Gå til innhold
Arkivverket

Preste- og futemanntalet 1664 - Er desse uavhengige kjelder?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

For Sunnfjord er det bevart futemanntal frå 1664 og prestemanntal frå 1664 og 1666.

Eg kan ikkje hugse å ha sett at det er ulike opplysningar i dei to manntala frå 1664. Eg lurer difor på om desse kan reknast som uavhengige kjelder, eller om dei som har sendt inn manntala har konferert med kvarandre, evt. rett og slett skrive av den andre si liste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om vi ser på den første sida i begge:

Prestemanntalet: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005191014

Futemanntalet: https://www.digitalarkivet.no/ft10041005314012

ser det ved første augekast tydeleg ut som at den eine er avskrift av den andre.

Men... om vi ser betre etter, har futen berre på denne eine sida med 3 menn som ikkje presten har med.

 

Dette var Askvoll prestegjeld; ser vi på Holmedal

prest: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005191046

fut:  https://www.digitalarkivet.no/ft10041005314019

er dei heilt like (så langt eg kan sjå).

 

Dette tyder på eit samarbeid, men ikkje fullstendig avskrift.

Dessutan ser vi at prestemanntala i dei to prestegjelda er skrivne av same hand (men ikkje same som futemanntalet).

 

Til samanlikning er manntala på Sunnmøre ulike og må vere uavhengige.  Det er ulike handskrifter for kvart prestegjeld i prestemanntalet.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei!

 

Eg har gjort ein analyse av desse manntala for Seljord prestegjeld:
Prestemanntalet: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005123059

Futemanntalet: https://www.digitalarkivet.no/ft10041005283026

 

Det einaste som samsvarar fullt ut er den samla skylda for alle gardane i prestegjeldet. 

 

Det er godt samsvar mellom dei to manntala i dei tre sokna når det gjeld antal gardar. I nokre tilfelle er sjølve matrikkelgarden oppgjeve i det eine manntalet, frådelte bruk i det andre manntalet. Det er fleire gardar der presten oppgjev namnet på oppsittaren, medan fogden oppgjev den som åtte garden. 

 

Presten oppgjev til saman 129 oppsittarar, fogden 117. Når det gjeld antal søner, tenestegutar og husmenn er det til saman 77 færre i fogdens manntal. Fogden nemner ikkje knektar som budde på gardane. 

 

For 119 personar samsvarar både namn og gard i dei to manntala, men bare for 76 av desse er alder oppgjeve. Det er tildels stor skilnad i alder i dei to manntala, differansen er om lag like stor over heile aldersspennet, og det er om lag like mange positive som negative avvik. Gjennomsnittsalderen er omtrent lik; FogdAlder = 40,2 år og PrestAlder = 39,7 år. Spreiinga (målt som standardvvik) av tala er større i fogdens manntal (13,9) enn i prestens (10,8).

 

Konklusjonen min er at presten og fogden er lite samsnakka, her er det ikkje tale om avskrift!

Helsing Odd Skogheim

  • Liker 2
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.