Gå til innhold
Arkivverket

SF Gaular - Ola Kristenson Nes / Oline Ingebrigtsdotter - har vi eit syskenbarnekteskap her? Og gjerne: Hjelp til å kome vidare bak Ola.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I folketellinga 1801 for denne garden finn vi ei  er det ei 7 år gammal Oline i familien til Ingebrigt Olsson / Cecillia Olsdtr, og ein 8 år gammal Ola i familien til Kristen Jonson /Dorte Jonsdatter. Eg har ikkje sett originalen, så eg har ingen garanti mot skrivefeil.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01058402001547

 

I åra 1825-1836 finn eg fem born av paret Ola Kristenson/Oline Ingebrigtsdtr Nes - utan at eg ikkje funne noka vigsle, men det er svært freistande å tru at det er dei to frå ft 1801 som har funne saman. Dei to fyrste namna eg finn er svært uventa.

 

Gjetlaug 1825 - Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1821-1840, s. 31
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270378

 

Dankert 1829 - Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1821-1840, s. 62
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270410

 

Jann?? 1832 - Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1821-1840, s. 92
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270440

 

Cecilia 1834 - Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1821-1840, s. 125
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270475

 

Gjert 1837 - Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 3, 1821-1840, s. 161
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270511

 

Det er eit godt skifte etter Oline sin far Ingebrigt Olsson Nes i 1819, og der er enkja, altså Oline si mor, kalla Cecilia Jonsdtr

 

Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Hac/L0016b: Skifteprotokoll, folio 292-573, 1814-1821, s. 459b-460a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127630463

 

Som formyndar for Oline er sett hennar morbroder Kristen Jonsson Nes. 

 

Det vil seie at om det ikkje er fleire med same namn, må Ola og Oline frå 1801 vere syskenborn. Men med såpass vanlege namn i eit område eg kjenner dårleg, må eg ha eit par fleire knaggar å henge på før eg set to strek under svaret.

 

Det som kompliserer ein del, er at det finst ein annan Ola Kristenson Nes - som gifter seg i 1826 - og som til overmål får sonen Dankert i 1829, med kone Lucretia Johannesdtr. 

Her er oppgjeven far Kristen Jonson og fødselsår ca 1801, dvs at han truleg er fødd etter 1801-tellinga. Grunnen til at vi veit at vi har valt rett Dankert, er opplysninga i folketellinga 1865 om at "vår" Dankert er "konens sønn". 

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038265003280

 

Har vi då to brør Ola Kristenson, eller?

 

Er det nokon som har noko å bidra med, blir eg glad. Det som er formålet mitt, er å kome vidare bak rett Ola, han som er far til dei fem dåpsborna, i samband med kontroll-linje for ein gentest.

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

I folketellinga 1801 for denne garden finn vi ei  er det ei 7 år gammal Oline i familien til Ingebrigt Olsson / Cecillia Olsdtr, og ein 8 år gammal Ola i familien til Kristen Jonson /Dorte Jonsdatter. Eg har ikkje sett originalen, så eg har ingen garanti mot skrivefeil.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01058402001547

 

 

her er iallfall originalen skanna -

RA, Folketelling 1801 for 1430P Indre Holmedal prestegjeld, 1801, s. 392b-393a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20090806330407

 

Eg ser ingen opplagde feil (bortsett frå at "Oline" skal vere "Olina")

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Det er eit godt skifte etter Oline sin far Ingebrigt Olsson Nes i 1819, og der er enkja, altså Oline si mor, kalla Cecilia Jonsdtr

 

Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Hac/L0016b: Skifteprotokoll, folio 292-573, 1814-1821, s. 459b-460a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127630463

 

Som formyndar for Oline er sett hennar morbroder Kristen Jonsson Nes. 

 

Ikkje heilt enkel denne. På konfirmasjonen til Anna Ingebrigtsdtr. (nr. 44) (som skal vere syster til Oline) står det Cecilia Olsdtr.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 3 (1821-1840), Konfirmerte 1825, Side 258
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270565

 

Er det nokon som greier å tyde kva som står framfor Cecilia?
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Er det nokon som greier å tyde kva som står framfor Cecilia?

 

 

Fad: d: [faderen død?]

 

Mvh

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

58 minutter siden, Even Stormoen skrev:

 

 

Fad: d: [faderen død?]

 

Mvh

Godt framlegg. Som eg viser til i fyrste innlegg, var det skifte etter han i 1819.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1832 blir det skifta etter Cecilia Johnsdatter - Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Had/L0018: Skifteprotokoll, 1828-1836, s. 272b-273a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127640275

 

Då bør vi kunne slå fast at det er det ho heiter, og at ho har ein bror Kristen Jonson Nes veit vi frå skiftet etter Ingebrigt, der han var verje for arvingen Oline. 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Borte i spalten lengst til høgre skjer det ei stadfesting av heimedåpen til Ole Kristenson Nes i 1801 - men dessverre står ikkje namnet på foreldra; eg får sjå om eg finn ein konfirmasjon her og. Redigert: Eg kan ikkje sjå at presten har ført inn konfirmantar på den aktuelle tida 😞

 

Gaular sokneprestembete, SAB/A-80001/H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1785-1821, s. 75
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270225
 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Giftermålet i 1821 har få detaljar om ekteparet Ola og Olina (sjå heilt til høgre): https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270317

 

Eldste dottera Severine vart fødd same år: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270320

 

Bygdeboka nemner i alle fall to brør Ola Kristensson (s. 602): https://www.nb.no/items/a0e81fabef843064ecf88f03d9214a5f?page=605&searchText=gaular

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Inge Nygård skrev:

Giftermålet i 1821 har få detaljar om ekteparet Ola og Olina (sjå heilt til høgre): https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270317

 

Eldste dottera Severine vart fødd same år: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227270320

 

Bygdeboka nemner i alle fall to brør Ola Kristensson (s. 602): https://www.nb.no/items/a0e81fabef843064ecf88f03d9214a5f?page=605&searchText=gaular

Hjerteleg takk for ekteskapet! Og no fann eg akkurat skifte etter Kristen Jonson si kone "Dordi" - så no nærmar eg meg litt. 

 

Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Hac/L0016b: Skifteprotokoll, folio 292-573, 1814-1821, s. 361b-362a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127630365

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk for hjelpa, no vil eg seie at eg er i mål og kan leite vidare bakover. Kjekt å sjå at bygdeboka er enig med meg - eg har for vane å gjere grunnarbeidet sjølv før eg konsulterer bygdeboka, for det er slett ikkje alltid det er så etterretteleg som her. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva ein gjer fyrst og sist er no ein ting, men det som står i bygdebøker bør uansett kontrollerast sidan det både er mange feil og mykje som manglar.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heilt rett - og derfor brukar eg å holde bygdebøkene utanfor til eg har vore i kjeldene og sjekka sjølv - som vi gjorde her 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.