Gå til innhold
Arkivverket

Gjert Anderson fødd i Nordfjord i siste halvpart av 1720-åra


Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

 

I sjømannsrulle 1773 for Romsdal, "Lade- og Strandsidder-Pladsene", er det under Bud fiskevær ført inn ein "Giert Andersen", 48 år gammal, og fødd i Nordfjord.(Nr. 18 i protokollen s. 179.) Dersom han i 1773 var i sitt 48. år (dvs. fylt 47 år), kunne han ha vore fødd rundt 1726 (eventuet 1725 dersom han hadde fylt 48 år).

Giert Andersen 48 aar

Det ser ut til at Gjert Anderson kom til Bud som lærar seinast rundt 1755. Han vart då nemnt der som "Skolemester". Rundt 10 - 12 år seinare var han lensmann i Bud. Han døydde der i 1803. I folketeljinga 1801 heiter det at Gjert var 74 år, "Enkemand", "lever af Fiskerie". Om alderen 74 år i 1801 var korrekt, kunne Gjert ha vore fødd rundt 1727/1728. 

Eg skulle gjerne hatt fleire opplysningar om opphavet og fødestaden til Gjert, og om fødselsåret hans.

Eg har leitt i kyrkjebøkene utan å finne noko om dåpen eller konfirmasjonen hans.

Etter det eg kan sjå var det i 1720-åra 4 prestegjeld i Nordfjord: Selje, Eid, Innvik og Gloppen, og i tillegg eit sokn under Kinn prestegjeld: Bremanger.

Selje manglar kyrkjebøker for tida 1715-1731. I kyrkjeboka 1731-1743 for Selje finn eg ingen opplysningar om konfirmasjonar.

Både Eid og Gloppen har kyrkjebøker for det aktuelle tidsrom, men eg finn ingen Gjert (Andersen) der i dei aktuelle åra.

I Innvik er eldste kyrkjeboka frå 1750.

I kyrkjeboka for Kinn finn eg to Gjert, men ingen fødd i Nordfjord, Bremanger. (Den eine Gjert i Kinn var døypt i 1724 i Florøy, og den andre i 1711 i Svanøy. Ingen av desse to kan vere identiske med Gjert Anderson i Bud frå 1755. Den Gjert som var fødd i Svanøy i 1711 må ha vore fødd for tidleg, og den Gjert som var fødd i 1724 i Florøy, måtte ha farsnamnet Valentinsen (han var son av Valentin Høvik).

I "Rulle over sjølimitter" Bremanger sokn 1745 finn eg på s. 160 (ved "Lægsmændenis Nafn", nr. 4, Augustinus Augustinussen, i rubrikken unge mannskap 1 - 16 år) ein "Giert Anders.", 16 år.

Ruller over sjølimitter 1745 Bremanger sokn

Dersom denne Gjert hadde fylt 16 år i 1745 kunne han ha vore fødd rundt 1729. Kunne denne Gjert i Bremanger 1745 vere identisk med den Gjert som seinare flytta til Bud? Har nokon kjennskap til desse Gjert'ane, eventuelt frå skifte m.m.?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I tidligare debatt, siste innlegget der, vart det etterspurt om han kunne vere son til Heiberg/Munthe, men det ser ut til at Giert = Gerhard og då er det nok ein heilt annan Giert som du er på leit etter @Erling O. Hagerup

 

Frå Geni: https://www.geni.com/people/Maren-Christine-Munthe/5131789921610056549

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemelding. Eg er samd i at den Gjert som eg etterlyser her, ikkje kan vere identisk med prestesonen frå Grytten. Ei sak for seg er at eg veit ikkje kvifor den nemnte prestesonen Gjert er kalla "Gerhard" på Geni. Då sonen vart konfirmert 1. mai 1740 skreiv gamlefar i kyrkjeboka: "Confirmeret min Søn Giert Heiberg". 

 

Kyrkjebok for Grytten 1740

 

På skiftet 31.03.1745 etter "Andreas Hejberg" er dei 8 borna hans nemnde. Der finn eg ikkje nokon Gerhard, men derimot ein "Gierdt Andersen Hejberg".

 

Anders Heiberg skifte 1745

 

I prestesoga til Lampe ("Bergens Stifts biskoper og præster efter reformationen) er den same sonen nemnt på s. 41. Der er det m.a. opplyst at "Gert Heiberg", fødd i Grytten 11.12.1724, tok teologisk embetseksamen 1748, var kapellan i Lærdal frå 1757, og sokneprest i Ryfylke frå 1767.

 

Prestesonen Gjert Andersen Heiberg kunne soleis ikkje vere identisk med læraren, og seinare lensmannen, Gjert Andersen i Bud i Romsdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fint å få dette opplyst. Mange takk! 

 

Etter dette kan det synast mest sannsynleg at Gjert var frå eitt av dei andre prestegjelda i Nordfjord - kanskje frå soknet Bremanger i Kinn prestegjeld??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.