Liv Karin Flolid Lien Skrevet November 28, 2022 Del Skrevet November 28, 2022 Hei! Kva meinast med stigtenns lanndskyld. Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 28, 2022 Del Skrevet November 28, 2022 (endret) Eg er ikkje Arkivverket, men lell... "stigten" = stiftet = bispedømmet. Ved reformasjonen var bispedømme-godset kverrsett av kongen. I rekneskap frå 1600-talet er landskyld og andre inntekter av dette godset ført saman med krungodset. Endret November 28, 2022 av Ivar S. Ertesvåg Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet November 28, 2022 Forfatter Del Skrevet November 28, 2022 Tusen takk. Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet November 29, 2022 Forfatter Del Skrevet November 29, 2022 God morgon! Kan du seie noko om kor eg kan finne kva bruk som var bispedømme- gods? Mvh Liv. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 29, 2022 Del Skrevet November 29, 2022 (endret) Det gjeld vel 1600-talet...(?) Det ville kanskje hjelpe med eit døme eller fleire. I lensrekneskapa finn du rekneskap over landskyld (årleg), bygselavgifter (førstebygsel, ny brukar) og tredjeårstake. Landskyld er gjerne ført som eige rekneskap. Overskrift i arkivet kan vere noko slikt som "Jordebok", "Landskyld", mfl. Første- og tredjeårs bygsel kan stå under futerekneskap eller noko sånt. Det kan stå eigne lister for "kronens jorder/landskyld" og "stigtens ...."; eller ført felles "Kronens og stigtens ...". I det siste tilfellet vert det ikkje noko skilje mellom krungods og stiftsgods. I praksis var det heller ingen skilnad. Kongen tok inntektene. Overskriftene kan ymse litt, først med futen (eller fullmektigen) som førte rekneskapen, og så med arkivaren som laga overskrifter i arkivkatalogen. Etter ca. 1660 står rekneskapa under Stiftamtsstove-rekneskap. Men då hadde kongen avhenda det aller meste av godset likevel. Endret November 29, 2022 av Ivar S. Ertesvåg Torbjørn Igelkjøn reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet November 29, 2022 Forfatter Del Skrevet November 29, 2022 Eg meinte før reformasjonen, før kruna konfiskerte. Kva gardar i Gula skipreide som høyrde til bispedømmet. Mv.h Liv. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 29, 2022 Del Skrevet November 29, 2022 17 minutter siden, Liv Karin Flolid Lien skrev: Eg meinte før reformasjonen, før kruna konfiskerte. Kva gardar i Gula skipreide som høyrde til bispedømmet. Gulen er vel (Nord-)Hordaland. Eg kjenner ikkje til om det finst jordebøker for bispen i Bergen (som kunne svare til Olav Engelbrektsson si for Nidaros og Jon Raude si for Oslo). Dersom futen har ført bygselinntekter (landskyld) i eigne lister for stiftsgods og for krungods (eg har sett slike lister for Sogn) i Lensrekneskapa kring /etter 1600, kan det vere den beste tilnærminga du kan finne. Det var truleg få status-endringar det første hundreåret etter reformasjonen (det kan ha vore makebyte som ikkje er dokumentert). Dersom han har ført dei i ei felles liste (som eg trur er nokså konsekvent for Sunnmøre), får du kanskje ikkje noko svar. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet November 29, 2022 Del Skrevet November 29, 2022 Eg trur du har flaks ... I 1591 har futen ført eigne lister for krungods og stiftsgods: Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0001: Bergenhus len, 1577-1598 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080827640053 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Liv Karin Flolid Lien Skrevet Desember 12, 2022 Forfatter Del Skrevet Desember 12, 2022 Takkar for gode svar. Eg har eit lite spørsmål til: Landsskylda på garden er betalt i smør og malt. Eg finn at malt er laga av korn, men korleis vart det produsert vidare? Mvh Liv Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå