Gå til innhold
Arkivverket

Musikknoter og manuskripter fra 1600-taler


Andrea Kienzerle
 Del

Recommended Posts

Hei,

 

jeg lurer på om dere har akiver fra Musikklivet i Nidarosdomen på 1600-talet. Je søker etter noter og manuskripter som kan hjelpe å vitne til et eksisterende musikkliv i Trondheim på barokktiden. Viss dere har slikt materialt, hvor er de oppbevart og hvordan kan jeg få tilgang til dem ?

 

Takk for hjelpen.

Med vennlig hilsen,

 

Andrea Kienzerle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi kjenner ikke til dette. Du kan eventuelt undersøke hos en musikkprofessor hos NTNU som kjenner feltet bedre enn vi gjør.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Andrea,

 

Eg er postdoktor i musikkvitskap ved Uppsala universitet, og har tidlegare studert musikkvitskap ved NTNU. Eg er ikkje spesialist på dette feltet, men kan eitt og anna.

 

Om du vil leite vidare etter tidlege notar i Trondheim er helst Gunnerusbiblioteket staden å ta kontakt med. Eg mistenkjer derimot at det ikkje er noko særleg å finna før mot midten av 1700-talet. Ein reknar jo gjerne Georg von Bertouch (1668–1743) og Johann Daniel Berlin (1714–1787) som dei fyrste norske komponistane (sjølv om dei båe var innvandra frå tyskspråklege område).

 

Dette betyr ikkje at det ikkje eksisterte eit musikkliv i Trondheim tidlegare, berre at notematerialet for dette har forsvunne. Då er det beste ein kan gjere å lesa seg opp om det vi har av kontekstuell informasjon, så kan ein kanskje finne hint om musikk som kunne eksistere i Trondheim basert på funn i andre byar. Det er nokså lenge sidan det har vore gjort større forskingsprosjekt om dette, men Hampus Huldt-Nystrøm skreiv ein glimrande artikkel om temaet på slutten av 70-talet, som ein kan finne her. Denne stadfestar langt på veg at det er svært lite notematerial å finna. Kanskje kan hovudfagsoppgåva til Ulf Steinar Berg frå 1983, «Militærmusikk i Norge ca. 1600–1818, med særlig henblikk på infanteriet i Trondheimsdistriktet», òg vere av interesse; denne har fleire av dei leiande musikkbiblioteka i landet kopiar av. Til slutt ville eg kanskje ha teke ein titt i det fyrste bindet i fembindsverket Norges musikkhistorie. Eg får ikkje sett på dette no, men det kan hende det kan stå noko av interesse der.

 

For vidare forsking kan du kanskje ha glede av denne lista:

https://www.hf.uio.no/imv/forskning/prosjekter/norgesmusikk/musikkhistarkiv/bibliografi/

 

Lukke til med vidare leiting! Det er berre å ta kontakt om du skulle bli interessert i musikken i Trondheim på 1700-talet, for der kan eg hjelpe meir.

 

Halvor K. Hosar

Endret av Halvor K Hosar
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.