Gå til innhold
Arkivverket

Oppfordring til gen-testing av manns- og kvinnelinjer (y/mt) - for dei store framstega i vår historiske innsikt


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Ein skal sikkert ikkje drive reklame her inne, så eg vil berre gjere merksam på at eit firma som testar slike linjer har utruleg gode tilbod denne veka. 

 

Eg var av dei som inntil for eit år sidan tykte at dette høyrdest ut som ein unyttig selskapsleik, og det stemmer no eigentleg, sidan det meste av slektsgransking er fullstendig unyttig, men etter eit år i "bransjen" blir eg berre meir og meir fascinert.

 

Det siste store blant mine testar er at vi er på veg til å finne opphavet til ein av Nordfior-familiane på Røros på 1600-talet. Nordfjordingar var ettertrakta arbeidskraft, og det var svært mange unge menn, særleg frå indre Nordfjord, som traska over Strynefjellet og vidare austover til Røros for å finne livsopphald. Dei færraste kom tilbake, og ved hjelp av ein heilt tilfeldig y-test her i Gloppen er vi no i ferd med å ringe inn i alle fall ein av stamfedrene.

 

Elles har vi funne sterk forbindelse mellom indre Sogn og McDonald-klanen i Skottland, vi har kunna velje den rette stammora av to Anne Olsdøtre i Hornindal, og mykje meir.

 

Mange rundt i landet er den siste attlevande på ei rein manns- eller kvinnelinje og tenkjer ikkje på at dei sjølve då faktisk er eit historisk dokument som dei vil kome til å ta med seg i grava når den dagen kjem - og då er det for seint å få den kunnskapen som ein enkel gentest kunne gjeve. Eg har nyleg funne to slike i mors-slekta mi; ei kar på 92 som stilte villeg opp, og ein annan på 50 som var litt meir skeptisk, heilt til han innsåg at han faktisk var den siste som kunne teste akkurat denne linja.

 

Menn kan teste både Y og mt (fars- og morslinje), men kvinner kan berre teste morslinja.

 

Du må sjølvsagt holde ope for overraskingar, som at farfar eigentleg ikkje er farfar, men det hender svært sjeldan, og i vår moderne tid er det dessutan få som ser på det som nokon katastrofe.

 

Breidde-testar (autosomal) er også interessant, men det er desse lange linjene som verkeleg betyr noko i slekts-samanheng. Om du t.d har ein mur-vegg i ane-treet ditt, kan gen-test vere det som skal til for å kome forbi denne veggen. 

 

Bestill gjerne gjennom https://www.norwaydna.no/om-dna-testing/norgesprosjektet-dna/ 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 9
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessante opplysninger og refleksjoner! Og til det du skriver om indre Sogn og Skotland - dreier det seg om Nitter-slekta eller annet?

 

vh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje Nitter, men ein heilt alminneleg sogning som har levert ein Y-test som ser ut til å tilhøyre ei eldre grein enn McDonaldane. Vi leitar framleis etter ein kontrollperson til den norske greina. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Syntes det ser meir komplisert ut, enn testen frå MyHeritage, alle disse tala som står der (såg på linjer for menn og kvinner rett bakover), og er vel vanskelig å velgja det rette prosjektet, der ein kan få flest treff mot andre. Kan resultatet av testen brukast på alle prosjekta ein vil vera med på? Er det slik at viss ein tek Y67 - testen, Y12 og mt DNA, så må det sendast inn prøve 3 gonger, eller kan ein senda inn ein test, så blir alt det testa samtidig? Har hatt bokmerke på sida, så er ho lett å finna igjen. 

Endret av Svein O. Tislevoll
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Svein O. Tislevoll skrev:

Syntes det ser meir komplisert ut, enn testen frå MyHeritage, alle disse tala som står der (såg på linjer for menn og kvinner rett bakover), og er vel vanskelig å velgja det rette prosjektet, der ein kan få flest treff mot andre. Kan resultatet av testen brukast på alle prosjekta ein vil vera med på? Er det slik at viss ein tek Y67 - testen, Y12 og mt DNA, så må det sendast inn prøve 3 gonger, eller kan ein senda inn ein test, så blir alt det testa samtidig? Har hatt bokmerke på sida, så er den lett å finna igjen. 

Når det gjeld desse testane som eg oppfordrar til er det svært enkelt. Du kan enten teste di reine mannslinje - dvs far-far-far-far osv bakover - eller di reine kvinnelinje, altså mor-mor-mor-mor. Begge deler kan testast på same prøvemateriale. Du kan også ta ein Y37-test no som du utvidar seinare, men tek du mange utvidingar, kan det bli slutt på materialet og du blir beden om å sende ny prøve. 

 

Når resultatet føreligg får du treff med andre i same manns- eller kvinne-linje, og om du er med i Norgesprosjektet, kan du få hjelp av administratorane der til å plassere deg i rett prosjekt. Når det gjeld fylkesprosjekta, skal du inn der manns- eller kvinnelinja di endar (eldste kjende ane). Det vil for din del seie at Y-testen skal meldast inn i Hordaland (vi brukar gamlefylkesgrenser endå) medan mt-testen (morslinja) skal meldast inn i Sogn og Fjordane.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

- elles, sidan du nemner eit firmanamn: Det firmaet kan ikkje tilby desse testane; der får du berre breidde-testen (autosomal). 

Elles kan det vere interessant for deg å vite at Liljedahls mannslinje er blant dei vi har fått dokumentert; ikkje uventa med mest svenske treff.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, har teke breidde- testen, og ser litt etter nesten kvar dag, om det er nye interessante treff, fått ein del svenske namn, men ofte har dei ikkje laga så lange linjer bakover, så litt vanskelig å finna ut kva, som er via Liljedahl- slekt, men svært interessant det du nemnde om mannslinja, då eg veit at me har korrekt linje bakover der også. 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott innlegg og godt skrevet!

 

Jeg slutter meg 100% til det du har skrevet her. Jeg tok min første Y-test for 2 år siden, og har siden fått testet flere familiemedlemmer. For min del har disse testene vært et virkelig "kaninhull". Det er mye å sette seg inn i, og mye jeg ikke forstod i begynnelsen, men etterhvert som jeg har lært mer har jeg blitt mer og mer fascinert. Det er også en test som fortsetter å "gi" utover første gang du tester deg. Etterhvert som andre tester seg kan det komme inn resultater fra andre testere som belyser dine egne resultater på en ny måte. Ellers føler jeg også at man bidrar til "historieskriving" ved å ta f.eks. en Big-Y-test. I de ulike prosjektgruppene for fylkene kan man få  et inntrykk av hvordan Norge har blitt befolket opp igjennom tidene. I min egen linje, som jeg gjennom tradisjonell forskning har sporet tilbake til en kar fra Hyllestad/Holmedal-området, har jeg funnet ut at en av mine forfedre i rein farslinje må ha kommet fra Skottland en gang i løpet av middelalderen. Den forfaderen min som kom fra Skottland til Norge het antagelig Tulloch. Den skottske innvandringen til Sogn/Sunnfjord er såvidt jeg bekjent i liten grad beskrevet i norsk historieskriving, men det er jo tydelig at påvirkning derfra må ha vært betydelig både med tanke på etternavn i området som Nitter og Mowat, men nå også Y-dna tester tatt av folk i området!

 

Nå er det gode tilbud for å kjøpe disse testene, og dersom du er klar for å dykke ned i et dypt og fascinerende kaninhull anbefaler jeg dette på det sterkeste!

 

Vil også nevne at den nye "Discover"-funksjonen som FamilytreeDNA har lansert for et par mnd siden gjør tolkningen av disse testene enklere og mer tilgjengelig enn tidligere. Her er min haplogruppe: https://discover.familytreedna.com/y-dna/R-FT396265/story

Endret av Hans Salbu
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
På 22.11.2022 den 22.18, Svein O. Tislevoll skrev:

Syntes det ser meir komplisert ut, enn testen frå MyHeritage, alle disse tala som står der (såg på linjer for menn og kvinner rett bakover), og er vel vanskelig å velgja det rette prosjektet, der ein kan få flest treff mot andre. Kan resultatet av testen brukast på alle prosjekta ein vil vera med på? Er det slik at viss ein tek Y67 - testen, Y12 og mt DNA, så må det sendast inn prøve 3 gonger, eller kan ein senda inn ein test, så blir alt det testa samtidig? Har hatt bokmerke på sida, så er ho lett å finna igjen. 

Svein !
 

MyHeritage har eg liten kunnskap om.  Familytreedna som eg brukar er det ein test du sender inn.

 

I ettertid har eg kjøpt Big-Y.  Og deretter meldt meg inn i 2 prosjekter i Familytreedna:  DNA Sogn og Fjordane + DNA Norge.

Eit kjøp eg gjorde UTAN å senda noko meir spytt til eit lab.

 

Pga Black Friday kjøpte eg mt-DNA testen nett no. Betalte $ 149 minus rabatt 30 = $ 119.

Også her eit kjøp UTAN å senda noko spytt til eit lab.

 

 


 

 

 

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forøvrig kan jeg vise til denne oversikten jeg har laget for min gren, som deles med flere farslinjer bla. den omtalte Nordfior-testen i Røros. Så langt er det identifisert en ny undergren hos YFull mellom Nordfior-testen og to andre farslinjer fra Gudbrandsdalen. Men slektsnavnet og treff med andre farslinjer fra Sogn og Fjordane, gjør at vi sannsynligvis kan spore disse litt lenger, og da tilbake til Sogn og Fjordane. Det er da bestilt en oppgradering av noen flere tester fra nettopp Sogn og Fjordane. Oversikten viser med blå linjer, de som kun er testet med Y-STR (Y12-Y111) og de med svarte linjer er testet med Big-Y, som er den ultimate testen for å avgjøre slektskap på farslinjer. Med i oversikten vises også tilknytning til farslinjer i Skotland og bla. et arkeologisk funn. Men slike undersøkelser kan fort bli kostbare, så tar gjerne imot donasjoner for de som måtte være interessert. Forøvrig er som nevnt Familytreedna sitt nye verktøy Discovery, et godt verktøy for å forstå hvordan det henger sammen. Her er for grenen I-Y22010: https://discover.familytreedna.com/y-dna/I-Y22010/story

anc-Y22010-reduced.jpg

Endret av David Widerberg Howden
  • Liker 2
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, veldig interessant. Jeg oppdaget plutselig at min svigerfars mtDNA var påført profilen hans på Geni, og det uten at han har tatt slik test. Når jeg går dette etter nærmere i sømmene, ser jeg at ei svensk dame har tatt testen og koblet resultatet opp mot Geni. Da blir alle som har morslinje som ender samme sted automatisk påført riktig mtDNA. Hun kan følge morslekta (mor - mor - mor etc) tilbake til Røros. Hun ender på samme formor som svigerfar, og ettersom Norfiorslekten på Røros var litt av utgangspunktet for dette innlegget, kan man se at vedlegget mitt viser mtDNA for Erich Olsen Norfior (men han har ikke ført dette videre til sine etterkommere - det kan bare mor hans og søstrene ).

2D092B57-0E99-4B7B-8B42-FB5699B4B3B0.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

PS for å kunne se mtDNA som er kommet inn på Geni, må man være innlogget (derfor kopierte jeg siden på Geni etter å ha logget meg på, for å vise mtDNA).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32 minutter siden, Arnstein Rønning skrev:

Ja, veldig interessant. Jeg oppdaget plutselig at min svigerfars mtDNA var påført profilen hans på Geni, og det uten at han har tatt slik test. Når jeg går dette etter nærmere i sømmene, ser jeg at ei svensk dame har tatt testen og koblet resultatet opp mot Geni.

Ja, dette er ein spennande effekt av dna-testing kobla mot Geni.  Eg går ut frå at du har sjekka i alle fall din del av denne linja; det er nemleg denne funksjonen som står bak 1 av døma eg viser til i start-innlegget - to etterkomar-linjer kobla seg mot den same for-mora, men med ulik haplogruppe. Dermed kunne vi fastslå det vi hadde mistenkt heile tida men ikkje kunna bevise: Det var TO kvinner med same førenamn og farsnamn på same gard samtidig, rundt år 1700. DNA-testar ga beviset.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.