Gå til innhold
Arkivverket

Djupevik i 1664 og 1666


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

11 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Eg les det som

"Dybevig j pd Sm | Toer  | |  Peder

   |    | 16 Narve Kaalaas | Peder Kaalaa(s?)"

Då forstår eg det slik at Peder er brukar i Djupevik og på naboplassen Kolåsen er også ein Peder brukar og han har sonen Narve (Kan det vera Lars?) 16 år. Peder Kolåsen hadde ein son Lars fødd i 1649 og Ola fødd i 1656.

Men kva betyr Toer?

10 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

"N.9 / Dybevig skylder / j pd Sm |

Peder bruger /  __58 Aar / Tiend   j [1/2] M  |

Anphind fostersøn /  1 1/2 Aar  |

Ole Niels. 12 Aar | |

[overstroke] Peder Strandsider  "

 

Peder fortsatt brukar. Det stemmer med at ein Peder Torsen var brukar der på denne tida. Men her er også oppgitt alder og ein fosterson, det var ukjent for meg. Denne Ole Nilsen 12 år kan det vera ein tenestegut eller også fosterson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Då forstår eg det slik at Peder er brukar i Djupevik og på naboplassen Kolåsen er også ein Peder brukar og han har sonen Narve (Kan det vera Lars?) 16 år. Peder Kolåsen hadde ein son Lars fødd i 1649 og Ola fødd i 1656.

Men kva betyr Toer?

 

Nei... 

Tor(e) ("Toer") er brukar i Djupevik.

Under garden er det ein husmann eller strandsitjar kalla Peder og ein til, kalla Peder "Kaalaa(s)" (s-en forsvinn i bretten)

Det kan tenkjast den andre Peder er son til den første, men det står det ikkje noko om.

Så er det ført ein "bondeson" Narve "Kaalaas", 16 år.  (Nei, det kan ikkje lesast som "Lars").

Han er ført på linja til "Peder Kaalaa(s)" (ikkje bak oppsitjaren, Tor(e)) og høyrer rimelegvis til der

Om han er son, steson eller bror til "Peder Kaalaas", eller noko anna, er det det heller ikkje sagt noko om.

 

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Peder fortsatt brukar. Det stemmer med at ein Peder Torsen var brukar der på denne tida. Men her er også oppgitt alder og ein fosterson, det var ukjent for meg. Denne Ole Nilsen 12 år kan det vera ein tenestegut eller også fosterson?

 

Peder har vorte brukar sidan sist.

Kolonneoverskrifter står på s. 292; kol.3 er "Sønner"; kol. 4 "Tienestedrenge" - Ole høyrer til der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein Tor skulle rydda Djupevik rundt 1650, og Peder er truleg sonen. Iallfall er han oppgitt som Peder Torson i ætteboka. Peder Kålås er nok ein annan Peder på ein gard litt lenger ute. 

Når det gjeld Narve og Lars så kan det sjølvsagt vera feiltoking av namnet i ætteboka. Ikkje så mange kjelder frå den tida, og fødselsåret stemmer. Kålåsen var ein liten plass og var nok ikkje fleire bruk der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Peder Kålås er nok ein annan Peder på ein gard litt lenger ute.

Peder Kolås/"Kaalaas" er ført som husmann/strandsitjar under Djupevik; men det kan ha vorte ein eigen gard seinare.

 

Det er ikkje mogeleg å feil-lese Narve her som Lars; så det kan vere frå ei anna kjelde (eller rot i notata til forfattaren...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kolåsen var husmannsplass men under Husabø på Leikanger, så det er sikkert feil eller at dei ikkje visste det i teljinga. Djupevik var også ein liten bratt gard, men litt betre stilt enn Kolåsen, men hadde neppe husmenn på den tida. 

 

Men eg ser på høgre side i 1666 at Kolåsen, rydningsplass står rett under Djupevik. Les eg rett når namnet på brukaren er Håvard og to søner Laurits 16 år og Ole 9 år?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

47 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Men eg ser på høgre side i 1666 at Kolåsen, rydningsplass står rett under Djupevik. Les eg rett når namnet på brukaren er Håvard og to søner Laurits 16 år og Ole 9 år?

Her står "Kolaas Rødnings Plas" under same nummer ("N. 9") som "Dybevig".

Plassen har ikkje eiga skyld, men er rekna til Djupevik.

Brukaren er "Peder 58"  og søner er "Lauritz 16 aar", "Ole 9 Aar"  (her er nok kjelda for "Lars", jf. ovanfor).

 

Husabø er vel i Leikanger sokn (s. 296-297) og har mange husmenn/strandsitjarar, utan at noko plassnamn er nemnde.

Denne Kolåsen er Fresvik sokn, og må vere noko anna enn Kolås under Husabø.

På kartet er det ein Kolåasen (ås, plass) ved Kolåsstrondi og Juvik/Juvikbukt på stranda nordvest for Fresvik.

(Og ein Kolåasen ved Husabø  nord for fjorden.)

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det nok denne kjelda bygdebokskrivaren har for Lars. 

Kolåsen blei oppteken i matrikkelen i 1667 så difor er den nok førd under Djupevik som var garden nærast. Men det var faktisk Husabø og Leikanger og Slinde som hadde eigedomsretten til ei lang strekkje av stranda frå Kolåsen og utover. Framleis eigarar der borte på parti litt lenger ute. Ein veit ikkje kvifor, men fjorden var jo ferdselsåra på den tida og områda blei brukte både til stølsdrift, vedhogst og slått. 

Takk for all hjelpa med å tyda desse kjeldene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var nyttige opplysningar også for meg, då Peder Kolåsen, f. ca. 1608, og sonen Ole er mine forfedre. Hadde ikkje sett det med at han var 58 år i 1666, så var kjekt at nett denne slekta vart omtalt her. Men er vel vanskelig å komma vidare bakover kan henda. Lauritz heitte han andre, ja. Men fornorska til Lars i bygdeboka då. Synes det ødelegger, at namn blir endra slik, disse som skreiv/skriv ættebøker, bør ha med eldste skrivemåten i originalkjeldene, i tillegg til slik fornorska/modernisert skrivemåte. Bra at du la det ut, og at Ivar tyda det.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.