Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Olsdatter Viddal


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

I boka «Ei Hjørundfjordætt» skriven av Simeon Ekornes og utgjeven i 1973 står det side 11 og 12 om Ingeborg Olsdatter Viddal: «f. ca. 1650, dotter av Ole Olson Viddal, f. ca. 1626 og Berethe Pedersdatter Seljereite f. ca. 1628. Gift med Halvor Viddal f. ca. 1650, nevnt i manntall 1701 på Viddal. I samme manntall var ført opp en sønn, 12 år, nemlig: Ole Halvorson Stennes av Viddal f. ca. 1689. Han drev et gårdsbruk på Stennes Indre. Ole Halvorson Stennes var gift med Siri Knudsdatter Rekkedal (fødselsdato ukjent). De hadde 7 barn»

Det stemmer at manntalet i 1701 nemner ein Halvor, 51 år med son Olle på 12 år. Sjå: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010281077

Det som gjev hovudbry er at i» Hjørundfjordboka Gard og ætt», band III skriven av Lars Strømme og Ragnar Standal, frå 1988, side 426, er den same Ingeborg Olsdatter Viddal plassert på Hole brn.2. Under Hole, side 461, er Ingeborg innskriven i ættelista for  Simagarden, Hole brn. 2 og gift først med Jens Jensson Festøy som andre kona hans, og dernest gift som enkje med Simon Knutsson (Lynge?). Ingeborg skal vere død i 1743. Sjå: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748115?page=463

I kyrkjeboka for Hjørundfjord for 1743 finn eg ikkje Ingeborg nemnd, men eg kan ha oversett innskrivinga, for skrifta er mest uleseleg. Sjå: https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620463

Men eg finn skiftet etter Jens Jonsson Festøy, og der er det ein del opplysningar som er interessante: Kona hans er skriven å vere Ingeborg Olsdatter med laugverge Ole Olsen Skaar. Sjå: https://www.digitalarkivet.no/sk20090123670614

Han er så vidt eg har forstått Ingeborg Olsdatter sin bror som kom til Skaar. Sjå: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748115?page=429

Ingeborg og Jens har ifølgje skiftet fire «til sammen aflede børn»: Sønene Ola 11 år og Jon 5 år, og døtrene Marte og Helge.

Av dette verkar det rimeleg å konkludere at Ingeborg Olsdatter f. Viddal vart gift til Hole og døde der, og at ho ikkje var gift med Halvor Viddal, som seinare vart bonde på Stennes.

Når det gjeld mannen som Ingeborg Olsdatter Viddal ifølgje «Ei Hjørundfjordætt» skulle vere gift med, nemlig Halvor Viddal, som er nemnd i manntalet frå 1701, verkar det som det ikkje kan stemme. På Jørngarden, Viddal brn. 8 var det ifølgje «Gard og ætt»  side 435 ein brukar med namnet Halvor Pederson Rørstad, f. ca. 1660 på Rørstad 1 men bygslar på Jørngarden 1688 til han døde i 1715. Han gifte seg rundt 1690 med Ragnhild Jakobsdatter Skjaastad, og dei hadde to born: Ola f. ca. 1690 og Brite f. ca. 1695. Sjå: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748115?page=437

Halvor Pederson Viddal f. Rørstad døde i 1715 og det er skifte etter han. Der står det same som Hjørundfjordsoga seier at kona hans heitte Ragnhild Jakobsdatter og at han hadde to born: Ola og Brite.  Sjå:  https://www.digitalarkivet.no/sk20090123680954     Dette må vere den rette Halvor ettersom det i dette tidsromet ikkje finst nokon annan Halvor på Viddal.

Ifølgje Hjørundfjordsoga døde Ragnhild Jakobsdatter i 1734, og i kyrkjeboka finn eg henne her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620457   Sjå andre kolonne side 80, første innføring. Der les eg at «Ragnhild Jakobsdatter, Halvor Widals hustru»  døde 21. januar og vart gravlagt 27. januar 1737.

Sonen Ola, f. ca. 1690, kom seinare til Knutegarden på Stenes 2. Han var gift med Siri Knutsdatter Aakre, som etter at Ola døde, gifte seg oppatt i 1747 med Henrik Olsson Rekkedal. Siri døde i 1757. Sjå: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748115?page=383  Det meste her stemmer med det som står i «Ei Hjørundfjordætt». Der har Ola og Siri 7 born, medan her har dei berre 5, og av dei vaks berre 4 opp.

Siri sitt andre giftarmål finn vi her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070830620441  Her står det at Siri Knudsdatter Stennes gifte seg med Henrik Ville den 16. juli 1747. Han var frå Simagarden, Rekedal brn. 1 og hans opphavelege etternamn var såleis Rekkedal, men fordi han hadde vore gift med enkja Anne Endresdatter Ville og budde på Henrikgarden, Ville brn. 1, er han innskriven i kyrkjeboka som Henrik Ville.

Etter mi forståing konkluderer eg med at Ingeborg Olsdatter Viddal ikkje var gift med Halvor Pederson Viddal. Dei kjende sikkert kvarandre frå Viddal, for dei levde på same tid, men dei var ikkje gifte. «Ei Hjørundfjordætt» tek dermed feil, og «Hjørundfjordsoga Gard og ætt» har rett når det gjeld Ingeborg Olsdatter Viddal.

Er det noko eg har oversett her eller har tolka feil? Om nokon kan vise til at eg tek feil, vil eg gjerne ha tilbakemeldingar på det. Kanskje kan nokon også peike på anna materiale som bekreftar min konklusjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.