Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg er ikkje Arkivverket, men lell...

 

"stigten" = stiftet = bispedømmet.

Ved reformasjonen var bispedømme-godset kverrsett av kongen.

I rekneskap frå 1600-talet er landskyld og andre inntekter av dette godset ført saman med krungodset.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/309928-tyding-av-dokument/#findComment-2464756
Del på andre sider

Det gjeld vel 1600-talet...(?)  Det ville kanskje hjelpe med eit døme eller fleire.

 

I lensrekneskapa finn du rekneskap over landskyld (årleg), bygselavgifter (førstebygsel, ny brukar) og tredjeårstake. Landskyld er gjerne ført som eige rekneskap.

Overskrift i arkivet kan vere noko slikt som "Jordebok", "Landskyld", mfl.  Første- og tredjeårs bygsel kan stå under futerekneskap eller noko sånt. 

 

Det kan stå eigne lister for "kronens jorder/landskyld" og "stigtens ...."; eller ført felles "Kronens og stigtens ...". I det siste tilfellet vert

det ikkje noko skilje mellom krungods og stiftsgods.  I praksis var det heller ingen skilnad. Kongen tok inntektene.

 

Overskriftene kan ymse litt, først med futen (eller fullmektigen) som førte rekneskapen, og så med arkivaren som laga overskrifter i arkivkatalogen.

 

Etter ca. 1660 står rekneskapa under Stiftamtsstove-rekneskap. Men då hadde kongen avhenda det aller meste av godset likevel.

 

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/309928-tyding-av-dokument/#findComment-2464873
Del på andre sider

17 minutter siden, Liv Karin Flolid Lien skrev:

Eg meinte før reformasjonen, r kruna konfiskerte. Kva gardar i Gula skipreide som høyrde til bispedømmet.

Gulen er vel (Nord-)Hordaland.

Eg kjenner ikkje til om det finst jordebøker for bispen i Bergen (som kunne svare til Olav Engelbrektsson si for Nidaros og Jon Raude si for Oslo).

Dersom futen har ført bygselinntekter (landskyld) i eigne lister for stiftsgods og for krungods (eg har sett slike lister for Sogn) i Lensrekneskapa kring /etter 1600, kan det vere

den beste tilnærminga du kan finne. Det var truleg få status-endringar det første hundreåret etter reformasjonen (det kan ha vore makebyte som ikkje er dokumentert).

Dersom han har ført dei i ei felles liste (som eg trur er nokså konsekvent for Sunnmøre), får du kanskje ikkje noko svar.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/309928-tyding-av-dokument/#findComment-2465056
Del på andre sider

Eg trur du har flaks ...

I 1591 har futen ført eigne lister  for krungods og stiftsgods:

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0001: Bergenhus len, 1577-1598
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080827640053

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/309928-tyding-av-dokument/#findComment-2465059
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.