Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Utsettingav moskus på Gurskøya, 1925 - 1926, verdas første utsetting i nytt område.


Recommended Posts

D/K Sælbarden kom i 1924 og 1925 tilbake frå Aust- Grønland med levand moskuskalver med tanke på sal til dyrehager, men salet svikta. Norsk Polarinstitutt har gitt ut Meddelelser nr. 107 av Einar Alendal og gir eit godt bilde av det som hente, og stoffet er samla frå brev frå fangstfolka. Alt stoffet om dette skal vere overført til arkivet i Tromsø. 

Med min oppvekst på Gurskøya så har interessa for dette vore der i alle år, og i dag kjenner eg det slik at der er eit par avsnitt som mangler. Det vert sagt ar Grosserer Enok Svendsen finansierte utsettinga, men det må vere sonen Erik som gjorde på vegne av firmaet. Erik var ein ivrig friluftsmann og jeger, og det var han som hadde siste sikre observasjonen av diande kalvar i 1927. Denne finansieringa og breva frå fangstfolka skulle vi gjerne visst meir om. Er der andre dokument som viser noko om dette?

Foto som ikkje kan tidfestast kan tyde på kalvar omkring 1940 - 1945, men rykte og historier gjer det ikkje lett å nøste opp i det.

Eg er ikkje god til å finne noko om denne utsettinga, og det kjem ein tvil om at det heile var ei spontan handling utan søknader.  Er det nokon der ute som kan hjelpe med info om dette, så vil vi vere svært takksame.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.