Gå til innhold
Arkivverket

[LØYST]: SF: Oline Andrea Nilsdtr. Kapstad f. 1874 i Gaular. Til Amerika i 1901. Kvar vart ho av?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Eg har komme over ei utfordring på Geni. Oline Andrea vart fødd 30/4 1874 på Kapstad i det som fram til nyleg var Gaular kommune i Sunnfjord. Foreldra var Nils Johannesson Kapstad (1838-1917) og Anne Ananiasdtr. Njøsen (1842-1891). Familien er omtalt under Kapstad, br. nr. 2 i Bygdebok for Gaular, bd. 6B, side 664, men her er ei oppdatert oversikt over dei 8 borna:

 

Johannes f. 21/9 1866. Gift med Anne Helene Pedersdtr. Bringeland. Tok over garden på Kapstad.

Nilske Lovise f. 30/5 1869. Gift i Bergen med Ludvig Olsson Bringeland frå Gaular.

Anne Lovise f. 27/8 1871. Gift i Bergen med Jens Adolf Andreasson Aarø frå Årøyane i Gaular.

Oline Andrea f. 30/4 1874. Til Amerika i 1901.

Anne Marie f. 5/9 1876. Gift med Gabriel Johan Jacobsen (Søgnen) frå Sygna i Gaular.

Bertel Andreas f. 3/1 1880. Til Stord, seinare Ålesund. Gift med Gunda Serine Gundersen.

Anna Kristine f. 31/5 1882. Til Amerika i 1911, døydde ugift i Ålesund i 1967.

Ludvig Ananias f. 20/7 1884. Sjømann. Skal ikkje ha komme tilbake.

 

Historia er som følgjer: Bertel Andreas skal ha skrive ei slektsbok der det kjem fram at Oline Andrea vart g. med ein Henrik Kvamme(?), visstnok fødd 1856 (uklart om fødselsåret står i slektsboka). Henrik skal ha betalt for reisa. Dei skal ha fått ein son, men ein veit ikkje kva han heitte. Familien skal ha budd i Sør-Dakota. Etter at mannen døydde skal Oline ha vilja reise heim att til Norge, men sonen ville ikkje vere med på dette. Ho skal ha enda sine dagar på ein heim i Aberdeen, South Dakota 4/4 1965. Siste adresse skal ha vore Ward 6, Brown, Aberdeen, South Dakota.

Kjelde: https://www.geni.com/discussions/252169 og https://www.geni.com/people/Oline-Andrea-Kapstad/600000003137015853 (Oversikta over syskena i teksten på sjølve profilen inneheld nokre feil, og det er det eg har skrive ovanfor som stemmer med kyrkjebøkene).

 

Ein finn Oline Andrea hos foreldra på Kapstad i 1875 og 1891. I 1900 var ho tenestejente i Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/pf01037335055065

Ho reiste frå Bergen 22/8 1901:

https://www.digitalarkivet.no/pe00000000700236

Ein finn ho att i passasjerlistene via Canada og til grenseovergangen St. Albans i Vermont:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9D9-C41G

Her går det fram at ein H. Kvamne(?) hadde betalt for turen. Oline var ugift, og reisemålet var Whitehall, Wisconsin. Kven ho skulle til greier ikkje eg å tyde.

 

Spørsmålet blir då om ein kan finne ho att etter dette.

 

Bygdeboka nemner i bd. 6B, side 562 ein Henrik Kristianson Kvamme f. 1856, men det står ikkje kvar han vart av. Bd. 6A, side 450 nemner også ein Henrik Samson Madsson (Kvamme) Haugsbø fødd 1872 som utvandra med familien i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000684811

Sistnemnde ville ha passa betre aldersmessig. Foreldra ligg gravlagde i Pigeon Falls, Wisconsin:

https://www.findagrave.com/memorial/142154553/mads-kvamme

Det er elles svært mange stader som heiter Kvam/Kvam(m)e/Kvam(m)en.

 

Systera, Anna Kristine f. 1882 var i Bergen i 1910, ho budde då hos systera, Anne Marie Jacobsen f. 1876.

https://www.digitalarkivet.no/pf01036708094083

11/5 1911 reiste ho til Amerika.

https://www.digitalarkivet.no/pe00000000728384

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9Y7B-KYZ

Ho skulle då til "Friend" John Aesse(?) i Seattle, WA. Ho var heime på besøk i 1927:

https://www.digitalarkivet.no/pe00000000759788

Det er ein systematisk feil i databasen, og patronymet Paulsen høyrer eigentleg til neste post i databasen.

Immigrasjonen: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-95QT-39X6

Ho var då ugift "Housekeeper", og budde i Pasadena, CA. Blar ein eitt bilete fram finn ein at systera, Marie Jacobsen, Odd Gjellesgt. 21, Bergen er oppgitt som nærmaste slektning.

Anna Kristine døydde som nemnt i Ålesund, og ligg gravlagd der. Er det mogeleg å finne ho i andre amerikanske kjelder, og kan desse oppføringane i så fall kaste lys over Oline Andrea sin skjebne?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henrik Kristianson f. på Kvamme i Gaular i 1856 må vel vere identisk med denne som enda sine dagar i Bø i Nordland i 1894?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004633357

Noko Sande prestegjeld i Sunnfjord finst ikkje, derimot er (var) Sande kommunesenter i Gaular kommune, tidlegare Indre Holmedal prestegjeld.

Dermed kan iallefall han utelukkast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kven ho skulle til greier ikkje eg å tyde.

 

Int. husb. (intended husband?) H. Wolme at Whitehall Wisc.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DQ-RTTF?i=6216&cc=2185163

 

Her står det at "H. Kvamne" har betalt reisen, men at hun skal til "intended husband Henry Wolme":

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9D9-C41G?i=275

Endret av Carl Nilsen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En forvirrende historie egentlig?

 

Her er en Henry Kvamme og kone Oline. Sønnen heter Alfred Bernhard?

 

Alfred Bernhard Kvamme

in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Alfred Bernhard Kvamme

Record Type:Confirmation

Confirmation Date:3 Dec 1916

Father:Henry Kvamme

Mother:Oline Kvamme

Church Name:Northfield

Church Location:Northfield, Wisconsin

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/2105905:60722

 

 

Endret av Anton Hagelee
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alfred B. Kvamme

in the U.S., Find a Grave Index, 1600s-Current

Name:Alfred B. Kvamme

Birth Date:9 Aug 1903

Birth Place:Wisconsin, United States of America

Death Date:7 Aug 1919

Death Place:Trempealeau County, Wisconsin, United States of America

Cemetery:Pigeon Falls Evangelical Lutheran Cemetery

Burial or Cremation Place:Pigeon Falls, Trempealeau County, Wisconsin, United States of America

Has Bio?:N

 

https://www.findagrave.com/memorial/142734361/alfred-b.-kvamme?_gl=1*15caeqq*_ga*MTI4NzAwNTg2My4xNjU1MzI1OTE4*_ga_4QT8FMEX30*MTY2MDU4Njc4Ny4xNjQuMS4xNjYwNTg4MTc5LjA.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vanskelig å avgjøre hvem som er i 1910 FT. To sider? Ida er mor til Henry. Kanskje forvirret mellom kone Oline født 1873 og sønn Alfred født 1903.

 

Henry Kvaneme

Census • United States Census, 1910

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MPVX-HBH

 

Henry er ugift og bor hos foreldrene i 1900FT. Foredrene er Mads og Ida. 

 

Henry Kvamme

Census • United States Census, 1900

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMV3-F99

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henrik Madsen Kapstod

in the 1891 Norway Census

Name:Henrik Madsen Kapstod

Gender:Mann (Male)

Marital Status:Ugift (Single)

Relation to Head:Søn (Son)

Birth Date:1873

Residence Place:Indre Holm, Indre Holmedal, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)

Counting District Number:8

Houselist Number:27

Person Number:3

Household MembersAgeRelationship

Mads Hansen Kapstad50Familiens overhode (Head)

Ida Andersdtr Kapstad49Hustru (Wife)

Henrik Madsen Kapstod18Søn (Son)

Oline Madsdr Kapstad14Datter (Daughter)

Lovise Madsdr Kapstod11Datter (Daughter)

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/1477851:60603?ssrc=pt&tid=156317307&pid=392358921376

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01053014003006

 

 

Endret av Anton Hagelee
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for interessante innlegg. Dette stadfestar at Oline Andrea verkeleg vart g. med Henrik Madsson Kvamme/Haugsbø fødd 1872. Eg ser dessutan at dei må ha budd på Kapstad i 1891. Faren, Mads Hansson er oppført som jekteskipper og strandsitjar i den skanna utgåva.

 

Men kvar vart det av Henrik etter dette, og kvar i all verda vart det av Oline Andrea?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutes ago, Torbjørn Igelkjøn said:

 

Kvar vart det av Henrik etter dette, og kvar i all verda vart det av Oline Andrea?

 

Henry bodde sammen med sin svoger i Racine, Wisconsin i 1930 FT.

Han døde sannsynligvis i Ricine, Wiscosin i 1940.

 

Henry Kvamme

in the Wisconsin, U.S., Death Records, 1959-2004

Name:Henry Kvamme

Death Date:17 Nov 1940

Death County:Racine, Wisconsin, USA

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/3699663:61483?ssrc=pt&tid=156317307&pid=392358921376

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oline, nå er det vanskelig.

 

Henry bodde sammen med foreldrene og sønnen Alfred i 1905 Wisconsin, U.S., State Censuses, 1855-1905. Ingen spor etter Oline. Kan hun være død da?

 

Henry Kvanen

in the Wisconsin, U.S., State Censuses, 1855-1905

Name:Henry Kvanen

Gender:Male

Race:White

Age:33

Birth Year:abt 1872

Birth Place:Norway

Residence Date:1 Jun 1905

Residence Place:Northfield, Jackson, Wisconsin, USA

Relationship:Head

Father:Matha Kvanen

Mother:Ida Kvanen

Line:27

Page number:347

Neighbors:View others on page

Household MembersAgeRelationship

Henry Kvanen33Head

Matha Kvanen63Father

Ida Kvanen63Mother

Alfred Kvanen2Son

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/1866721:1055?_phsrc=tac6&_phstart=successSource&gsfn=henry&ml_rpos=5&queryId=8233dcb8c2116e2aa23a6091b1b1f89e

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM3H-YKW

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henry Kvamme

in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Henry Kvamme

Record Type:Burial

Birth Place:Norway

Death Date:17 Nov 1940

Burial Date:20 Nov 1940

Burial Place:Norway

Church Name:Resurrection Lutheran

Church Location:Racine, Wisconsin

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/683478:60722

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å oppsummere litt: Henrik står som gift i 1905, 1910, 1920 og singel i 1930.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZ6-HDD

 

Nekrologen nemner at han etterlet seg ei kone. Kona er aldri til stades i folketeljingane.

 

Eg meiner at eg fann ein kandidat på ein institusjon då eg søkte i går... og som Anne alt har funne.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er imponert over kor godt de greier å finne fram i ulike databasar og kjelder.

 

Då er det altså sonen til Henrik og Oline, Alfred som er nemnd på profilen til bestemora på findagrave:

https://www.findagrave.com/memorial/142154535/ida-s-kvamme

 

Dette viser at ein må ta opplysningar frå slektshistorier med ei klype salt. Dei kan gje gode hint, men kan også vere villeiande. Vanskar med å tolke norske namn gjer det heller ikkje lett å finne fram i databasane til f.eks. familysearch.

 

Oline døydde altså ein eller annan stad i Wisconsin i 1959. Då står det vel stort sett berre att å finne ut dødsdato og kvar ho ligg gravlagd. Det er vel kanskje nærliggjande å tru at det kan vere på gravplassen nemnt i artikkelen om institusjonen (ovanfor).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Då står det vel stort sett berre att å finne ut dødsdato og kvar ho ligg gravlagd. Det er vel kanskje nærliggjande å tru at det kan vere på gravplassen nemnt i artikkelen om sjukehuset (ovanfor).

 

 

Har ikke newspapers-abonnement, men klarer å tyde fra preview at hun døde mandag den 2. november på Sauk County Hospital.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sauk County Hospital and Home Cemetery

Reedsburg, Sauk County , Wisconsin, USA

 

Sitat

Final resting place for unclaimed residents of the Sauk County asylum and poor farm. There are no individual markers, and the grave numbers in the records do not appear to be uniform or consistent.

Most of the information here comes from a transcription done from the record books by Bette Hall and Marie R. Oesting in 1975. They note, "Birth dates are approximate based on the age at admission. Nationality statements may be the place of birth, but should be regarded with skepticism. The oldest graves were haphazardly recorded, as a result there may well be other graves in this cemetery, especially before 1946. Burials ceased in 1973."

 

https://www.findagrave.com/cemetery/2457338

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Torbjørn Igelkjøn changed the title to [LØYST]: SF: Oline Andrea Nilsdtr. Kapstad f. 1874 i Gaular. Til Amerika i 1901. Kvar vart ho av?

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.