Gå til innhold
Arkivverket

Tyde patronym eller bustad eller "yrke" – dåp i Tinn 1798 – Jon G.................s Søn kldt. Ole


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

I går eit siste detaljspørsmål frå Tinn-protokollen 1757–1810, i dag eit siste transkripsjonsspørsmål. 

 

Skot i blinde, men verdt å prøve: Kva står det som patronym eller bustad eller "yrke" for Jon som har sonen Ole til dåpen?

Jon G.........s Søn kldt. Ole

 

Dåp nummer 62 lengst ned på side 256.

 

Tinn kirkebøker, SAKO/A-308/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, s. 256-257
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061211340101

 

Sjølv tvilar eg på at det er eit patronym, men ein ukjend bustad kan det vera enda så godt kjent eg er i lokalområdet. Det kan også vera eit "yrke" sjølv om det særs sjeldan blir innført.

 

Ordet eg har køyrt meg fast på er skrive med gotisk handskrift i motsetning til namn elles som er skrivne med latinske bokstavar. Det førekjem at skrivaren "gløymer" seg bort og fører namn og/eller bustad med gotiske bokstavar, men det er unntak. "Yrke" derimot er "alltid" med gotisk alfabet.

 

Framlegg?

 

Foto frå protokollen:

IMG_8223.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja, tviler på at dette er til synderlig hjelp, men for meg ser det ut som om ‹nøtten› er skrevet med latinske bokstaver – Grumarms – men det gir vel neppe mening hverken som patronym, yrke eller bosted.

 

Mvh

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sju-åtte alternativ på blokka, men ville ikkje leggje nokon føringar i innlegget mitt.

 

Etter Evens framlegg kan eg "avsløre" at siste del av av ordet "-marn" minner mistenkjeleg på mitt eige notat der det sto "marem", ja med særs god vilje altså. Det fører til Mårem-grende (på embetsdansk "Marum/Marem") i Atrå.

 

Eg ser at det blant fadderane er folk som bur i gangavstand til, eller på, ein av Mårem-gardane. Så ser eg også at det på ein av Mårem-gardane er ein Jon som har born til dåp i heile perioden 1785–1800. Denne Ole [Ola] som blei døypt i 2. adventssundag 1798, må vera den same Ola som døyr 7 veker gamal og blir jordfest i juli 1799: "nr. 20 John Marums Søn, Ole 7 Uger"

 

Tinn kirkebøker, SAKO/A-308/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, s. 452-453
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061211340199
 

Så da hellar eg altså sterkt i retning av "-marem" som siste ledd. Det fyrste kan vera eit lokalnamn på denne spesielle Mårem-garden for å skilja han frå dei andre Mårem-gardane. Og det ser minsanten ut som "Gru-" ! Eg må undersøkje nærare dette med eit eventuelt lokalt tilnamn på garden.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Eg avsluttar no drøftinga og fører «Grumarm» inn i databasen med denne lange merknaden:
 
Registrator les «Jon Grumarms Søn, Ole» (mindre truleg «Grumaems»). Namn på fadderane peikar mot Måremgrende i Atrå, i den tids språkdrakt oftast skrive «Marum», men her i så fall feilaktig ført som «-marm».
 
Jon Torsteinsson og Gro Trulsdotter Mårem har born til dåpen i heile tidsrommet 1785-1800. «John Marums Søn Ole» er jordfest i juli 1799, død 7 veker gamal. Han er truleg identisk med «Ole» i herverande dåpsinnførsel. 
 
Føreleddet «Gru-» let seg ikkje opplagt forklare. Det kan vise til «grue», d.v.s. at denne Mårem-garden i motsetning til dei andre hadde ei mura gruve. Men førespurnad i 2022 til to trygge tinnmålbrukarar gjev ikkje støtte for tanken. Begge svara at «pist» (peis) er nemninga i Tinn. Ordbruken i 1798 kan likevel ha vore annleis. 
 
«Gru-» kan moglegvis, men mindre truleg, også vise til at den aktuelle Mårem-garden var Gro Trulsdotters arvelut. Men denne Gro, og tallause andre Gro-ar, er aldri elles skrivne som anna enn Gro/Groe i protokollen.
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.