er å finne på statsarkivet i Bergen.

 

Helsing

Gaute Ljotebø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sakspapira er neppe digitalisert. Men dei skulle vere tilgjengelege via lesesalen til Statsarkivet i Bergen.

Om dommen seinare er blitt tinglest kan den finnast igjen i Digitalarkivet som tinglese dokument. Då må du sjå etter på grunnboksbladet til eitt av dei involverte bruka. Veiledning her:

https://www.arkivverket.no/opplysninger-om-eiendom/kom-i-gang-finn-tinglyste-dokumenter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.