Gå til innhold
Arkivverket

Eldri Lauridsdatter/Larsdatter Ulekleiv. Kven var ho gift med?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Eli Larsdatter Ulekleiv blei født rundt 1675 på Ulekleiv i Dovre, dotter til Laurids Hansson f. Spersheim frå Lom og Ingeborg Larsdatter Ulekleiv frå Ulekleiv i Dovre.

Hun skal ha vært gift to ganger, men spørsmålet er kven som var første og andre mannen.

 

Ifølgje skiftekort frå Tofte Moen 3. april 1719 var ho gift med Jørgen Olufsen Toftemoen. Ho hadde 5 born: Eit barn utan kjent namn på 17 år (f. ca. 1702), Karri Jørgensdatter 15 år (f. ca. 1704), Anne Jørgensdatter 12 år (f. ca. 1707), Ingebor Jørgensdatter 9 år (f. ca. 1710) og Ragnhild 6 år (f. ca. 1713)

 

https://www.digitalarkivet.no/sk11216091914241

 

Den 12. desember 1733 er det skifte på Ommundgaard i Lesja etter Tore Engebretson Ommundgaard. Han er også gift med Eldri Larsdatter. Dei har 4 born: Embret på 36 år (f. ca. 1697), Lars på 32 år (f. ca. 1701), Erich på 28 år (f. ca. 1705) og Engebret på 26 år (f. ca. 1707).

 

https://www.digitalarkivet.no/sk11216091909805

 

Ifølgje bygdebok for Lesja, bind 3, side 707 er Tore Engebretson, f. ca. 1670, son av Engebret Eriksson Ommundgaard og Marit Toresdatter Killi frå Nordigard Killi på Dovre. Tore tok visstnok over Ommundgaard i 1695. Han var gift med Eldrid Larsdatter frå Ulekleiv i Dovre. Borna er Lars, f. ca. 1701 og gift med Anne Olsdatter frå Nørdre Sør-Hole, gardbrukar på Dombås; Erik, f. ca. 1705, som var heime ved skiftet etter faren i 1733, men elles er ukjend; Ingeborg, f. ca. 1707, gift til Nigard Bottem; og Engebret, f. ca. 1707 som vart gift med Brit Larsdatter frå Brustugu på Rolstad og tok over Ommundgaard ved skiftet etter faren i 1733.  Når Eldrid døde er uvisst, men ho gjekk i alle fall til alters på Lesja til 1746.

 

 https://www.nb.no/items/b5a76aea1b65fda9b28e08b3852f9e55?page=709

 

Sidan manntalet for 1701 manglar for dette området er det uråd å få noko hjelp frå det.

Var Eldri Lauridsdatter/Larsdatter Ulekleiv gift med både Jørgen Olufsen Toftemoen og Tore Engebretson Ommundgaard? Eller er det snakk om to forskjellige kvinner med same namn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 15.3.2023 den 22.08, HelgeHånes skrev:

Eli Larsdatter Ulekleiv blei født rundt 1675 på Ulekleiv i Dovre, dotter til Laurids Hansson f. Spersheim frå Lom og Ingeborg Larsdatter Ulekleiv frå Ulekleiv i Dovre.

 

Jeg har ikke noe endelig svar på det du spør om, men legger for orden skyld inn skifte(kort) for Eldris far:

https://media.digitalarkivet.no/view/39945/14571

 

Her skifte(kort) for moren:

https://media.digitalarkivet.no/view/39945/14573

Her er skiftet i selve skifteprotokollen: 

Hedmark, Oppland fylke, Nord-Gudbrandsdal distrikt i Gudbrandsdal, Skifteprotokoll nr. 3 (1690-1719), Skifteprotokollside, Side 64b-65a
https://media.digitalarkivet.no/view/25155/69

Hedmark, Oppland fylke, Nord-Gudbrandsdal distrikt i Gudbrandsdal, Skifteprotokoll nr. 3 (1690-1719), Skifteprotokollside, Side 65b-66a

https://media.digitalarkivet.no/view/25155/70

 

Her er første del av skiftet på side 65a - står det noe her om Karis og Eldris ektefeller??

 

Skifte Ingeborg Larsdatter.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Grethe. Eg har stava meg gjennom skiftet frå 1706 og såvidt eg greier å tyde skrifta heiter Eldri sin mann Torre Ommundgaard. Det må vel bety at ho ikkje var gift med Jørgen Olufsen Toftemoen. Han døde i 1719, og på den tid var det ikkje snakk om skilsmål, så vi har nok løyst gåta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.