Gå til innhold
Arkivverket

Villum Andreas Kristenson (1684-1708) - frå Lægreid i Eidfjord (HO) til Melvær i Askvoll (S&F): Finnes det meir informasjon om hans foreldre etc.?


Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Han skal vere min 7xtipp-oldefar via dottera Vilmikke (1708-før 1786).

 

Ref. Askvoll Bygdebok, Melvær, nr. 19:

image.png.af5d8d4f1d6b53cdd6a515b61dcf3624.png

https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=271

 

Iht https://www.geni.com/people/Velum-Andreas-Lægreid/6000000017295815743 var han frå Lægreid i Eidfjord.

 

Omtala her: https://www.nb.no/search?q="willum andreas christensen"&mediatype=tidsskrift

 

Namna til foreldra hans er nemnde, men kvar kjem denne informasjonen frå?

 

Er det mogeleg å finne noko meir informasjon om han, foreldra og evt. søsken?

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
On 2/15/2023 at 10:18 PM, Gisle Hersvik said:

Namna til foreldra hans er nemnde, men kvar kjem denne informasjonen frå?

 

Askvoll sokneprestembete, SAB/A-79501/H/Haa/Haaa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1706-1711, s. 63
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070319620062
 

image.png.d3968dcb998f84e363fa514c57f0352a.png

- Fad: Christen Andersøn

- Mod: Dorreta Michels dt

- 24 aar

 

Manntall 1701: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000616547 (16 år)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Gisle !

 

I april 2003 starta du ein tråd i dette forumet, og du fekk nokre svar då:

https://forum.arkivverket.no/topic/100377-14572-sofie-olsdtr-f-årdal-g1854-m-jonas-thomas-værøy-vilnesaskvoll/#comment-824408


Noko svar på spyrsmåla dine fekk du ikkje då, og kven som er levande no etter snart 20 år, det veit eg ikkje.

Men Arne Sollie er både levandes og inntr i slekt både i Askvoll og i Nattvig, Årdal.

 

Mogelig at han har noko å tilføra.  Sjølv så har eg søkt på Dorte Kristen og Mikkel i dei 3 andre bygde-bøkene om Askvoll:

2A, 1 og nr 3 UTAN noko hell.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Jon,

Takk for innspel. Debatten frå 2003 hadde eg gløymt 🙂

 

Eg trur ikkje det er meir å hente om Villum Andreas Kristenson med foreldre / evt søsken i bygdebøkene for Askvoll. Om Lægreid i Eidfjord er rette sporet så er det kanskje noko meir å finne i det området...


Eg kan sjølvsagt høyre med Arne Solli.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmålet er om nokon kan slå opp i NST (jf. startinnlegget), slik at ein kan få vite kva som står der, og om det er kjelda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følgje MT1701 var Villum frå Sunnhord len.

 

Har Eidfjord nokon gong høyrt til Sunnhordland?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspel frå Arne og Torbjørn,

 

15 hours ago, Torbjørn Igelkjøn said:

Har Eidfjord nokon gong høyrt til Sunnhordland?

 

Tja, det ligg vel heller i Hardanger, i dag iallefall: https://no.wikipedia.org/wiki/Sunnhordland (sjå kartet som ligg der)

 

16 hours ago, Torbjørn Igelkjøn said:

Spørsmålet er om nokon kan slå opp i NST (jf. startinnlegget), slik at ein kan få vite kva som står der, og om det er kjelda.

 

Eg fekk relevante sider oversendt i går, men der er det ikkje så veldig mykje nytt å hente. Det er eit innsendt spørsmål [Spørsmål: 561]ang. opphavet - i Sunnhordland - til Villum og kven hans foreldre var. Videre er det spurt om Sille Cathrine Kierulf sitt danske opphav. Ho vart gift med bror-sonen (Engel) til Peder Andersen (1660-1727).

 

Innsenderen nevner at sidan er det langt frå Sunnhordland (eks. Leirvik, Stord) til Sunnfjord (eks. Florø) - samt hans unge alder - så må det vere eit eller anna slektskap mellom brukeren av Musøen / Musøy den gang, d.v.s. Peder Andersen (1660-1727) (nr. 13 her: https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=311 - og nr. 22 her: https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=307). 

 

Finnes det oversikt over evt. svar til Spørsmål: 561 ?

 

20 hours ago, Arne Solli said:

Nei, har ikkje noko å tilføye, men namnet Anders/Andreas frå Lægreid kan peike i retning kretsen kring prestefamilien Riber (jf. bruk 5/1
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014070905002?page=105)

 

Eg var inne på same tanken om tilknytning til Riber, men vi veit vel ikkje kvar Lægreid-navnet evt. dukker opp i kjelder knytta til desse folka - så Lægreid kan også vere eit blindspor.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gisle, Torbjørn og andre som kan noko betre enn eg om Ytre strøk i Sogn & Fj !

 

Legreid i Eidfjord og Legreid på Årdalstangen, er trulig bomskot.

 

Sjå på han her i FT 1701 ( som ikkje har noko med innlegget å gjera) kvar han bur:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000629090
 

Legreid i Askvoll !!
 

 KAN DET væra Legreid i Hyllestad i dag ???

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.3.2023 den 16.31, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Spørsmålet er om nokon kan slå opp i NST (jf. startinnlegget), slik at ein kan få vite kva som står der, og om det er kjelda.

 

12 timer siden, Gisle Hersvik skrev:

 

Eg fekk relevante sider oversendt i går, men der er det ikkje så veldig mykje nytt å hente. Det er eit innsendt spørsmål [Spørsmål: 561]ang. opphavet - i Sunnhordland - til Villum og kven hans foreldre var. Videre er det spurt om Sille Cathrine Kierulf sitt danske opphav. Ho vart gift med bror-sonen (Engel) til Peder Andersen (1660-1727).

 

Innsenderen nevner at sidan er det langt frå Sunnhordland (eks. Leirvik, Stord) til Sunnfjord (eks. Florø) - samt hans unge alder - så må det vere eit eller anna slektskap mellom brukeren av Musøen / Musøy den gang, d.v.s. Peder Andersen (1660-1727) (nr. 13 her: https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=311 - og nr. 22 her: https://www.nb.no/items/7d8e4ccc83e14931a7373a22667c8866?page=307). 

 

Finnes det oversikt over evt. svar til Spørsmål: 561 ?

 

Eg meinte at eg hadde vore borti NST i samband med desse bulendingane, men trudde det var i samband med utvida tilgang hos nb.no under pandemien. Men no fann eg omsider ut at eg faktisk ba om oppslag her i forumet:

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Jon Sværen skrev:

Gisle, Torbjørn og andre som kan noko betre enn eg om Ytre strøk i Sogn & Fj !

 

Legreid i Eidfjord og Legreid på Årdalstangen, er trulig bomskot.

 

Sjå på han her i FT 1701 ( som ikkje har noko med innlegget å gjera) kvar han bur:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000629090
 

Legreid i Askvoll !!
 

 KAN DET væra Legreid i Hyllestad i dag ???

 

 

 

Villum er ikkje nemnd under Lireid i bygdeboka for Hyllestad.

https://www.nb.no/items/429c441cdfb31ec014c29f9430a49c20?page=465&searchText=bygdebok hyllestad

 

Eg tvilar på at Lægreid-namnet kjem derifrå.

 

Førebels er det vel berre Geni ein har som "kjelde" for at han var frå Lægreid/Eidfjord. MT1701 seier Sunhordland.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

GRATULERA Torbjørn !

 

Då har du løyst kven foreldra til Villum var.

 

Når Gisle har komen til Syndagen, vil også trulig han takka deg, Torbjørn.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

28 minutter siden, Jon Sværen skrev:

GRATULERA Torbjørn !

 

Då har du løyst kven foreldra til Villum var.

 

Når Gisle har komen til Syndagen, vil også trulig han takka deg, Torbjørn.

 

 

 

 

 

No heng eg ikkje med.

 

Trådane mine i 2019 var eit forsøk på å nøste opp i ulike påstandar rundt danske Silla Katrine Kierulf, men artikkelen i NST er den same artikkelen som drøftar spørsmålet om Villum Kristenson sitt opphav, jf. innlegga ovanfor.

 

Kyrkjeboka nemner namnet på foreldra til Villum (jf. innlegg #1), men ikkje kvar dei var frå. I følgje MT1701 var Villum frå Sunnhordland.

Men det er ikkje eg som har lagt inn på Geni at Villum var frå Lægreid i Eidfjord. Spørsmålet om kva som er kjelda for påstanden er etter det eg kan forstå framleis ope.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dei siste innlegga.

 

Dessverre ingenting nytt mtp kvar Villum kom frå.

 

Silla Katrine Kierulf og detaljer omkring henne er sjølvsagt også interessant... 🙂

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Gisle Hersvik skrev:

 

Silla Katrine Kierulf og detaljer omkring henne er sjølvsagt også interessant... 🙂

 

Som du heilt sikkert har sett ligg det ei utgreiing om Silla i "om"-feltet på profilen hennar på Geni.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.3.2023 den 12.39, Arne Solli skrev:

Nei, har ikkje noko å tilføye, men namnet Anders/Andreas frå Lægreid kan peike i retning kretsen kring prestefamilien Riber (jf. bruk 5/1
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014070905002?page=105)

 

På side 140 er det nemnt ein Anders Guttormson som m.a. hadde ein son som heitte Kristian. Desse er nemnde på Lægreid i både fute- og prestemanntalet 1665. I følgje bygdeboka flytta Kristian Andersson til garden Røyso, og ein finn han att på side 280. Der er det nemnt fleire born, men ingen Villum.

 

Eg har sendt spørsmål via Geni til han som la ut slektstreet, men om han har fått meldinga veit eg ikkje. Det er jo nokre år sidan dette vart lagt ut.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit militært manntal frå 1704 over sjølegdene i Askvoll nemner Engel Andersson Værøy, som då var "rejst af til Bergen".

https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000189016

Han vart som kjent seinare g. med Silla Catharina Kierulf.

 

Manntalet nemner verken Villum Kristenson eller Peder Andersson Musøy/Hillersøy.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Giftermål i 1686, Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000075237 - kan dette vere foreldre til Villum? Villum skal vere f. ca. 1684 iht informasjon ovanfor.

Ellers er det tilsvarande namnekombinasjon i 1732, Stord: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000650077 (gardsnamn Hauge er nemnd ved trulovinga...). Prøvde å søke i bygdeboka for Stord... utan hell...

 

On 3/6/2023 at 3:40 PM, Torbjørn Igelkjøn said:

På side 140 er det nemnt ein Anders Guttormson som m.a. hadde ein son som heitte Kristian. Desse er nemnde på Lægreid i både fute- og prestemanntalet 1665. I følgje bygdeboka flytta Kristian Andersson til garden Røyso, og ein finn han att på side 280. Der er det nemnt fleire born, men ingen Villum.

 

Sidan det ikkje er nemnde fleire born - https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014070905002?page=281 - så kan det vel tyde på at evt skifter etter far og søsken (feks Jorond d. 1706) ikkje nevner ein Villum?

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

59 minutter siden, Gisle Hersvik skrev:

Giftermål i 1686, Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000075237 - kan dette vere foreldre til Villum? Villum skal vere f. ca. 1684 iht informasjon ovanfor.

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 1 (1674-1688), Viede 1686, Side 173
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070320640220
 

1 time siden, Gisle Hersvik skrev:

Sidan det ikkje er nemnde fleire born - https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014070905002?page=281 - så kan det vel tyde på at evt skifter etter far og søsken (feks Jorond d. 1706) ikkje nevner ein Villum?

 

Eg har ikkje greidd å finne noko skifte, men det kan jo hende at andre er betre til å leite.

 

Eg legg også merke til at forfattaren er usikker på det eine barnet. Spørsmålet er om det finst noko skifte, eller om det er andre kjelder (f.eks. kyrkjebok) som er brukt. I så fall kan dei ha hatt fleire born enn det som er nemnt.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.