Gå til innhold
Arkivverket

Utsettingav moskus på Gurskøya, 1925 - 1926, verdas første utsetting i nytt område.


Kjartan Haddal
 Del

Recommended Posts

D/K Sælbarden kom i 1924 og 1925 tilbake frå Aust- Grønland med levand moskuskalver med tanke på sal til dyrehager, men salet svikta. Norsk Polarinstitutt har gitt ut Meddelelser nr. 107 av Einar Alendal og gir eit godt bilde av det som hente, og stoffet er samla frå brev frå fangstfolka. Alt stoffet om dette skal vere overført til arkivet i Tromsø. 

Med min oppvekst på Gurskøya så har interessa for dette vore der i alle år, og i dag kjenner eg det slik at der er eit par avsnitt som mangler. Det vert sagt ar Grosserer Enok Svendsen finansierte utsettinga, men det må vere sonen Erik som gjorde på vegne av firmaet. Erik var ein ivrig friluftsmann og jeger, og det var han som hadde siste sikre observasjonen av diande kalvar i 1927. Denne finansieringa og breva frå fangstfolka skulle vi gjerne visst meir om. Er der andre dokument som viser noko om dette?

Foto som ikkje kan tidfestast kan tyde på kalvar omkring 1940 - 1945, men rykte og historier gjer det ikkje lett å nøste opp i det.

Eg er ikkje god til å finne noko om denne utsettinga, og det kjem ein tvil om at det heile var ei spontan handling utan søknader.  Er det nokon der ute som kan hjelpe med info om dette, så vil vi vere svært takksame.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har inntrykk av at Sigbjørn Frengen, en av guidene til Oppdal Safari, kan en del også om de to tidligere forsøkene på innføring av moskus, inkludert Gurskøya-historien. Han snakket i hvert fall litt om dette da vi var på moskussafari på Dovrefjell i 2021. Uansett verdt et forsøk å kontakte ham? https://www.moskussafari.no/about/

 

DTH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det fortelles jo i Ishavskuter (199) s. 129 - https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008101400011?page=129 -  som trådstarter er inne på, at noen har ment at dyra på Gurskøya først døde ut under 2. verdenskrig, men å få dette verifisert på noen måte kan nok være utfordrende ...

 

DTH

Endret av Dag T. Hoelseth
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.10.2022 den 9.13, Dag T. Hoelseth skrev:

Det fortelles jo i Ishavskuter (199) s. 129 - https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008101400011?page=129 -  som trådstarter er inne på, at noen har ment at dyra på Gurskøya først døde ut under 2. verdenskrig, men å få dette verifisert på noen måte kan nok være utfordrende ...

 

DTH

Så dukka det opp noko nytt, - og takk for det. 

Tidlegare kom det fram at Grosserer Enok Svendsen hadde vore med å finansiere utsettinga. Med så kort avstand som det er frå Kjeholmen (Kiholmen) til Gurskøya så skulle det ikkje så mykje kapital til. Her er det firmanamnet som er brukt, for Enok døde i 1907. Sonen Erik dreiv vidare, og han var i tillegg ein ivrig jeger og friluftsmann. Det nye som kjem fram her , og som har vore heilt ukjent for meg, er at E. Svendsen var deleier av D/K Selbarden, og deleier av kalvane. Var denne finansiering rein sponsing, eller løyste han ut dei andre så kalvane var hans??

Eit foto frå Hidsegga viser to kalvar og fleire personer like ved. Nokon må vite eller har høyrt noko om dette. Fotografen døde i 1975 og kunne ikkje tidfeste det nøyaktig.

Å få verifisert når og korleis dei vart borte er krevande, men eg er ikkje i tvil om at nokon veit litt meir.

 

Mvh KjartanHaddal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Kjartan Haddal skrev:

Å få verifisert når og korleis dei vart borte er krevande, men eg er ikkje i tvil om at nokon veit litt meir.

Novel... det er altså 95 år sidan 1927.  Det spørs om desse "nokon" framleis er i live.  Du vert vel avhengig av at nokon har høyrt nokon fortelje.

Dersom nokon tok dei til matauk, vart det neppe snakka høgt om det.

 

Eg ser du hadde eit innlegg i Vestlandsnytt 10.8.2010, "Kvar vart moskusen av?".  Kom det nokon respons på dette?

 

Det var også ein notis der 9.7.1985,

image.png.b1dd64874784a97826a7a8f1af92eab7.png

Biletet er så dårleg attgjeve (skanna) at det ikkje er verd å ta med her.  (dersom du finn ei papirutgåve, t.d. i redaksjonen eller folkebiblioteket, kan det vere betre)

Eg ser ikkje noko vidare oppfølging av dette spørsmålet.

Ein kan lese skanna "Vestlandsnytt" på nb.no - men berre på bibliotek.

 

Elles var vel sjølve utsetjinga ikkje noko stor sak å finansiere. Dyra vart fanga med tanke på sal til dyrehagar,

men så turka marknaden inn. Så stod ein der med ein flokk dyr til overs.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Moskus - Hardanger og Voss Museum / DigitaltMuseum

 

Her står det..... "Denne stammen overlevde fram til 2. verdenskrig, da de ble jaktet på og utryddet. I 1947 og senere ble nye dyr satt ut."

 

Ellers så står det litt i denne artikkelen fra Ishavsmuseet på Brandal... Moskus frå Grønland – Ishavsmuseet Aarvak

Her står bl.a. "

Verdas første utsetting av moskus

Hausten 1924 vart dei 11 kalvane som var att frå «Sælbarden» sett ut på Kikholmen ved Kjeldsund i Herøy i påvente av sal. Holmen låg like ved leia, og er om lag 400×150 meter.

På holmen stod att eit naust og ei gammal løde etter folk som hadde budd der fram til 1880. Det vaks framleis mykje gras på holmen. Vinteren 1924-25 dauda fem kalvar på holmen. Det vart også her sagt at moskusen ikkje tolte det feite graset.

Det gjekk dårleg med salet av desse moskusane. I juni 1925 vart dei seks moskusane som no var igjen, tre av kvart kjønn, flytta til Gurskøy og slept på fjellet der. Dette var gjort for å få dei lenger unna der det budde folk, og var dyrka mark.

Dette kan ein då rekne for ei utsetting av moskus, og ser ein vekk frå dei få som var sette inngjerda andre stadar i påvente av sal, var nok dette verdas første utsetting av moskusfe. På fjellviddene var det bra med mat. Men likevel kom to av dei ned frå fjellet å beita ei heil natt på ei eng med feitt gras i Dragsund. Dei to dauda like etter. Også kalvane som «Sælbarden» hadde med året etter, tre moskuskalvar, vart sette ut først på Kikholmen, før dei i juni 1926 vart flytta til Gurskøy. Dei heldt seg mykje i Sædalen, og det har seinare blitt fortalt at pinseaftan 1927 vart to kyr observert med kvar sin kalv. Den 28. august 1929 skriv Aalesunds Avis i ein artikkel at ingen har sett igjen moskusen, og det er grunn til å tru at dei ikkje lenger er i live. Andre munnlege kjelder har fortalt at moskusen på Gurskøy ikkje forsvann før under andre verdskrig. Det siste er nok mindre truleg.

Dei bitre erfaringane med at så mange dauda så raskt gjorde at mange kjøparar vegra seg for å kjøpe dei forholdsvis dyre moskuskalvane. Når så skutene hadde med heile 43 moskuskalvar dette året, vart også tilbodet større enn etterspørselen. Dessutan hadde den danske zoologen Adolf Jensen lukkast med å få mange zoologiske hagar til å seie nei til kjøp av moskuskalvar."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nja, stammen det vises til innledningsvis var vel det første forsøket på utsetting på Dovrefjell (?). De siste dyrene ble skutt av tyske soldater, jf. det moskussafariguiden fortalte meg i fjor sommer. Men tusen takk for mer historikk om moskusene. Man kan ellers finne mange historier om moskus som forvillet seg vekk fra Docrefjell - en skal ha kommet seg til Levanger, en annen dukket opp i hagen til min grandtante på Åndalsnes ... men nå beveger jeg meg langt fra Gurskøya.

 

DTH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Novel... det er altså 95 år sidan 1927.  Det spørs om desse "nokon" framleis er i live.  Du vert vel avhengig av at nokon har høyrt nokon fortelje.

Dersom nokon tok dei til matauk, vart det neppe snakka høgt om det.

 

Eg ser du hadde eit innlegg i Vestlandsnytt 10.8.2010, "Kvar vart moskusen av?".  Kom det nokon respons på dette?

 

Det var også ein notis der 9.7.1985,

image.png.b1dd64874784a97826a7a8f1af92eab7.png

Biletet er så dårleg attgjeve (skanna) at det ikkje er verd å ta med her.  (dersom du finn ei papirutgåve, t.d. i redaksjonen eller folkebiblioteket, kan det vere betre)

Eg ser ikkje noko vidare oppfølging av dette spørsmålet.

Ein kan lese skanna "Vestlandsnytt" på nb.no - men berre på bibliotek.

 

Elles var vel sjølve utsetjinga ikkje noko stor sak å finansiere. Dyra vart fanga med tanke på sal til dyrehagar,

men så turka marknaden inn. Så stod ein der med ein flokk dyr til overs.

 

Til liks med moskusen på Gurskøya så er "sannheitsvitna" borte, men det dei opplevde med fangst og utsetting har Einar Alendal brukt som kjelde då han skreiv om utsettinga for Norsk Polarinstitutt. Alfred Brekke, Knut Håvik, Johan Nybø, Nils Leirvik m.f. bidro med brev og bilde til denne dokumentasjonen. I mi barndoms- og ungdomstid hadde eg gleda av å kjenne tre av desse personane, og eg skulle gjerne ha lese desse breva.

Heilt sidan 1926 så har fagpersoner, politi og ikkje minst aviser kome med påstander om at dyra ikkje treivst og dauda ut av den grunn. Utan dokumentasjon er ikkje dette anna en synsing.

Kva rolle Erik Svendsen hadde i den såkalla finansieringa kan også fortelle ein del.

Når det gjeld matauk så er nok det svært truleg. Nils Leirvik sa det slik: "Det var dårlege tider , og øya var full av fangstfolk". 

Hadde dyra fått leve så hadde Gurskøya vore ein attraksjon rikare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

50 minutter siden, Kjartan Haddal skrev:

Hadde dyra fått leve så hadde Gurskøya vore ein attraksjon rikare.

Det var det då...   Moskusen treng stor plass og god avstand til folk (og folk treng god avstand til moskus...)

Innlandet på Gurskøya er kanskje 30-40 km2 (nord for Gursken/Leikongeidet, med ei største lengd på 10-12 km. 

Det ville før eller seinare vorte ein del konfliktar. På Dovre, til samanlikning, har forvaltninga definert eit "kjerneområde" på 340 km2

(forvaltningsplan, 2017, Fylkesmannen i S.Tr.), men de ein tillet sesongvandringar i eit område kanskje 20 gongar større

(heilt til Sundal/Eresfjorden/Isfjorden i vest og Femundsmarka i aust).

 

 

På 17.10.2022 den 20.32, Kjartan Haddal skrev:

 Alt stoffet om dette skal vere overført til arkivet i Tromsø.

Har du spurt Statsarkivet i Tromsø direkte om dette materialet er å finne?  Evt. i "spør arkivverket" her på digitalarkivet.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.