Gå til innhold
Arkivverket

Tyde "etternamn" ved dåp og innleiing – Tinn 1732 – Niels Ryper[?]. Kan det vera Niels Riber?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Eg les det aktuelle "etternamnet" som "Niels Ryper". Ingen stadnamn i lokalområdet samsvarar med noko som liknar på "Ryper". Det kan vera eit tilnamn, utan at det gjev meg meir meining. Namnet førekjem korkje før eller seinare. Men eg har byrja å undrast om det kan vera talemålsnær skriftfesting av Riber. I så fall er det ein fremmend mann, truleg knytt til militær opplæring i lokalsamfunnet. Nokre andre slike fremmende namn har dukka opp i lokalsamfunnet på om lag same tid, mellom anna Scheidner, Peder Skytt (Schytte?) og Anders Ræfn.

 

Både dåp og innleiing under "Tredie Paaschedag" side 76b nesten nedst.

 

Tinn kirkebøker, SAKO/A-308/F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. I 1, 1717-1734, s. 77
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061211330648
 

IMG_8762.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"bresten brekte bå brekestolen" vert det herma etter nokon ....;  b og p er nokså nære lydar

 

Det står utvilsamt "Niels Ryper" både på dåp og innleiing. (5. siste og 2. siste linja).

Det vert vel litt for uvisst grunnlag til å utleie at dette ville vere ein "Riber" ein annan stad i landet, eller ved ein annan skrivar.

(Dersom han var militær, finst han vel i ymse rullar?)

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17. des 2005 skriv Geir Kamsvaag Berntsen om ei Anne Ryper ved vigsle i Kristiania og dåp på Bragernes omkring 1760. Ganske omfattande drøftingar mellom anna om mogleg samband Ryper/Riber. For omfattande til at eg går inn i komplekset. Ser også ut som at ein gard i Lier (på Lierskogen) med namn Rype skaper noko ugreie undervegs i drøftinga.

 

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det står utvilsamt "Niels Ryper" både på dåp og innleiing. (5. siste og 2. siste linja).

Her vart eg litt for oppteken av p/b-spørsmålet.  Slutten av namnet, mellom p og genitivs s,  er ikkje like klar: "Rypes" eller "Rypers"

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Her vart eg litt for oppteken av p/b-spørsmålet.  Slutten av namnet, mellom p og genitivs s,  er ikkje like klar: "Rypes" eller "Rypers"

 

Takk! Du har (som vanleg) rett! Har ført inn ein liten E:-merknad i Augustus om denne uvissa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.