Sveinung Eide Skrevet Oktober 10, 2022 Del Skrevet Oktober 10, 2022 Eg leitar etter formødre og -fedre til ei svigerdotter som har røter i Valdres, mellom anna ei mormor som eg trur meg ha funne i kyrkjeboka. Sjå på lnr 5 jentebarn på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/5072/8 Far til svigerdotter mi, som no er avliden, har fortalt meg at ho var fødd på Garthus, med etternamnet Spangerud. Men i dåpsboka her står det at ho og foreldra bur på Strandbråten, og det vart hovudbry for meg. Er det feil person eg har funne? (Det trur eg faktisk ikkje, for andre data passar for godt.) Einaste Strandbråten (Strandbråtån) som eg har funne, ligg nære Randsfjorden sør for Bjoneroa, som sjølvsagt ikkje ligg i Sør-Aurdal, men i Gran kommune. Så det bør altså finnast ein gard/plass i Sør-Aurdal nokon stad med dette namnet, men det har eg ikkje klart å finna. Som vestlending har eg svært avgrensa kunnskap om gard og grend i Valdres og Begnadalen, så no vonar eg det finst nokon i forumet som kjenner desse bygdene betre, og som kan hjelpa meg. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Even Stormoen Skrevet Oktober 10, 2022 Del Skrevet Oktober 10, 2022 Strandbråten 🙂 Mvh Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dag Thorsdalen Skrevet Oktober 10, 2022 Del Skrevet Oktober 10, 2022 Den familiene som du lenker til dåp for i 1896 finner du omtalt i bygdeboka her: Gard og bygd i Sør-Aurdal. C : Garthus, Tollevsrud og Strømmen (nb.no) Denne plassen Bjørklund er bare noen meter fra Strandbråten: Norgeskart Og i matrikkelutkastet av 1950 ser jeg at det nettopp er denne Anne (f. 1896) som står oppført som hjemmelshaver for Bjørklund. Garthus er noen km. videre oppover i dalen. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Sveinung Eide Skrevet Oktober 10, 2022 Forfatter Del Skrevet Oktober 10, 2022 Mange takk for hjelpa, dette var nyttig og lærerikt for meg! Even Stormoen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå