Gå til innhold
Arkivverket

Jordebøker Svanøy Birk


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Eg er på jakt etter namnelister frå Svanebirket. Ei bygdebok nemner jordeboka for Svanøy Birk 1713-1717. Kvar finn eg denne og evt. andre jordebøker, skattelister e.l. som kan seie noko om kva brukarane på 1600-talet og tidleg på 1700-talet heitte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi antar at Rentekammeret i Riksarkivet kan vere ein god stad å starte å leite.

 

Egil Øvrebø laga i si tid ei oversikt til Sunnfjordsoga der han gjekk gjennom lensregnskapa og futeregnskapa i Rentekammeret og registrerte det som gjaldt Sunnfjord. Dette skal vere ein serie med små bøker som var stifta saman. Eg har ikkje klart å oppspore desse på Statsarkivet i Bergen, men ein sende også desse til Sunnfjord Sogelag. Kanskje dei har sine versjonar tilgjengelege?

 

Arkivet etter Futen i Sunnfjord og Nordfjord har bl.a. jordebok for Svanøy 1718.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar, samt tipset om hefta som Øvrebø har laga.

 

Den fyrste kjelda er digitalisert, og der ser det ikkje ut til å stå eit einaste namn:

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/On/L0008: [Jj 9]: Jordebøker innlevert til kongelig kommisjon 1672: Hammar, Osgård, Sem med Skjelbred, Fossesholm, Fiskum og Ulland (1669-1672), Strøm (1658-u.d. og 1672-73) samt Svanøy gods i Sunnfjord (1657)., 1672, s. 411
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/jo20101012610421
 

Den siste kjelda ser interessant ut. Kan det vere den som er omtalt som jordebok for Svanø Birk 1713-1717 i bygdeboka for Fjaler?

 

Elles inneheld futerekneskapa namnelister fram til 1666, 1672-1678 samt 1683, og desse omfattar også Svanebirket. Etter det har eg i det digitaliserte materialet funne skattebenådningslister i ei tingbok frå 1698, MT1701, skoskatten 1711, matrikkelen 1723 og ei militærrulle som viser brukarane i Svanebirket 1723. Den sistnemnde inneheld ein del patronym som ein ikkje finn i matrikkelen. For Sunnfjordlenet har eg i same tidsrom berre funne MT1701, skoskatten, krigsstyr 1712-1717 (resten av futerekneskapa er ikkje skanna) og matrikkelen 1723, så eg er også interessert i eventuelle namnelister som kan utfylle dette. I dei fleste kjelder bortsett frå MT1701 manglar patronym.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Anita Riise - Arkivverket skrev:

Vi antar at Rentekammeret i Riksarkivet kan vere ein god stad å starte å leite.

 

Ein aldri så liten detalj: Denne jordeboka listar opp kongens gods (som vart til Svanøygodset), men listar deretter også opp dei gardane i Sunnfjord som ikkje var kongens gods:

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/On/L0008: [Jj 9]: Jordebøker innlevert til kongelig kommisjon 1672: Hammar, Osgård, Sem med Skjelbred, Fossesholm, Fiskum og Ulland (1669-1672), Strøm (1658-u.d. og 1672-73) samt Svanøy gods i Sunnfjord (1657)., 1672, s. 426
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/jo20101012610436
 

Bør dette reflekterast i indekseringa eller evt. nemnast i kjeldeinformasjonen, @Kristian Hunskaar (Arkivverket)?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henvisninga mi var til Rentekammeret og ikkje spesifikt til protokollen som det er lenka til (men eg lenka til den då eg tenkte at den kanskje var blant det du ville vere interessert i, i Rentekammeret).

 

Angåande jordeboka frå 1718 i futearkivet, så er denne blitt etikettert( av SAB) med 1718 i samsvar med årstalet på første side. Men eg ser når eg blar i boka at der også er referanser til 1714, 1715 og 1717, så det er godt mogleg at det kan vere denne jordeboka det er referert til i bygdeboka.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Anita Riise - Arkivverket skrev:

Henvisninga mi var til Rentekammeret og ikkje spesifikt til protokollen som det er lenka til (men eg lenka til den då eg tenkte at den kanskje var blant det du ville vere interessert i, i Rentekammeret).

 

Angåande jordeboka frå 1718 i futearkivet, så er denne blitt etikettert( av SAB) med 1718 i samsvar med årstalet på første side. Men eg ser når eg blar i boka at der også er referanser til 1714, 1715 og 1717, så det er godt mogleg at det kan vere denne jordeboka det er referert til i bygdeboka.

 

Det må nesten vere denne jordeboka bygdeboka refererer til.

 

Eg har sendt skjema om skanning på forespørsel, og er spent på kva opplysningar protokollen inneheld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ein aldri så liten detalj: Denne jordeboka listar opp kongens gods (som vart til Svanøygodset), men listar deretter også opp dei gardane i Sunnfjord som ikkje var kongens gods:

 

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/On/L0008: [Jj 9]: Jordebøker innlevert til kongelig kommisjon 1672: Hammar, Osgård, Sem med Skjelbred, Fossesholm, Fiskum og Ulland (1669-1672), Strøm (1658-u.d. og 1672-73) samt Svanøy gods i Sunnfjord (1657)., 1672, s. 426
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/jo20101012610436
 

Bør dette reflekterast i indekseringa eller evt. nemnast i kjeldeinformasjonen, @Kristian Hunskaar (Arkivverket)?

 

Bedre nå: https://media.digitalarkivet.no/db/contents/50163

 

Dette er arkivmateriale som ble publisert for snart ti år siden, og jeg ser at metadataene ikke helt holder den standarden vi etterstreber.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er jordeboka allereie skanna og lagt ut. Takk for hjelpa!

 

Sunnfjord og Nordfjord futedøme , SAB/A-100029/E/L0713: Jordebok Svanøy gods 8 (2), 1718
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60151090000012
 

I oppslaget er det tre innførsler om brukarskifte som skal ha skjedd i februar/mars 1715. (Det eine brukarskiftet skjedde eigentleg i 1706, men er på grunn av "forseelse" ikkje blitt innført før).

 

I neste oppslag finn ein Indre Åsnes, og opplysningane samsvarar med det som stod i bygdeboka (utgangspunktet for tråden) der det vart henvist til jordebok for Svanøy 1713-1717. I 1717 skal Peder Andersson Helle i følgje tingboka ha fått bygsel på ein av partane i Indre Åsnes, men dette er ikkje komme med i jordeboka. I same oppslag er det framleis også berre tre brukarar på Haugland, der Søren Tollakson i følgje tingboka frå 1721 skal ha fått fornya bygselen (som må vere halvparten av det Tollak tidlegare hadde brukt) frå 20/5 1716. Dette er heller ikkje komme med. Det ser dermed ut til at jordeboka er frå kring 1715, men det er godt mogeleg at andre deler av protokollen viser at jordeboka er blitt til gjennom perioden 1713-1717.

 

Skal tru kvar tilsvarande jordebøker for Svanøy frå åra før- og etter denne perioden har teke vegen?

 

Elles lurer eg på om du @Kristian Hunskaar (Arkivverket)fekk med deg følgjande spørsmål:

 

På 14.9.2022 den 5.43, Torbjørn Igelkjøn skrev:

... og i same slengen: Dei sidene det gjeld bør vel indekserast som rulle over landlegdene i Svanøy Birk 1723:

Sunnfjord og Nordfjord futedøme , SAB/A-100029/Y/L0366: Militære ruller, 1710-1739, s. 317
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111008019184

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det ser dermed ut til at jordeboka er frå kring 1715, men det er godt mogeleg at andre deler av protokollen viser at jordeboka er blitt til gjennom perioden 1713-1717.

 

Ved klargjøring for publisering la jeg inn følgende merknad (basert på https://www.digitalarkivet.no/db60151090000021😞

 

 

Skjermbilde 2022-09-22 kl. 00.22.39.png

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 14.9.2022 den 5.43, Torbjørn Igelkjøn skrev:

... og i same slengen: Dei sidene det gjeld bør vel indekserast som rulle over landlegdene i Svanøy Birk 1723:

Sunnfjord og Nordfjord futedøme , SAB/A-100029/Y/L0366: Militære ruller, 1710-1739, s. 317
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111008019184

 

Den rullen hadde jeg visst oversett ved indeksering i 2020. Markert nå: https://media.digitalarkivet.no/db/contents/37679

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

 

Ved klargjøring for publisering la jeg inn følgende merknad (basert på https://www.digitalarkivet.no/db60151090000021😞

 

 

Skjermbilde 2022-09-22 kl. 00.22.39.png

 

Då har nok rekneskapen blitt sluttført rundt mars 1715, slik at protokollen viser status då.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg kom heilt tilfeldig over ei avskrift av "jordebok" for Svanøybirket 1698:

https://xml.arkivverket.no/diverse/jordebok-svanøbirket_1698.pdf

 

Avskrifta er gjort av Einar Haarstad, og når ein les føreordet får ein vite at dette eigentleg ikkje er noko jordebok, men derimot avskrift av skattebenådningslister frå tingboka. Men føreordet nemner noko anna som er spennande. I tillegg til jordeboka frå 1714/1715 (1718) nemnt ovanfor skal Haarstad ha funne ei jordebok frå 1713 i prestegarden i Førde.

 

1741975294_Utennavn.jpg.91a7783a7cef946b83761c5ccf4d9d44.jpg

 

Kvar kan denne jordeboka frå 1713 evt. vere å finne i dag?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 28.2.2023 den 5.09, Torbjørn Igelkjøn skrev:

I tillegg til jordeboka frå 1714/1715 (1718) nemnt ovanfor skal Haarstad ha funne ei jordebok frå 1713 i prestegarden i Førde.

 

[...]

 

Kvar kan denne jordeboka frå 1713 evt. vere å finne i dag?

 

Det er interessant. Men jeg ser i alle fall ikke spor av den i arkivkatalogen for SAB/A-79901 Førde sokneprestembetehttps://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-07000000001046

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan bekrefte det Kristian seier, den ordna delen av arkivet inneheld ikkje denne protokollen, vi har også noko uordna materiale derifrå men det er av nyare dato. Vi har heller ikkje funne protokollen blant matriklane. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar begge to!

 

Kan protokollen vere å finne i det uordna materialet i arkivet etter Førde sokneprestembete, og kor tid vil denne delen av arkivet evt. bli ordna?

 

Eller kan protokollen framleis liggje i prestegarden eller på kyrkjekontoret i Førde?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det uordna materialet frå Førde er ikkje så gamalt. Og Statsarkivet skal ha fått alt ein har funne av eldre arkivsaker frå soknepresten i Førde.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då kan ein jo spørje seg om Haarstad kan ha teke med seg protokollen. Er det planar om å ordne arkivet etter Einar Haarstad/Ættehistorisk institutt, jf. denne tråden?

 

 

Det skal vel finnast eit kartotek med skifteopplysningar, samt mange avskrifter av ulike protokollar. Kanskje kan det også finnast ei avskrift av jordeboka frå 1713?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har vore utført ordningsarbeid på arkivet etter Haarstad og jordeboka vart ikkje funna der. Vi kan heller ikkje sjå at arkivet etter Sollied inneheld opplysningar om denne jordeboka.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.