Gå til innhold
Arkivverket

Dorte Anfinnsdtr. Lien og Elling Person Lien, skifte i 1705


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Ved søk i digitalarkivet får eg oppgitt skifteprotokoll 2a, side 215a for desse to personane.

https://media.digitalarkivet.no/view/24155/117

Men klarer ikkje finna ut om dette er rette sida?

Det eg lurer på er kva gard Lien under Tjugum i Leikanger er. Fleire gardar vart kalla eller forkorta til Lien enkelte stader i protokollane. I Fresvik har vi Hatlelid som også blir forkorta til Lien. Går det an å finne skiftet og i tilfelle er det opplysningar der som kan visa til kva bygd desse to budde i? Og om dei hadde arvingar?

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det er rett side.

Eg ser eigentleg ikkje meir stad-festing enn at det er i Leikanger.

"Tiugum" er nemnt, men det er som namn på "Lensmanden Ander Tiugum"

Vurderingsmennene er "Lasse Tøftedahl sampt Svend Sætter Soren mænd i Legangers gield"

(svorne menn = lagrettemenn). Det kan tenkjast at dei valde vurderingsmenn som høyrde til nærområdet,

men det er eit svært uvisst spor.

 

Eit betre spor kan vere at (midt på s 215b)

"Hermund perderss.(!) som jorden skal antage"

Han skulle også ta seg av det yngste barnet, Britte.

Der du finn ein brukar Hermund i åra etterpå ... er nok rett "Lien".

 

Dei hadde arvingar: (s. 215a)

"deris eftter lefvende børn, Andfind, Barbra, Søynefva, Aagaate og Britte Ellings Søn og døttre, paa børens veine, Otte Fretteland

og Hermund Pederss."

og slekt (s. 216a nedst)

"For disse u-myndige Børn, er til satte at være for

myndere deris neste slægt. For Sønnen Andfind

er Andfind Hansen; 1. Datteren Barbra, Olle Borloug,

2 Syndefve, Andfind Stochebøe, 3 Aagaatte, Otte Fret

land. 4 Britte - Hermund Peders.

 

Det heiter i lova (Kristian Vs Norske lov 3-19-2) at til formyndarar skal ein setje inn nære slektningar, om dei kan og er tilgjengelege,

og ikkje har for mange formyndarskap å ta seg av frå før.

Du kan altså rekne det som sannsynleg at formyndarane er fedre, brør, onklar eller syskenbarn til dei avdøde.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for grundig svar. Må nok sjekka opp nabobygdene for å sjå om dei kan høyra til der. Sidan dei hadde mange born så er det vel også større sjanse for at dei var komne med i ætteboka for Fresvik, og det er dei ikkje.  Så ut frå ætternamna kan det vera Feios eller Vik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.