Gå til innhold
Arkivverket

Oluf Kolsruds Diplomatariesamling


Henning Laugerud
 Del

Recommended Posts

Hei! Det finst ikkje noko samling med eit slikt namn i korkje Riksarkivet eller i arkiva etter Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt (NHKI) (som også er i Riksarkivet). Mest sannsynleg har du ein unøyaktig referanse her. Kan du supplera med meir kontekst til den referansen du har, så er det enklare å hjelpa deg vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så er spørsmålet om det er denne referansen Henning Laugerud meiner? Dersom svaret er ja, så inngår det materialet som ein gong i tida hadde dette namnet, i dei såkalla Kirkehistoriske samlinger i arkivet/samlingane etter NHKI. Desse femner fotografi, papirkopiar og mikrofilm av kjelder, forutan avskrifter, registraturar og litteratur om desse. Mellom dei viktigaste delane av samlingane er Lilli Gjerløws materiale om mellomalderliturgi, og Oluf Kolsruds om jesuittane under motreformasjonen. Totalt femner samlingane kring 8000 dokument. Det finst ikkje katalog over Kolsruds motreformasjonsmateriale, og det er heller ikkje digitalisert, men materialet er jamt over ordna kronologisk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Ja, det er altså denne samlingen som Bjarne Rosnestrøm refererer jeg sikter til, og som jeg da forstår i dag kalles Oluf Kolsruds diplomsamling med signaturen L0004, i arkiv S-6117. Takk for disse opplysningene. Da forstår jeg at jeg må gå manuelt tilverks. Kan jeg anta at oversikten hos Oscar Garstein: Rome and the Conterreformation etc. vol 1, Oslo 1963, s. 375-381 fremdeles gir en oversikt over ordningen av Kolsrud's samling?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oversynet hjå Garstein gir i alle fall eit innblikk i korleis samlinga er organisert 🙂 Ei tips dersom du skal dra til Oslo og gjennomgå noko av dette materialet, vil vera å bestilla det god tid i forvegen. Samlinga er ikkje ordna etter moderne prinsipp, og vil dermed krevja noko tid å finna fram i for dei som skal gjera det. I Arkivportalen er det berre på heilt overordna nivå at denne er registrert, og då berre som del av dei kyrkjehistoriske samlingane etter NHKI:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000001367758

 

Materialet finst altså ikkje i S-6117 som er sjølve arkivet etter NHKI, men i EA-4055 som er ein av samlingane frå NHKI.

 

Det let seg heller ikkje gjera å bestilla dette materiale frå Arkivportalen, så du må bruka dette skjemaet:

https://www.arkivverket.no/om-oss/besok-oss/riksarkivet-og-statsarkivet-i-oslo/bestilling-av-materiale-til-lesesalen-i-oslo

Ettersom det er vanskeleg for deg (og for den del meg, sidan eg er lokalisert i Bergen) å seia noko om kva dei ulike arkivstykka heiter, er det nok ein god ide å kontakta Arkivverket/Riksarkivet på førehand, for å få eit slags oversyn over korleis det er organisert i magasinet. Så vidt eg hugsar er dette materialet plassert litt ulike stader i magasina per i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

takk for info. Dette var nyttig. Da blir det å arbeide på "gammelmåten" og det er i grunnen like greit 🙂 - men jeg forstår at det må organiseres grundig.

takk for hjelpen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.