Gå til innhold
Arkivverket

Lars Hermundson, døydde på Fletene, men i kva bygd?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Lars Hermundson var husmann på Vangsnes men skreiv seg Fletene då han døydde i 1836. Det står i gards- og ættesoge boka til Balvollfor Vik  side 434 plass 39 at Lars og siste kona Synneva frå Fjærestad i Balestrand truleg flytta til ein plass under Flete i Fresvik, der Lars døydde. Synneva døydde som kårenkje på Bale. I Fresvik er det ingen opplysningar om denne husmannen, og me lurer difor på om det kan vera Flæte i Vik (Fjorden). Eller ein anna stad som vart kalla Fletene? I skiftet er det opprekna mykje eignedeler, men dei han er skuldig pengar til er heller ikkje namn frå Fresvik. Dessutan hadde han svært mykje eige til å vera ein husmann? 

Han er og med i sølvskatten frå 1816 

https://www.digitalarkivet.no/view/97/pt00000000307500

 

dødsfall i kyrkjeboka midt på venstre side

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/329

 

Skiftet i 1836

https://media.digitalarkivet.no/view/24179/414

 

Flæte i Fresvik er ein gard oppe i dalen og merkeleg viss ikkje det skulle finnast kjennskap til denne karen og familien hans i dei kjeldene me har. Kyrkjeboka er felles for heile Tjugum, og ikkje sortert på bygdene etter som eg ser.

Er det opplysningar i skiftet som kan hjelpa til med å lokalisera denne karen? Opplysningar om arvingar, bygningar etc. Skiftet fann stad på Vangsnes etter som eg tolkar det.

Takksam for hjelp.

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

dødsfall i kyrkjeboka midt på venstre side

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/329

Opphaldsstad kan lesast som  "Flethe" (men tverrstreken over t-en er litt sein og går over h-en)

Det er nok presten som skriv dette, ikkje Lars sjølv ...

 

1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Skiftet i 1836

https://media.digitalarkivet.no/view/24179/414

 

Flæte i Fresvik er ein gard oppe i dalen og merkeleg viss ikkje det skulle finnast kjennskap til denne karen og familien hans i dei kjeldene me har. Kyrkjeboka er felles for heile Tjugum, og ikkje sortert på bygdene etter som eg ser.

Er det opplysningar i skiftet som kan hjelpa til med å lokalisera denne karen? Opplysningar om arvingar, bygningar etc. Skiftet fann stad på Vangsnes etter som eg tolkar det.

 

Til det siste: Det er referert to rettsmøte (28.april og 16.mai). Det er ikkje sagt kvar det første var. Det andre var på sorenskrivarkontoret.

Netto-buet (41-4-22) er delt mellom "Stervboenken Synneve Jørgensd. Røe" - med lagverje Bottolf Ambjørnsen Tendingen

og 2 søner, "Lars Larsen med Kurator Niels Røe" og "Ambjørn Larsen med Kurator Hermund Sværen" og éi dotter

"Brithe Larsd med Formynder Christen Christensen Fjærestad"

At Lars og Ambjørn hadde "kurator" inneber at dei var delvis myndige; over 18, under 25.

 

Buet er lausøyre for 61-3-16, og uteståande hjå Anders Ambjørnsen Bahle (3-1-0) og Niels Tostensen Vorken (0- 1-12)

 

Mellom kreditorane (nr. 9 og 10) er "Lars Larsen Røe"og "Ambjørn Larsen Røe" - det kan vere sønene.  Ambørn er største kreditor (12 spd)

Den største kreditoren utanom Ambjørn er nr 1: Hermund Hermundsen Sværen (9 spd).

Så kjem gravferdskostnad (enkja) nr. 7 (4 spd). Skiftekostnader er 3-4-18 (sorenskrivaren m. vitne) og 2-3-4 (lensmannen)

 

Buet eig tydelegvis stove, stabbur og høyløde på plassen, sel og høyløde i utmarka og båtnaust.  Det ser ut til at kreditorar og arvingar får

partar i bygningane.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Ivar for grundig svar. No har eg sjekka litt rundt her og fann faktisk eit gardsbruk som vart kalla Flæte i lia over Hella ferjekai. Rundt der ligg også gardane Røe og Tendingen. Så dermed trur eg det kan vera rimeleg truleg at Lars Hermundson har butt på denne garden då han døydde sidan han skreiv seg Fletene. Iallfall lite truleg at det var Flæte i Fresvik det er referert til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.