Gå til innhold
Arkivverket

SF: Holmedal, Askvoll. Skifte i 1768 etter Ole Nilsson Vik - Fellesborn - Inneståande arv?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Skiftet byrjar på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8a (1763-1769), Skifteprotokollside, Side 379b-380a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126660663
 

Fyrst står det at Ole Nilsson og Kari Andersdtr. hadde fellesborna Nils Olsson (12), Johannes Olsson (4) og Anna Olsdtr. (8).

Så står det at Nils Olsson, Johannes Olsson og Anna Olsdtr. hadde inneståande arv.

Til slutt står det at det overskytande går til enkja til begravelsesvederlag.

 

Korleis skal ein tolke dette? Har det vore eit skifte tidlegare, og i så fall etter kven? Er det feil når det står at borna er fellesborn? Eller kan forklaringa vere så enkel som at enkja har halde skifte med borna sine frå ulike ekteskap medan den siste ektemannen framleis levde? (I følgje bygdeboka er ho identisk med den Kari Anfinnsdtr. som var g. med Nils Ingemårson Vik. Han døydde i 1756, og dei hadde 4 born).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ei litt underleg sak. Når det er umyndige arvingar skulle det vere offentleg skifte - og det hadde vore enklare om det stod ein dato for skiftet.

(Men med lite å fordele, og eit bu utan vesentleg gjeld, såg ein kanskje mellom fingrane på kravet om offentleg skifte.)

Eg kan ikkje kome på nokon borna kan ha arva når dei har foreldra i live. Uansett korleis ein vrir og vender på det, ville far eller mor kome før dei

i arvegangen. Det einaste kunne vere eit testamente, som i så fall skulle vere godkjendt av kongen då det vart utferda.

 

Det er nokre mogelege forklaringar:

- enkja var ikkje mor til dei tre borna ("fælles børn" er i så fall feil)

- skifte i levande live, som du ymtar om

- det er arv i dette skiftet, men ein uvanleg(?) måte å føre det på (_om_ det er uvanleg i denne protokollen, kan ein finne om ein granskar

ein del andre skifte).

 

Borna sin arv er tilsaman 1-5-14, og når alle gjeldspostar er trekte frå, er det att 1-4-8, som enkja får "som et slags vedderlag for bergravelsen".

Det kan kanskje peike mot den siste tolkinga. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Den opplagte forklaringa som eg ikkje har tenkt på er nok at dette er arv etter eitt eller fleire halvsysken til borna som er nemnde i skiftet. Det er skifte etter halvbroren Ole Nilsson Loftet i 1764, men summane halvsyskena arva er litt mindre enn i skiftet i 1768.

 

Skifte Ole Nilsson Loftet:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 8a (1763-1769), Skifteprotokollside, Side 34b-35a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126660315

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.