Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 21, 2022 Del Skrevet November 21, 2022 https://media.digitalarkivet.no/view/35573/113 På venstre side er det ein del namn eg ikkje får til å stemma med siste ættesoge. Går ut frå at kolonna heilt til høgre er husmenn og eventuelle søner? Breilid: eg les bonden til Peder og Knut i neste spalte utan at eg skjønar resten. Heilt til høgre ser eg først eit namn eg ikkje klarer, så Knud Tretteteig og to personar med Lien til etternamn. Litt lenger nede har eg Ørren der eg ikkje klarer namnet i kolonna til høgre. Så Djupevik der eg ikkje klarer tyda namnet på bonden i spalte 1. Heilt til høgre har eg Peder, så Peder Kolås med sin søn? og så kjem to linjer eg ikkje klarer. Er det nokon som vil ta jobben med å hjelpe meg her, så er eg takksam. Anne Marie B Øyri Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/ Del på andre sider More sharing options...
Elin Galtung Lihaug Skrevet November 21, 2022 Del Skrevet November 21, 2022 Her har jeg prøvd å svare på spørsmålene dine: Går ut frå at kolonna heilt til høgre er husmenn og eventuelle søner? - Det står Husmend over kolonnen Breilid: eg les bonden til Peder – ja og Knut i neste spalte utan at eg skjønar resten – Knud Nielss: er Lemster paa den eene Haand. Heilt til høgre ser eg først eit namn eg ikkje klarer – Ørie? Lien så Knud Tretteteig og to personar med Lien til etternamn – Arne Lien, Erich Lien Litt lenger nede har eg Ørren der eg ikkje klarer namnet i kolonna til høgre – Gunder Nielss: Så Djupevik der eg ikkje klarer tyda namnet på bonden i spalte 1 - Thoer Heilt til høgre har eg Peder – ja så Peder Kolås med sin søn? – ja, P K och h: Søn og så kjem to linjer eg ikkje klarer – Narffue? Peders:, tiener Splid Erichs: Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462881 Del på andre sider More sharing options...
Even Stormoen Skrevet November 21, 2022 Del Skrevet November 21, 2022 1 time siden, Elin Galtung Lihaug skrev: Knud Nielss: er Lemster paa den eene Haand. Kan karen med den lemstre hånden hete Suend ? Mvh Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462899 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 21, 2022 Forfatter Del Skrevet November 21, 2022 3 timer siden, Elin Galtung Lihaug skrev: Narffue? Peders:, tiener Splid Erichs: Takk for hjelpa så langt. 16 år som står framfor Narffue? Rart med denne Splid Erikson. Den einaste eg kan finna er sonen til presten Erik Ivarson Nordal Leganger, 1591-1658. Splid budde på Hov saman med mora presteenkja Lene Splidsdtr. Splid skulle vera brukar på Hov fram til 1674. Fødd 1635 død 1678. Syns det var rart viss det er denne Splid som er tenar på ein liten strandagard i 1664. Litt lenger nede står det Nils Snøtten og h. s. Engel, 16 år. Har eg lese namnet på sonen rett? Elin Galtung Lihaug reagerte på dette 1 Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462944 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 21, 2022 Forfatter Del Skrevet November 21, 2022 2 timer siden, Even Stormoen skrev: Kan karen med den lemstre hånden hete Suend ? Mvh Finn ikkje nokon Svend eller Knud som kan passa her, men så er det nok også mange som ikkje er komne med frå denne tida. Under Breilid finn eg ein Nils f ca 1614 som var husmann der i 1660-åra. Hadde ein son Nils fødd i 1656. Kan sjølvsagt også hatt ein son som heitte Svend eller Knud. Vil då vera fødd ca 1644 ut frå alderen på 20 år. Even Stormoen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462968 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 21, 2022 Del Skrevet November 21, 2022 3 timer siden, Even Stormoen skrev: Kan karen med den lemstre hånden hete Suend ? Han er iallfall kalla det her ... 54 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Takk for hjelpa så langt. 16 år som står framfor Narffue? Rart med denne Splid Erikson. Den einaste eg kan finna er sonen til presten Erik Ivarson Nordal Leganger, 1591-1658. Splid budde på Hov saman med mora presteenkja Lene Splidsdtr. Splid skulle vera brukar på Hov fram til 1674. Fødd 1635 død 1678. Syns det var rart viss det er denne Splid som er tenar på ein liten strandagard i 1664. "tiener Splid ...osv" tyder at Narve ("Narffue") er i teneste hjå Splind. 58 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Litt lenger nede står det Nils Snøtten og h. s. Engel, 16 år. Har eg lese namnet på sonen rett? nesten, "Engell" Even Stormoen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462986 Del på andre sider More sharing options...
Elin Galtung Lihaug Skrevet November 21, 2022 Del Skrevet November 21, 2022 3 timer siden, Even Stormoen skrev: Kan karen med den lemstre hånden hete Suend ? Mvh Ja, det har du nok rett i, Even! Even Stormoen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2462998 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 21, 2022 Forfatter Del Skrevet November 21, 2022 48 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev: tiener Splid ...osv" tyder at Narve ("Narffue") er i teneste hjå Splind. Då gir det absolutt meining. Takkar Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463001 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 22, 2022 Forfatter Del Skrevet November 22, 2022 Eg driv framleis med teljingane frå 1664 og har nokre namn eg ikkje klarer pluss nokre eg er usikre på https://media.digitalarkivet.no/view/35573/113 Høgre side Bjørnetun, bonde Hans Bøtun husmenn Tollef og Jørn Smed Høium dreng Ole Tollefsen 19, husmann Jørn ?? 56 Skrivergården: husmann Hans 51 Og på neste side: Otterhjell: bonde Oluff Hoffue og Grundeland: Kven er oppførd som bonde. Dei andre oppføringane som eg ikkje har nemnt her, er greie å lesa sjølv for meg. Takksam viss nokon vil hjelpa meg på nytt. Samanliknar også med presten sitt manntal frå same år, men her verkar det som han har vore litt meir unøyaktig. https://media.digitalarkivet.no/view/35519/148 Mange av gardane er førde under fellesnamnet Fresvik. Dei to første namna er eg usikker på. Vidare les eg det til Anders, Oluff, Hans, Rognald, Jørn, Torbjørn og det siste klarer eg ikkje. Av søner les eg Ola Mattisson, Ola Kolbeinson, Ola Jonsson og så ein eg ikkje finn ut av. Namnet på den siste husmannen klarer eg heller ikkje. På neste side over garden Ørren er det ein gard eg ikkje klarer tolka. Brukes av Preste enken? Kan det stemme? Nest siste husmannen klarer eg heller ikkje. Den siste les eg til Ivar. Her har eg ikkje skrive namna nøyaktig etter med gammal skrivemåte. Vil nokon ta bryet med å sjå på alt dette så blir eg veldig glad for det. Mvh Anne Marie B Øyri Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463199 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 22, 2022 Del Skrevet November 22, 2022 32 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Eg driv framleis med teljingane frå 1664 og har nokre namn eg ikkje klarer pluss nokre eg er usikre på https://media.digitalarkivet.no/view/35573/113 Høgre side Bjørnetun, bonde Hans Bøtun husmenn Tollef og Jørn Smed Høium dreng Ole Tollefsen 19, husmann Jørn ?? 56 Skrivergården: husmann Hans 51 Og på neste side: Otterhjell: bonde Oluff Hoffue og Grundeland: Kven er oppførd som bonde. Dei andre oppføringane som eg ikkje har nemnt her, er greie å lesa sjølv for meg. Takksam viss nokon vil hjelpa meg på nytt. Lenkja er til neste oppslag; du skulle sikkert hit: https://www.digitalarkivet.no/ft10041005313113 Eg les "Bjørtun", "Bøetun", "Tholleff", "Joen Smed", "Høyum", "Olle Tholleffs.", "Joen Oels." "Schrifueriord" (altså -jord, ikkje -gard) Husmann "Niels" 51. "Otterield", "Hoffue, Leene Sl. Hr. Eriches" "Grundeland", Schulle" Elles les eg det sånn som du. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463214 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 22, 2022 Del Skrevet November 22, 2022 43 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Samanliknar også med presten sitt manntal frå same år, men her verkar det som han har vore litt meir unøyaktig. https://media.digitalarkivet.no/view/35519/148 Mange av gardane er førde under fellesnamnet Fresvik. Dei to første namna er eg usikker på. Vidare les eg det til Anders, Oluff, Hans, Rognald, Jørn, Torbjørn og det siste klarer eg ikkje. Av søner les eg Ola Mattisson, Ola Kolbeinson, Ola Jonsson og så ein eg ikkje finn ut av. Namnet på den siste husmannen klarer eg heller ikkje. På neste side over garden Ørren er det ein gard eg ikkje klarer tolka. Brukes av Preste enken? Kan det stemme? Nest siste husmannen klarer eg heller ikkje. Den siste les eg til Ivar. Her har eg ikkje skrive namna nøyaktig etter med gammal skrivemåte. Fresvik er vel nedst til høgre (i så fall F-en inn i bretten) Brukarane les eg som "Goute, Hans, Endre, Erich, Hans, Rognhald, Joen, Torbiørn, Skule" Sønene "Ole Matthess., Ole Tollefs., Ole Joenss., Anders" Den siste husmannen: "Niels" Over "Øren" les eg "Hoffve". "Brugis aff Preste Enchen", ja. Dei to siste husmennene: "Gunder Niel[s?]" (forsvinn i bretten), "Iffver". Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463220 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 23, 2022 Forfatter Del Skrevet November 23, 2022 Mange takk Ivar. Då har eg fått plassert ein del av desse på gardar der dei var kjende frå før. Men det er også fleire ukjende sjølv blant leiglendingane /bøndene. Er vel ikkje anna å venta sidan det er så mange hundre år sidan. Og det verkar som nokre av dei sat heller kort tid som leiglendingar, var vel ikkje like enkelt å klara leige og avgifter. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463358 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 23, 2022 Forfatter Del Skrevet November 23, 2022 Endå ein eg ikkje klarte men dette er den siste! https://media.digitalarkivet.no/view/35573/113 Under Grundeland, husmenn Johannes Ivarson? med son 7 år? og kva er namnet? Veit han hadde ein son Arne men fekk det ikkje heilt til å stemma her. Bonden er Schule, eit namn eg ikkje finn her i bygda. Men på Hov styrde prestesonen Splid Erikson som også eigde fleire gardar i bygda.. Kan det ha vore at skrivaren har rota litt med namnet? Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463361 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 23, 2022 Del Skrevet November 23, 2022 58 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Under Grundeland, husmenn Johannes Ivarson? med son 7 år? og kva er namnet? Veit han hadde ein son Arne men fekk det ikkje heilt til å stemma her. Bonden er Schule, eit namn eg ikkje finn her i bygda. Men på Hov styrde prestesonen Splid Erikson som også eigde fleire gardar i bygda.. Kan det ha vore at skrivaren har rota litt med namnet? Husmannen: "Johans Arnes. er van- før I beenen" (ingen son) "Schulle" - eller normalisert til Skule; same som tyda eit par stadar ovanfor (venteleg same mann). No har du iallfall funne dette namnet i bygda ... Dette er brukaren - ikkje eigaren. Føremålet med manntalet var å få oversyn over soldatemna - og då var det menn og gutar, ikkje eigarane, som var interessante. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463376 Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 23, 2022 Forfatter Del Skrevet November 23, 2022 Takk for oppklaringa. Grunnen til at eg kopla Skule og Splid var at mora Lene var eigar og brukar på Hov og born og steborn overtok eige av gardane i Fresvik før den eine sonen kjøpte dei ut og overtok. Splid budde med mora på Hov og det verkar som om det var han som dreiv garden (gardane) fram til han døydde i 1678, men dette er sjølvsagt usikkert. Skule er nok ein som ikkje har vore fanga opp av ættebokskrivarane. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/309493-fresvik-i-1664/#findComment-2463385 Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå