Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen/Breim: Ola Nilsson Bø f.ca 1773 og kona Helga Håvardsdotter f.1771 - kvar vart det av dei og borna etter ca 1820? Og kven var Ola?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I 1815 måtte Ola Nilsson Bø krype til korset og be om taksering av all eiga si for å gje kreditorane om ikkje anna enn LITT att på krava sine. Prosessen strekkjer seg over nesten to år, og ikkje lenge etter dette ser det ut som familien forlet bygda. 

 

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0022b: Skifteprotokollar, 1817-1822, s. 441b-442a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201680448

 

Ved folketellinga 1815 har dei 6 born heime:

 

1. Nils, f.1799 - han er frå Ola sitt fyrste ekteskap med Mari Olsdatter Kandal som døydde i barsel. Han blir verande på Bø og overtek seinare bruket, så hans lagnad er kjend.

2. Arne, f.1801 - han gifter seg med Gjøde Davidsdtr Hjelle i 1824, buset seg på Flølo og får mange born der; lagnaden kjend.

(3. Bent, f.1803 - ikkje heime i 1815 - kan vere død utan at det er blitt registrert)

(4. Mattis (1804-1804))

5. Ola, f.1806 -

(6. Mari (1807-1811))

7. Jon, f.1809 - konfirmert i Innvik i 1824 - og vidare?

8. Kornelius, f. 1812 - han konfirmert i Innvik i 1829 og gifter seg i Eid i 1834; det fyrste av 4 ekteskap; døyr på Maurset i 1890, og lagnaden hans er dermed kjend.

9. Hans, f. 1814 - det er muleg at dette er den Hans Olsson Bø som blir gravlagt i Gloppen 4 MÅNADER gammal i desember 1818. Der er ingen dåp som passar med denne innføringa, og det kan tenkjast at presten tok feil i farten og skulle ha skrive 4 AAR.

 

Vi skulle gjerne følgt Ola Nilsson og kona Helga til enden av livet - er det nokon som kan hjelpe? Og kva med sønene Ola og Jon - og eventuelt Hans om det ikkje var han som døydde? 

 

Så er vi usikre på kven Ola Nilsson eigentleg er. Det har vore føreslått at han er identisk med Ola Nilsson Hetle, f.1865, som vi ikkje finn att etter at han er nemnd som fullmyndig arving i skiftet etter mora (levande live) i 1891; eit argument for dette er at kårmannen i 1801 blir skildra som "husbondens morbroder".

 

Men det finst motargument også.

 

Det eine er at alderen hans både i 1801 og 1815 tilseier eit fødselsår ca 1773.

Det andre er at det finst TO ulike konfirmantar: Ola Nilsson Hetle i 1783, og Ola Nilsson Bø i 1790. Vi har ingen dåp som kan passe med den siste, men fødselsår ca 1773 kan vere rimeleg . 

Av desse to konfirmantane kan den fyrste vere fullmyndig i 1791 og den andre ikkje. 

 

Det er temmeleg sikkert at også andremann må ha tilknyting til Breim - td fødd av ein utflytta breimning (mor eller far) som så kanskje døyr eller kjem i vanskelege kår og sender barnet heim til oppfostring. Vi har IKKJE lese gjennom heile skiftedokumentet etter spor, då det er ei anstrengande skrift å lese. 

 

Er det noko som har ein ledig person ein stad som kan passe?

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.