Gå til innhold
Arkivverket

"Læsøe Preste-Kalds omtrendtlige beskaffenhed"


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Dette gjeld ei kjelde som er referert i Bygdebok for Lesja bd. 3 side 35. Den skal altså ha vore skrive i 1732 av Niels Stockflet (ca. 1701-1765), prest i Lesja 1734-1745, som svar på 20 spørsmål bispen hadde sendt ut. Stockflet vart så prest i Fåberg, men bygdeskildringa har ikkje vore kjent før ei avskrift skal ha blitt funne i 1986 i sokneprestarkivet for Vestre Gausdal. Den skal truleg ha vore gjort av Stockflets etterfølgjar i Lesja, Henning Fuglberg, frå kallsboka i Lesja. Den er dessverre tapt.

 

Nærare info er ikkje teke vare på i bygdebokarkivet, men kan det vere referanse til eit slikt dokument i sokneprestarkivet for Gausdal?

 

På førehand takk for svar / tips om kvar denne kjelda kan finnsat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er kun eit rådgjevande forum, så vi kan ikkje foreta oppslag i arkiva. Men om du ser på arkivkatalogen til Gausdal prestekontor, så er det iallfall muleg at avskrifta kan vere der:

https://arkivportalen.no/entity/no-a1450-03000000000864?ins=SAH

 

Arkivet er tilgjengeleg via lesesalen til Statsarkivet i Hamar.

https://www.arkivverket.no/om-oss/besok-oss/statsarkivet-i-hamar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.