Gå til innhold
Arkivverket

Ordet "Eie" i slektsgransking.


Slektsforskeren
 Del

Recommended Posts

"Eie" benyttes ofte ved gårdsangivelser. Hva innebærer egentlig begrepet eie i denne sammenheng. Har funnet et mulig svar nemlig en husmannsplass. Andre forklaringer?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

vel møtt i forumet.

 

Husmannsplassar på Austlandet fekk ofte namn etter garden dei høyrde til, slik at " Eie" ("-eie") e. likn vart hekta bakpå gardsnamnet.

 

Eg er usikker på kor langt nord og vest dette rakk.  Eg har ikkje sett det i Trøndelag, for der vart andre endingar  brukte.

På Vestlandet trur eg det er nokså ukjendt. Der fekk plassar eigne namn.

 

 

Elles: på vegen inn hit, aksepterte du ein regel om å bruke fullt namn. Fint om du gjer det.

https://www.digitalarkivet.no/content/1144/endre-visningsnavn

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

 

 

På Vestlandet trur eg det er nokså ukjendt. Der fekk plassar eigne namn.

 

 

 

Som østlending har det forundret meg at i Meland i Nordhordaland har man ikke egne navn på alle garder. Og det gjelder også ganske gamle garder, eller rettere sagt bruk. Matrikkelgarden har jo et navn. Men mange gamle bruk som er utskilt fra hovedgarden har ikke navn. Dette ser man også i bygdebøkene. Under hver matrikkelgard føres hvert bruk, noen har navn, men veldig mange er kun ført med bruksnummer under hovedgarden. Tidligere (regner med det er forandret nå) kunne folk snakke om GARDEN og i det mente man alle bruk som stammet fra matrikkelgarden.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

43 minutter siden, Arild Kompelien skrev:

Under hver matrikkelgard føres hvert bruk, noen har navn, men veldig mange er kun ført med bruksnummer under hovedgarden. Tidligere (regner med det er forandret nå) kunne folk snakke om GARDEN og i det mente man alle bruk som stammet fra matrikkelgarden.

Det er vel framleis "Garden" mange stadar.

Den fysiske/geografiske oppdelinga er ikkje like gammal som den formelle.  I tida 1860-90 var det mange klyngetun som vart oppløyste og bruka vart flytta utover. Fram til då kunne det vere to eller fleire bruk i eit tun; somme stadar både 10 og 15 (på Myklebust i Syvde på Sunnmøre var det kanskje over 20 bruk i eitt tun). Ein del av dei  bruka som vart flytta ut, fekk eigne (bruks)namn, men ikkje alle.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det er vel framleis "Garden" mange stadar.

 

Slik er det også i Sunnfjord.

 

På Haugland (opprinneleg kalla Hovland ytre) i Fjaler (Sogn og Fjordane) var det 2-3 bruk frå 1600-talet, og desse vart delte opp på 1700- og 1800-talet slik at det var 7 bruk på slutten av 1800-talet. Desse bruka var samla i 3 tun før utskiftinga på 1870-talet. (Utskiftinga kallar det inste tunet "indre Haugland" og resten for "ytre Haugland"). Likevel har ikkje dei ulike bruka noko anna namn enn garden, og det er fyrst på 1900-talet at ein har byrja å gje namn til teigar fråskilde desse 7 hovudbruka.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.