Gå til innhold
Arkivverket

Bokprosjekt MARIE PETRONELLE - aleinemødre og pleiebarn, født i skam, fadermordet, omstreifar og tukthusfange, skogfinnar, tatere


TARALD SELDAL
 Del

Recommended Posts

image.png.8f7af667fe38a3bc2e290746de4554d5.png

Hei,
Vi er i ferd med å ferdigstille ei bok om mi tipp-oldemor Marie Petronelle som vil gå i trykk 27. februar. Boka har desse kapitla:

I. Aleinemødre og pleiebarn
II: Genetiske studiar
III: Født i skam
IV: Fadermordet
V: Omstreifar og tukthusfange
VI: Skogfinnar
VII: Tatere og omstreifarar
VIII: William Espeland
IX: Barna
X. Anna Elisabeth Toresdatter og Karl Reinhardt Espeland

Boka fortel ikkje berre om familie og slekt til Marie Petronelle, men også om korleis livet kunne arte seg om du vaks opp som uekte barn, fattiglem, omstreifar, tater og/eller skogfinne.
Bak i boka er det ei personoversikt med om lag 900 personar, i tillegg til oversikt over nokre kjente taterslekter i Norge, utdrag frå Politi Tidende, og ein dom for tigging og tvangsarbeid ved Vang Arbeidsanstalt ved Hamar. Boka vert trykt i 70 ex. og koster kr. 990,- per bok. Om du er interessert i boka, kan du sende bestilling på e-post: tarald.seldal@hvl.no seinast innan 27. februar. Hugs å legg inn ditt telefonnummer og leveringsadresse.

I kapitelet IV "Fadermordet" kan du lese om den siste kvinna i Norge som vart dømt til døden og å få hovudet på stake og kroppen på steile. Dommen vart seinare endra av Høgsterett. I april 1845 avretta den nasjonale Skarprettaren Samson Isberg, Ingeborg Olsdotter Grønlien i Fresvik i Sogn, for drapet på sin far. Sju år seinare i 1852, avretta Isberg samene Hætta og Sombi i Alta etter Kautokeino-opprøret.

Utdrag frå boka:
Marie Petronelle var det «uekte» barnet som besteforeldra tok frå
dottera like etter fødselen og sette bort til fattigfolk for å unngå
å bringe skam og vanære over familien. Når det var bestemt at
barnet skulle settas bort fekk ikkje mora sjå det nyfødde barnet, noko som
førte til stort sakn og store psykiske påkjenningar for barnemora. Etter
desse dramatiske hendingane hausten 1865 fekk ikkje mora fleire barn og
heller ingen eigen familie og budde resten av livet saman med foreldrene.
På slutten av livet vart ho pasient ved Eg Asyl for Sinnslidande i
Kristiansand der ho gjekk bort i 1911.

Vi håpar boka har gjort lesaren meir kjent med livet og slekta til Marie
Petronelle. Marie Petronelle si grav på Høle kyrkjegard i Sandnes
kommune ligg like ved inngangen til kyrkja og har i dag status som freda
gravminne. Ektemannen William betalte for at grava skulle stå på Høle
kyrkjegard for all framtid til minne om Marie Petronelle.

 

 

Helsing

Tarald Seldal
E-post: tarald.seldal@hvl.no
Tlf. 95 29 96 75

 

 

 

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.