Gå til innhold
Arkivverket

Kjelde til Bømlo Bygdebok Bind 3


Marius Glærum
 Del

Recommended Posts

Hei,

 

I Bømlo Bygdebok Bind 3 så er det nemnd at klosterfuten frå Halsnøy kloster, lensmann og lagrettesmann gjekk opp markeskiftet mellom klosterjord og prestebolsjord i 1608.

Eg har ikkje lykkast med å finne denne kjelda. Er all materiale frå Halsnøy kloster digitalisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet? Eller har dykk tips til andre stader eg kan leite etter dette?

Tusen takk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi ber alle brukarar om å ha både for- og etternamn med i visningsnamnet sitt. Bruksanvisning for korleis endre visningsnamn:

https://www.digitalarkivet.no/content/1144/endre-visningsnavn

 

Vi kjenner ikkje til ei eiga arkiv-samling for Halsnøy kloster. Altså må du leite i andre arkiv og i samlingar med dokument/fragment. Diplomsamlinga i Riksarkivet er eit eksempel på ei slik samling. Du finn katalog på Arkivportalen, og noko av dette er digitalisert i Digitalarkivet . Elles har f.eks Bergen ei eiga dokumentsamling. Universitetsbiblioteket i Bergen har også ei diplomsamling.

 

Du kan finne noko materiale ved søk på Digitalarkivet. Og du kan finne referansar til meir arkivmateriale ved søk på Arkivportalen.

Det kan virke som om bygdebokforfattaren har hatt tilgang til dokumentet(kanskje), og om du les forordet til boka du refererer til, så blir det også vist til at det har vore innlånt materiale frå private, og der har vi naturleg nok inga oversikt over kva som kan finnast. Bortsett frå det som eventuelt kjem fram i arkivmaterialet til bygdeboknemnda som fins hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland.

 

Kan også legge til til at eg har sjekka i avskriftssamlinga til Statsarkivet i Bergen uten å ha funne referanse til denne forretninga der.

PS: Vi har ikkje publisert alt arkivmateriale som fins verken for Halsnøy kloster eller for andre institusjonar. Det er kun ein ørliten del av alt arkivmaterialet vi har som ligg ute på Digitalarkivet. Du finn meir arkivmateriale på Arkivportalen der vi forsøker etter beste evne å få publisert katalogane til arkivmaterialet vårt. Men også der er det på langt nær alt arkivmateriale som er kome med (men vi jobbar til stadighet med å forbetre dette).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.