Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 24, 2022 Del Skrevet November 24, 2022 (endret) Det skulle vera 12-13 bønder som betalte skatt i Fresvik under Tjugum i 1647. Eg har funne nokre av dei, men ikkje alle. Eg ser også at gardane i bygdene under Tjugum står om kvarandre, dei er ikkje ordna i bygdelag. Noko som for meg gjer det ekstra vanskeleg å tyda. Eg er ute etter namn på brukarane og kva gard dei står under. https://media.digitalarkivet.no/view/51301/157 Side 157 -159 Under har eg notert namna slik eg les dei, men noko usikker fleire stder. Bøtun Joen? s 158 3 kolonne. Her er det også notert ein del bak som eg ikkje skjønnar. Hov Torbjørn s 158 , 3 kolonne 2 personar nederst på side 158, 4 kolonne som eg ikkje klarer tyda. Kan det vera Hov (Hoffue)? Wikdal Matias s 158, 1 kolonne Høgheim (Hoiumb) Amund s 159, 1 kolonne. Skal også vere ein Rognald under Høgheim utan at eg fann han. Holum Torbjørn s 158, 3 kolonne Fresvig? Anders Anfinsen s 157 , 3 kolonne Frøsvig Hans s 157 3 kolonne Frøsvig Anders s 158, 3 kolonne Viss eg har lese desse namna rett så er det 8 eller 10 personar. Saknar gardane Skau og to brukarar til under Bøtun eller Skriverjorden. Nokre av desse kan stå under fellesnamnet Fresvik. Veit det er mykje å sjekka for dykk som klarer lesa denne skrifta betre enn meg, men viss nokon kan hjelpa med noko av dette, så er eg takksam for det. Elles prøver eg å finna kvegskatten i 1657 for Leikanger/Tjugum på digitalarkivet utan å lukkast. Nokon som veit kvar eg finn den? Mvh Anne Marie B Øyri Endret November 24, 2022 av Anne Marie Bøtun Øyri Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 24, 2022 Del Skrevet November 24, 2022 Lenkja er til leidang i 1647 (ikkje kvegskatt 1657) - er det rett? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 24, 2022 Forfatter Del Skrevet November 24, 2022 (endret) Du har heilt rett, her har eg blingsa. Var meint å sjå på kvegskatten, men leidangen må eg også gå gjennom☺️ Har korrigert det meste i første innlegget. Endret November 24, 2022 av Anne Marie Bøtun Øyri Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 24, 2022 Del Skrevet November 24, 2022 Eg ser ikkje Bøtun i 3. kol s. 158, men i 3. kol. s. 157, nr. 7 "Jens Bøtun", "bruger Jens Madtzen forrige Soren schriffuer. er beuilget frj" Det er vel meint at han er skattefri; leidangen hans er ikkje tald med i summen nedst (ikkje geiteskinna iallfall; eg reknar ikkje over talgen) Der er ein "Thorben Hoffue" s.158 nr. 4 i 3. kolonne og ein til s. 157 3. kol. nr 8 Dei to siste i 4. kol. s 158: "Chirsten Hoffue", "Johans ibm" nr.2 i 1.kol. s. 158: "Mathias Vigdall" s.159 1.kol, nr. 1: "Omund Høyumb" s.158 3. kol nr. 2: "Thorben Hollumb" s.157 3. kol nr. 6: "Anders Anfindtzen Frøsuig" s.157 3.kol, siste: "Jens Frøsuig" s.158 3. kol nr. 6: "Anders Frøsuig" s.158 3. kol nr. 3 "Helge Schougs" - kan han brukast? Appropos tidlegare "har ikkje sett Skule som namn": s. 158, 3. kol øvst: "Schulle LaugmandtzAas" Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Elin Galtung Lihaug Skrevet November 24, 2022 Del Skrevet November 24, 2022 Her er det kvegskatt 1657 - håper du finner det du er på jakt etter: https://www.digitalarkivet.no/rk20080908620301 https://media.digitalarkivet.no/db/contents/76935 Anne Marie Bøtun Øyri reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Elin Galtung Lihaug Skrevet November 24, 2022 Del Skrevet November 24, 2022 Skattematrikkelen 1647 har du vel? https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013090424001 https://www.nb.no/items/b67b7599fa2386208fad9044015e54fd?page=91&searchText=tjugum Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 25, 2022 Forfatter Del Skrevet November 25, 2022 21 timer siden, Elin Galtung Lihaug skrev: Skattematrikkelen 1647 har du vel? https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013090424001 https://www.nb.no/items/b67b7599fa2386208fad9044015e54fd?page=91&searchText=tjugum Nei denne hadde eg ikkje. Har berre gått til kjelda på digitalarkivet. Takk skal du ha! Elin Galtung Lihaug reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 25, 2022 Forfatter Del Skrevet November 25, 2022 22 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev: s.158 3. kol nr. 3 "Helge Schougs" - kan han brukast? Appropos tidlegare "har ikkje sett Skule som namn": s. 158, 3. kol øvst: "Schulle LaugmandtzAas" Lurer på om det kan vera Goute Schougs? Har sjekka opp denne Skule på Lagmannsås men finn ikkje forbindelse mot Fresvik, men sjølvsagt kan det vera noko der likevel. Takk for resten av jobben! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 25, 2022 Forfatter Del Skrevet November 25, 2022 Takk til Elin for denne lenka til kvegskatten https://www.digitalarkivet.no/rk20080908620301 No har eg prøv å finna ut av namna på dei som vart skattlagde for Fresvik under Tjugum. Fet er dei 4 siste på venstre side og resten på høgre side https://media.digitalarkivet.no/view/76935/296 Eg les dei slik: Gouthe Schoug Hans Frøsvig Niels Bøtun Mattias Bøtun ? Bøtun Rognald Hoiumb Ørjan? Jørgen? Hoiumb Iffuer Flette Torben Houlumb Elling Grundeland Peder Breli?? Antonius Otterhjell Torben Hoffue Johannes Øhren Peder Diubevig Olle Wigdall Etternamna er sikkert ikkje korrekt avskrivne men er mest ute etter om førenamna er rette og så er det eit etternamn der eg var usikker. Vil nokon sjekka om eg har forstått det rett så hadde det vore fint. Mvh Anne Marie B Øyri Elin Galtung Lihaug reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Even Stormoen Skrevet November 25, 2022 Del Skrevet November 25, 2022 Mener det meste er riktig. Hvis det er så at stavemåten ikke er så nøye . . . Har retteforslag i fet skrift. Merkelig med Ragnild blant alle gutta, men det ser slik ut. Kanskje Rognild? Slutter på -ild, uansett. Gouthe Schoug Hans Frøsvig Niels Bøtun Mattias Bøtun Olle Bøtun Ragnild Hoiumb Ørjan? Jørgen (ja) Hoiumb Iffuer Flette Torben Houlumb Elling Grundeland Peder Breli (tror også dét) Antonius Otterhjell Torben Hoffue Johannes Øhren Peder Diubevig Olle Wigdall Mvh Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 25, 2022 Forfatter Del Skrevet November 25, 2022 Takk skal du ha. Men eg trur det må vera ei feilskriving i skattelista på denne dama. Var ein leiglending på den tida på Høgheim (Hoiumb) som heitte Rognald- Må vera han som er meint. Even Stormoen reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 25, 2022 Del Skrevet November 25, 2022 5 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Lurer på om det kan vera Goute Schougs? Det står "Helge" her (framleis i 1647) Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 25, 2022 Del Skrevet November 25, 2022 (endret) 12 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Takk skal du ha. Men eg trur det må vera ei feilskriving i skattelista på denne dama. Var ein leiglending på den tida på Høgheim (Hoiumb) som heitte Rognald- Må vera han som er meint. Det står tydeleg "Ragnild" i kvegskatten. Ikkje nemnd i 1647, men eg la merke til "Ragnild" i eitt (eller fleire) av manntala også. Her til dømes, "Ragneld" på "Høyum" (nesten nedst) RA, Fogdenes og sorenskrivernes manntall 1664-1666, nr. 14: Hardanger len, Ytre Sogn fogderi og Indre Sogn fogderi, 1664-1665, s. 204-205 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10041005313113 Det kan vere ei enkje som driv garden. Endret November 26, 2022 av Ivar S. Ertesvåg Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet November 28, 2022 Forfatter Del Skrevet November 28, 2022 Ja eg har også sett at det står Ragneld. Denne Rognald som eg trudde det var var fødd ca 1614 og skulle vera leiglending på Høgheim (Hoiumb) frå 1639. Han vitna i retten i 1675 så han var framleis i live då. Han var gift med Barbro Andersdtr. Høgheim. Dei overtok bygsla etter far til Barbro. Det er det me veit om desse to. Ser ut som vi ikkje kjem lenger med dette mysteriet. Når det gjeld Gaute og Helge Skau så står det i ættesoga at Helge var leiglending 1637-1643 og Gaute 1645-1686. Men ut frå skattelistene så har Helge framleis drive garden i 1647. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå