Gå til innhold
Arkivverket

Skifte etter Mar Ivarsdtr. Eitorn i 1756, kven var arvingar?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24163/214

Etter som eg skjønar hadde ikkje Mari og Mannen arvingar og arvingane hennar var då syskena Magnild (død), Torbjørn (død), Torgjer, Hans, Bendik eller deira born. Dei to brørne Ola og Ørje ser eg ikkje nemnde, truleg døde utan arvingar. Alder er visst ikkje nemnde, berre at dei er myndige.

Takksam for korrigeringar og meir utfyllande opplysningar. 

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tek med det vesentlege:

...den ved Døden afgangne Dannekone Marj Iwersdatter, mellem hendes efterlevende Enckemand Erich Lassesen Eithun, og den afdøde Kones Arvinger som ere: Eldste Broder Torgier Iwersen Sande, myndig og tilstæde, 2den Broder Hans Iwersen Underdahl, fraværende, men for hannem tilstæde Lars Johansen Underdahl. 3die Broder Bendix Iwersen Frønningen, myndig og tilstæde, og 1 Søster ved Navn Magnilde Iwersdatter, der er død, og har efterladt sig trende Børn, neml. 1 Søn ved Navn Iwer Amundsen myndig, men fraværende udj Christiania, Eldste Datter Marithe Amundsdatter, gift med Anfind Maarsen Werchen begge tilstæde, og Anden Datter Sigri Amundsdatter 40 Aar gl.- medhavende Bondelensmanden udj Søstrand Skibrede Helje Erichsen Niøss, tilligemed Michel Erichsen Eithun, begge af Kongl. Majts Foged opnævnte som laugRettes og vurderingsmænd ved denne Forretning.-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk.

Då levde framleis enkemannen Erik Lassesen Eithun i 1756. Eg fann ein Erik Lassesen i manntalet i 1701. Han var fødd i 1668, så viss dette er han så byrja han å dra på åra i 1756. 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000628125

 

Viss dette er rette personen så må han ha vore enkemann då han gifte seg med Mari, ser han har to søner i 1701. Har ikkje klart å finna skifte etter han.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Såg også på skiftet etter far til Mari i 1728. Brørne Ola og Ørje hadde vore i militæret men hadde tydlegvis desertert. Dei er nemnde heilt på slutten av skiftet også. Noko meir om dei enn at dei har desertert?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"...børn Torbiørn, Torgier, Hans, Bendix, Ørjen og Ole ( disse

2de sidste Soldater i deris Majts tieniste og eftter Spargement bort-

løben ) Magnilde og Mari Ifvers Sønner og døttre ..."

 

Det er altså ifl rykte at dei er "bortløben".  https://ordnet.dk/ods/ordbog?query=spargement

 

Det er sett av to brorlutar i arv til dei; altså vanleg arv.

Enkja/stemora skal ta vare på arven deira:
"Enhver annammede paa Skifttestæden sin tilfaldne fader

og moderarf, undtagen Torbiørn, hvortil Enchen er

ansvarlig, saavelsom for Ørjens og Oles, som hun iche

fra sig leverer foruden vedbørlig qvitering."

 

 

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar. På eit skifte i 1751 er dei to ikkje tekne med, så då må ein vel kunne anta at dei er døde før den tid og utan arvingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.