Gå til innhold
Arkivverket

Tingbok frå 1664


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/28580/2

Eg har eit notat frå ei tingbok for Fresvik i 1664, Tjugum under Ytre Sogn:

Tømmeret som vert skore er frå felles skogar; Prestebolet Kirkens, Lektoratet Commis: Lysse Closter og vidare. Hr. Iffur foregår at eie som hans Ll. Fader sig havde tilforhandlet aff Ll. Jan Strarup, for 23 år siden. Nemlig anno 1641 den 30 marts, og deraf har sin Hemmel. Der foruden kaffur Hr. Erik Wed Mageskifte med Kongl. Ma. tilbyt sig nogle gårde her udi Frøsvig. Så her Iffur nu følger og eier 12 Lbr Leie.

 

Har også notert at han kunne skjera 900 tylvter, noko eg syns var veldig høgt samanlikna med skjering dei andre åra.

Men eg ha desverre ikkje notert sida dette stod på og truleg stod det meir enn det eg har her. 

Har bladd i tingboka utan at eg klarer finna dette att. Er det nokon som kan hjelpa med her på forumet?

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja... det var eit "livleg" år i Tjugum skipreide...

 

Det er vårting 23. feb. s. 2a-3b, Sommarting 12. juni 21a-22b, haustting 10. okt 29b-33b for Tjugum:

Slagsmål med nevar, kniv og øks, skatterestansar, utskjelling, eigarskifte, drukkenskap i kyrkja, osv ... er nokre av sakene.

 

Eg kan ha oversett noko, men det næraste eg finn er nedst s. 30a (hausttinget), der det vert lagt fram

"en Supplication Anlangende En Saugs OpRettetlse vdj Fresuig", datert 27 Apr(?) 1664, med svar frå kanslaren

datert 21 Mai 1664, som vert lest for retten (tinget).

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Ivar!

Det vart oppsett 4 flaumsager i Fresvikåsen frå 1664 og fram mot ca 1770, så dette er nok ei av dei. 

Rart ikkje det stod noko om den saga som stod ved sjøen og presten Ivar Eirikson eigde. Ho skulle vera oppsett før 1600. Sidan det står at det er 23 år sidan saga vart kjøpt i 1641 antok eg at 1664 måtte vera året eg skulle leita i tingbøkene. Men viss ikkje dei var heilt presise, så kan det jo ha vore slutten av 1663 eller byrjinga av 1665 ein bør leita. 

Eg får sjå på hausttinget 1663 og vårtinget 1665 og sjå om eg finn noko der.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at eg ikkje finst tingbøker verken for 1663 eller 1665. Er det andre stader ein kan finna informasjon om skattleggjing i denne perioden? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.