Gå til innhold
Arkivverket

Peder Hanson Lindsø


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Aagot Pedersdatter Svensgaard ble født som Peder Hansson Lindsø sitt uekte barn og døpt 3. pinsedag, den 30. mai 1730 i Dovre. Morens navn er ikke nevnt. Kilde: Lesja prestekontor, SAH/PREST-068/H/Ha/Haa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1724-1731, s. 65, innf. nr. 9    https://www.digitalarkivet.no/kb20070603470093

Ifølgje ei Geni-side eg har sett, skal Peder Hansson Lindsø ha vore gift 2 gonger                                https://www.geni.com/people/Per-Lindsø/6000000014875252661, først med Anne Olsdatter Svendsgård og dernest med Brit Hansdatter Ulekleiv. Aagot skal ha vore dotter av den første kona, men fødd før dei gifta seg. I og med at mora sitt namn ikkje er nemnt i dåpsinnføringa, har eg leitt etter ei innføring av ein eventuell "introduksjon" utan å finne den. Kan det vere at Anne Olsdatter døde i barsel eller kort tid etter fødselen?

Når det gjeld Brit Hansdatter, den 2. kona, seier Geni-sida at ho hadde ein son, Lars Hansson Lindsø, f. 19. des. 1744, men denne dåpsinnførselen har eg ikkje funne. Eg har derimot funne innførselen av ein Hans, den 27. desember 1738, men dersom eg les rett så er faren Per Hanssen Høje eller Hoje   https://www.digitalarkivet.no/kb20070603470215

Det var vel ein gard på Dovre med namnet Haugje. Kan Per Hansson Lindsø ha vore på denne garden då Hans vart fødd? Mora er introdusert på Søndag Septuagesima, den 25. januar 1739. Der står ho som Per Hojes Brit.   https://www.digitalarkivet.no/kb20070603470216 Dette skulle vel tyde på at Anne, mor til Aagot, døde tidleg. Kanskje var ho ikkje eingong gift med Peder (Per) Hansson Lindsø. Eg har ikkje funne verken truloving eller "copulasjon" i kyrkjebøkene, heller ikkje begravelsesinnføring.

På ei Myheritage-side finn eg så at Hans Person Høje har 7 søsken: " Ågot Pedersdatter Tynnøl (født Svendsgaard), Anne Persdatter Lindsøe, Johannes Persson Høie, Lars Persson Lindsø, Sivert Persson Høie, Sivert Persson Høie og Pål Persson Høie." https://www.myheritage.no/names/hans_lindsøe

Kan nokon løyse opp i denne floken for meg?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Anne!!! Det betyr at Anne ikkje gifte seg med Peder Hansson Lindsø og at dottera Aagot truleg vaks opp saman med mora. Er det råd å finne ut når Peder gifte seg med Brit Hansdatter Ulekleiv?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.