Gå til innhold
Arkivverket

Ukjent øy - Hognesøy i tidlegare Sandøy kommune


Nils Harnes
 Del

Recommended Posts

Hei!

I bygdeboka for Aukra, Midsund og Sandøy, er øya Hognesøy ført opp med ein leiglending i 1630 (nest nederst på side 195): https://www.nb.no/items/ac94723eb3da6ba5eb5ecbff85096891?page=199&fbclid=IwAR0RIiEmHKL5Pv2qu-brbW7J9dGttnGwxlf5LMHKkh7ofE-0C1sOB-Hs0OY&searchText=aukra bygdeboka

Dette må i tilfelle vere ei øy som har hatt eit anna namn i 1630 enn i dag, sidan det ikkje finst ei øy med det namnet i dag. Ut frå rekkefølga på øyane i boka, ser det ut til å vere ei øy mellom Harøya og Sandøya, der det ligg fleire øyer (Finnøy, Sæterøy og Gåsøy - kjent for å ha vorte busett i siste halvdel av 1800-talet i morderne tid). Det står ikkje klart kva kjelden er, må vel vere lensrekneskap etc.

Eg har sett her: https://media.digitalarkivet.no/view/76998/227 og her:https://media.digitalarkivet.no/view/76999/85 under Sundtz otting, utan å finne Hognesøy. Er det andre som ser Hognesøy eller veit om andre kjelder det kan stå i? Verkar litt rart at det berre skal ha dukka opp i bygdeboka frå ingenting.

 

Mvh

Nils

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Nils Harnes skrev:

Men kan det vere Hognessønn som er meint, og ikkje -øy?

tja..., på same måte som "Husøenn" (4 linjer opp) skulle vere Hussønn", tenkjer du?

 

Det er få patronym her, men dei som er, ser ut til å vere konsekvent "-senn".

 

Det er ikkje så uvanleg at gardar har/hadde to namn - og så forsvinn det eine.

Her kan det vere ein tidleg/første brukar (etter gjenryddinga); og så er først personen gløymd, og dinest namnet.

Liknande døme er Dankesvik (forsvann før 1650; av Dankert, for Haugen i Hareid) og Lassegard (kjendt, men lite brukt

for Kyrkjebø, no sør på Sula, før 1959 i Hareid). I Herøy er det fleire holmar/øyar som har namn som kjem og forsvinn

på 16- og 1700-talet.

 

Du kan kanskje sjå etter kva som kan ha vore busette øyar, og så sjå etter kva for kjende namn som "manglar" i

skattelistene.  Det kan også hende at listene for Landskatt ("Pengeskatt", m.fl. namn) og for tiend/leidang har ulike namn (dei brukte

sannsynlegvis kladden frå sist som førelegg for den nye lista). 

I Hareid (Ulstein skipreide) vart Landskatten kravd inn frå Per i Haugen, seinare Hans og så Knut Haugen, men ikkje frå

Dankesvik. Leidang og tiende, derimot, vart lagt av Per Dankesvik, seinare Hans Dankesvik og så Knut Dankesvik –

og Haugen er ikkje nemnd.  Frå ein gong på 1630-talet kom all skatten frå Haugen og namnet Dankesvik forsvann heilt.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar! Det var ein Hogne på Harnes fram til siste del av 1620-talet (truleg han som er omtala her på side 365 eller son med same namn): https://www.nb.no/items/5def1a4f78110028019dd359735151d3?page=366&searchText=Harnis

Og ein Olluf, både på 1620-, 1630- og 1640-talet. Og som eg meiner har sett stått som Hognesen, men då må eg leite litt. Men eg ser ingen spor etter busetnad på "ukjent" øy til dømes i skattemartikkelen 1647 og Jordebok for Romsdal 1661. Men kan sjølvsagt ha vore ein kort periode, eller at den aktuelle øya var definert som ein del av garden og difor ikkje spesifisert ytterlegare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hogne og Hagen (Hokon) kan vere blanda saman (men det er to ulike namn).

Hogne er ikkje heilt ukjend på Nøre Sunnmøre:

Det er ein "Hogne Slotzwigenn" i Pengeskatten 1603 for Sunnmøre, Borgund skipreide

I lensrekneskapen (leidang/tiende) 1607 er han kalla "Hagenn Slodtzuig" - det kan lett verte "normalisert" til Haagen/Håkon.

I 1603 var det også ein husmann "Hogene paa Leide" i Valle skipreide.

 

I MT1701 er ei ein "Hoegne Oxenøen" i Vatne skipreide.  Men eg finn ikkje nokon i matrikkelen frå 1626.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.