Gå til innhold
Arkivverket

Paul Paulson Osnes liv.


Kjartan Haddal
 Del

Recommended Posts

Paul Paul son var fødd 24.06.1871 på Osnes i Ulstein. Mora var hushjelp og fikk Paul med husbonden utanfor ekteskap. Mora vart sendt bort og Paul vart overteken av far (50 år) og mor (80 år). Året Paul fylte 8 år døde far og fostermor, og Paul hamna hos andre der han måtte arbeide for opphaldet. Paul vart ein staskar tok etternamnet Lunde og kjøpte eit småbruk, og vart sjølv far til ni barn.  Men der er to epoker vi ikkje veit noko om. Han var rallar på jernbanebygging, men vi veit ikkje kvar. Der er eit bilde av Paul i uniform, og det seiest at han var på grensevakt. Han var gift med Karoline Albriktsdatter og døde 11.08.1968.  Er det nokon stad slike opplysninger finns?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel møtt i forumet.

 

Det vil kanskje hjelpe om du kan seie kva for "epoker" som er ukjende.

Bygdeboka seier at han vart gift 1902 og fekk skøyte på Ura-plassen/Lunde på Osnes i 1905.

Det bør late seg gjere å finne honom i folketeljingane 1875, 1891 og 1900.  Har du freista det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vigsla er iallfall her:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070328630445

Paul er "Fisker" og busett "Saunes Ulstein

 

Paul er konfirmert 10. okt 1886, nr. 12 her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070327610463

busett på Roppen

 

FT1900, Holsæker, Ulstein: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037376000752

Det må vel vere han. Paul Paulsen f. i Ulstein 1871.

"EL"= einsleg losjerande; ugift; "Jernbanearbeid og fiskeri"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for denne hjelpa. Det er heilt sikkert rette personane. At Paul også var i Holsekerdalen er nytt for meg, men er nok rett, for det var dit Andrine vart "jaga" då ho vart gravid. Der var ho i teneste med ein invalid mann som er nemd som Severin. Ho tjente der i meir enn 30 år, og for det mottok ho Norges Vels Medalje. Sine siste leveår hadde ho hos Paul i Ura.

Når det gjeld grensevakta for Paul, eller militærtjeneste for andre så er det ikkje lett å finne ut av. Faktisk så seint som frå siste krig så finn eg ikkje info om min far sin innsats under kampane i Gudbrandsdalen og gulltransporten på Åndalsnes.  Eksisterer det militære rullar eller arkiv som er søkbare?

Eg ser at dette er litt vanskeleg for meg å få fram, så det må nok ein god del trening til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det spørs om du vil finne ut av ting sjølv, eller om du helst ser at andre gjer det for deg...

 

Dersom Paul var på grensevakt, er det rimeleg å tru at det var som vernpliktig - og at det var i infanteriet.

Paul var 19 år i 1890  (du må kanskje finne ut om det var vernepliktsalderen akkurat då).

Denne plansjen viser organiseringa av Heren: https://www.digitalarkivet.no/ru10071210041002

Der ser vi at (frå 1889, heilt til høgre) rekruttar frå Ulstein kom i Bergenske infanteribrigade 1. korps 2. kompani.

 

Det finnst heilt sikkert innrullerings- og teneste-lister. Dei er neppe skanna, og heilt sikkert ikkje søkbare.

Altså må du på eit arkiv. Og først må du finne kvar dei er arkiverte.

 

Det er sikkert nokon her som veit meir... 

Men då må du nok stille spørsmål med meir målretta overskrift på emnet.

Du kan også bruke forumet "Spør arkivverket" for å finn ut kvar og korleis ting  er arkiverte. https://forum.arkivverket.no/forum/57-spør-arkivverket/

 

 

Du svara ikkje på om du hadde funne han i  FT1891.

Ei landsomfattande søk i folketeljingane gjev berre éin Paul Paulsen fødd i Ulstein omkring 1871:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053034000696

Det kan vere "din" Paul . Han er sagt vere fødd i 1872 i Ulstein, men kyrkjeboka har ingen Paul i 1872

i Ulstein https://www.digitalarkivet.no/kb20070327610055   ("din" Paul Gerhard er nr. 22/1871 øvst på denne sida)

eller Hareid (også Ulstein herad/prestegjeld) https://www.digitalarkivet.no/kb20070829650319

Denne Paul er tenestekar på Saunes.  Dei fleste unge var i teneste hjå andre, så det er ikkje noko spesielt.

Her må det skytast inn at avskrifta av FT1891 inneheld svært mykje feil - så det kan hende søket mista ein eller fleire Paul-ar.

(t.d. dersom avskrivarane har mistolka U-en i Ulstein; eg søkte på fødestad U* ).

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan med ein gong seie at eg er svært takksam for hjelp. Det er mykje lettare å finne fram når du veit at et du leiter etter faktisk er der.

I FT1891 finn eg ikkje noko på dei kjende stadane han var i Ulstein, men etter alderen kan han godt vere borte på arbeid eller verneplikt. Han har truleg hatt ein del penger etter arbeid for han stifta familie, kjøpte småbruket, vart eigar eller medeigar i fiskebåt og etter som barneflokken vaks så utvida han huset.

På soldatfotoet ser han litt eldre ut enn på eit ungdomsbilde så tanken streifa meg at grensevakta var i 1905.  Uniforma er enkeltknappa og identisk det eg har sett på andre foto frå Nordfjord. På andre slektsgreiner har eg bilde av soldatar som truleg var i Trøndelag. Dei har dobbelknappa jakker, men om det skilnad på uniformene, om dei var befal eller anna våpengrein kjenner eg ikkje til.

At det er "min" Paul er eg heilt sikker på. Dette med fødselsår 1871 eller 1872 trur eg er ein glipp.

Enno ein gong, -takk for hjelpa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er folk som kan mykje om uniformer som deltek i formumet her ...

Dersom du legg ut biletet og spør, kan det hende du får klar informasjon om kva tid dette er.

Lag eit nytt emne med informativ overskrift.

 

Først kan du kanskje sjå om du finn noko her:

https://www.nb.no/items/db4b9488b91258f2f5fa3341afe80a69?page=1

eller her:  https://www.nb.no/items/51149fcec28db209096c33b0db6b0f82?page=1

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.