Gå til innhold
Arkivverket

Nasjonalbiblioteket skal spare pengar - Kuttar i digitale bøker


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Dersom eg går på eit bibliotek er det fritt fram å låne bøker. Kvifor skulle det vere så mykje "verre" for dei som eig åndsverket om bøkene vart "lånt ut" digitalt over ein viss periode (f.eks. 8 timar om gongen)?

 

Det skulle ha teke seg ut om det kom eit skilt på inngangsdøra til det lokale folkebiblioteket: Adgang forbode! Men dersom du er forskar kan du få låne nøkkel. Men blir du sitjande i meir enn 8 timar blir du kasta ut!

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Dag T. Hoelseth skrev:

Stort sett grei fremstilling. Men nå har Nasjonalbiblioteket sagt tydelig fra at slektsforskere går under "forskere" (jf. bl.a. Chris Nyborg under Slektsforskernes dag i Oslo 2021), så la oss droppe påstander om "overtramp av biblioteket" i det minste.

Kvifor det, når Nasjonalbiblioteket tillet seg å dele ut andre sin eigedom gratis?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar. Jeg kritiserer ikke at man har en adgangsbegrensning, dvs. at man må søke om tilgang, bl.a. av hensyn til åndsverkloven. (Skjønt "åndsverk" - de kildene jeg søker - bygdebøker, gards- og ættesoger, er stort sett finansiert med offentlige midler - folks skattepenger, og burde derfor være allment tilgjengelige for alle, uten noen begrensning). Det er de "tekniske" begrensningene som Nasjonabiblioteket selv setter, bl.a. 8-timersregelen o.a., som bør fjernes.

 

Jeg kaller ikke meg selv slektsforsker (bruker ikke vitenskapelig metode i arbeidet), men -gransker. Når man gis tilgang til begrensa materiale hos Nasjonalbilbliteket må man først krysse av i en dialogboks der det er to valg, enten at man skal bruke materialet i forskningsøyemed, eller til "dokumentasjon". Jeg krysser av den siste, og får tilgang, uten problem. Men så oppstår "problemene" - de tekniske, som eg. begrenser tilgjengeligheten ytterligere. Disse bør yddes vekk. Slektsgranskning gjøres som oftest på fritida, kveld og helg. Da er Nasjonalbilblioteket "stengt".

 

Det undrer meg litt at holdningen hos Arkivverket (og Nasjonalbiblioteket) synes å være å begrense tilgjengeligheten til materialet, mens mest mulig åpenhet burde være kjøreregel nr 1, og så heller sette en restriksjon på spesielle ting. Savner en god begrunnelse for at det er slik, når formålet er å åpne opp. Regner med at dette hensynet er nedfelt i lovverket som disse institusjonene styres etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vere greit å sortere ulike ting her:

- Arkivverket/Digitalarkivet må rette seg etter reglar om personopplysningar.   Dei er lovpålangde å avgrense tilgangen til visse opplysningar. Då må strategien vere å sperre tilgangen til dokument som kan innehalde slike opplysningar.

Nasjonalbibliotekte skal også rette seg etter ein del av dei same reglane om personopplysningar. Skannar du ei bygdebok, har du eit digitalt register. Det er andre (strengare) reglar for digitale register enn for papirbøker. I motsetnad til Arkivverket har Nasjonalbiblioteket til dels valt å sjå bort frå - eller valt ei liberal tolking - av dette regelverket.

 

- Opphavsrett til åndsverk er ei heilt anna sak.  Det er eigedomsrett til noko.  Biblioteket kan kjøpe eksemplar av ei bok og låne ut. Utlånet er avgrensa av talet på innkjøpte bøker (prøv å setje deg på venteliste for ei populær bok...).  Kopiering og digital tilgjengeleggjering er "eksemplarframstilling", som berre forfattaren har rett til.

Ordninga som var opptakta til denne tråden inneber at staten/nasjonalbib. betalar for retten til å vise ein del bøker.*)  Det du tek opp, er dei andre bøkene som er underlagt opphavsrett, men som staten ikkje betalar noko for å vise fram.

*)Det er ei tilknytt sak om korleis staten einsidig kan gjere dette - utan å avtale med forfattaren.

 

- Kven som skulle hatt opphavsretten til bygdebøker m.m. er ei tredje sak, og har ikkje noko med dei to første å gjere.  Dersom kommunen (eller andre sponsorar) meiner det same som deg, må dei skrive det inn i avtalen med forfattaren. Dersom dei ikkje har gjort det, er inntekter av salet ein del av godtgjersla (løna) til forfattaren. Det du seier er  vel om lag det same som at ein offentleg funksjonær burde stille opp ekstra på fritida for ymse gode føremål, - fordi han er finansiert av skattepengar.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Hans Blø skrev:

 

Det undrer meg litt at holdningen hos Arkivverket (og Nasjonalbiblioteket) synes å være å begrense tilgjengeligheten til materialet, mens mest mulig åpenhet burde være kjøreregel nr 1, og så heller sette en restriksjon på spesielle ting. Savner en god begrunnelse for at det er slik

 

Dei er nok nøydde til å gjere det slik. Begrense tilgangen der ein må, og så gje tilgang der ein kan. Både personvern og rettar er lovfesta, og er difor viktig å ta omsyn til. Difor kan ein ikkje forvente å få- eller ta alt ein peikar på. Ingen avgrensar tilgangen for moro skuld. Dersom ein fyrst har lagt ut for mykje kan ein allereie ha gjort stor skade, dette gjeld særleg når det gjeld personvern. Det er difor betre å leggje ut litt for lite, og så opne det ein kan etter kvart.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Biblioteket kan kjøpe eksemplar av ei bok og låne ut. Utlånet er avgrensa av talet på innkjøpte bøker (prøv å setje deg på venteliste for ei populær bok...).

 

Eit godt innlegg! Og då er ein faktisk tilbake til utgangspunktet, som er at Staten ikkje løyver dei pengane som skal til for å betale for alle dei bøkene/eksemplara ein gjerne skulle ha hatt tilgjengeleg i det digitale biblioteket, også kalla "bokhylla". Dermed blir utvalet mindre, og dei andre bøkene (som eigentleg er "piratkopiar" som biblioteket ikkje har betalt ei krone for) forblir "lukka og nedlåst". Men medan tilsvarande bøker ikkje ville finnast i det heile på eit fysisk bibliotek vil dei digitale kopiane likevel vere tilgjengelege for forsking.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.