Gå til innhold
Arkivverket

Linje i tingbok frå 1776


Kai Løseth
 Del

Recommended Posts

Det er linja i midten her eg har problem med:

 

sen Welle Sagde til Salomon Helgesen disse Ord, om Jeg

???? tamp eller Snud og Snude Dig Snude Dig Ituud

med, hvad ville Du vel giøre mig derfore, hvorpaa Sal-

 

Kva er første ordet på linja?

Det ser for for meg ut som at Snude Dig er skrive to gonger og er strøke ut ( prikker under orda). Er det rett oppfatta?

 

13. linje nedanfrå på side 541b:

https://www.digitalarkivet.no/rg20090420360907

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med ein stor dose atterhald og tvil:

eg trur eg les det som

"Loegen"  

og i så fall kan det tyde "laug", "for med lygn";  (merk "oe" t.d. i "stoed" for sto(d).

"Snud" (snut) finn eg på ein setel i Setelarkivet til Norsk ordbok, i meininga (bruke) kjeft, skjelle ut.

"tamp" er gjerne slag (med ein tauende).

Så då kan det verte "Loegen tamp eller Snut" -> lygn om slag eller skjellsord 

(skuldingar om skjellsord var ei alvorleg sak i eldre tid).

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forslag:

 

…om Jeg toeg en tamp eller Snud og Snude Dig Snude Dig I tund med…

 

Det fyrste Snude Dig er sjølvsagt utstroke, meg eg kan ikkje gjere det på mobilen…

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk til Ivar og Gunnar for forslag!

7 linjer lengre nede på same side står ….. toeg en Skaal……….

Nedre del av t-en her er skriven litt annleis. Løkka synest her å gå mot klokka, medan den i første  går med klokka.

Ikkje lett dette, men synest at toeg en kanskje er lettare å forstå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du får samanlikne forbokstaven i image.png.3d70b63629d69c85db20ed44608f3d0e.png

 

med "Lovens"  image.png.00dacd7ca3d9161b9089137ded50e962.png"Lovlig":image.png.c9935194c3ea6cc0e92f5cdbbd88da65.png(begge på linje 9) ;  "Ligesaa" image.png.34e609c883db767e2a32fa2e3ac8231c.png (linje 16)

 

og elles sjå om du finn t-ar som liknar.

 

Elles kan du kanskje lese frå samanhengen kven som er truande til å gjere kva.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser likskapen. Har lese nokre sider no, og ser at skrivaren har skrive liten t som forbokstav nokså likt, men ikkje 100% konsekvent. Har funne nokre eksempel på ein annan varient, t.d. her:

at tilspørge   542b, 1. linje

tilforn  543b, 13. linje nedanfrå

Må vel berre akseptere at det ikkje er råd å vere heilt sikker på ordet eg stod fast på.

t_1.png

t_2.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit utdrag:

........................

Vidnet svarede: at han ved Juls Tiider næstl. udj

Elling Olsen Drabløes Huus saae og hørte at Lars Amund-

sen Welle Sagde til Salomon Helgesen disse Ord: om Jeg

??????  tamp eller Snud og Snude Dig Snude Dig Ituud

med, hvad ville Du vel giøre mig derfore, hvorpaa Sal-

mund Helgesen svarede ham, tænk ikke det at Du

skulle giøre med mig som med han Peder Søevig, hvor

paa ....................

 

Dei to vitna fortel vidare at Salomon Helgesen etterpå er blitt slått til blods i hovudet, og er truden paa Lipperne.

Peder Søevig som er omtala, vart også forulempa av Skoleholder Lars Amundsen Welle då han hadde konfirmantundervisning i Sykkylven kyrkje. Denne saka er også omtala i same tingboka. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.