Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen og kanskje andre stader - Mattis Olsson Gimmestad / Nes - det må vere to personar - og kven er dei?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg startar med trulovinga i oktober 1701 - på venstre side - Matthias Olufsen og Anne Rasmusdatter Gimmestad.

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1701, Side 198-199
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290360

 

Vigsla skjer i november, når ein blar om. Det er ikkje nemnt noko eksplisitt gardsnamn på han, og slik det står vil eg tenkje at begge er frå Gimmestad. Det stemmer også med manntalet 1701 som vel er oppteke om hausten; der står oppsitjaren Mattis Olsen, 32 år gammal. Han er svigersonen til forrige brukar. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord og Nordfjord, Svanø, Manntall nr. 9 (1701-1701), Protokollside, Side 296-297
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280156
 

Paret frå dottera Alet i juni 1702; oppkalla etter Anne si mor. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1702, Side 206-207
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290364

 

Neste barn er Ole i august 1704, etter Mattis sin far - her legg vi merke til eit stort innslag av fiff blant fadrane. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1704, Side 238-239
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290380
 

Tredje barn er Jakob i januar 1707, eit litt uventa namneval. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1707, Side 284-285
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290403

 

Denne Jakob døyr barnlaus i 1771, og arvingar etter han er etterkomarar etter dei to nemnde syskena Alet og Ole, pluss ein yngre bror Lars, skriven Laurits ved dåpen 1713 - 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 2 (1712-1735), Kronologisk liste 1713, Side 20-21
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290459

 

På denne tida brydde presten seg dessverre ikkje om uvesentlege opplysningar som td namn på mor til barnet.

 

Bygdeboka skriv Mattis Olsson (Ness) om han - ein skrivemåte som gamle bygdebokforfattar Aaland gjerne brukte når han ikkje var HEILT sikker; då sette han opplysninga i parentes.

Boka opplyser vidare om at han døydde i 1753, og at kona Anne døydde i 1768. Det er ikkje skifte etter nokon av dei. 

 

Men så kjem slangen inn i paradiset i 1707, med ei truloving i mars 1707 som knapt kan skimtast bak blekket - ...søn Næss og Mette Rasmusdatter Groff og deretter vigsle med tydelegar skrift: Matthis Ollsøn Næss og Mette Rasmusdatter Groff.

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1707, Side 292-293
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290407

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1707, Side 294-295
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290408

 

Dette kan umuleg vere same mannen som gifta seg i 1701 - han ville vel ikkje brått få tilbake Næss-namnet etter 6 år som oppsitjar på Gimmestad?

 

Eg tek med to dåpar til - Rasmus i 1709; han døyr i 1732 - 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1709, Side 318-319
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290420

 

Og til slutt Anne i 1716, død i 1719 - og her legg eg straks merke til fadderen Erik Rasmusson Grov, bror til Mette Rasmusdatter. (Gimmestad og Grov er nabogardar).

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 2 (1712-1735), Kronologisk liste 1716, Side 70-71
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290484

 

Den einaste oppføringa eg har på Mette Rasmusdatter Grov bortsett frå vigsla, er ein fadderskap i 1702.

 

Eg må dra inn eit par andre personar her og. Den eine er Båtsmann Karsten Olsson Nes frå Bergen som døyper barnet Sofie i Gloppen i 1703, med m.a Mattis Olsson Gimmestad som fadder. Når eg høyrer Karsten-namnet tenkjer eg uvilkårleg på Sunnfjord, der det er mykje vanlegare enn i Nordfjord.

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1703, Side 224-225
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290373

 

Den andre er Jon Olsson Nes som er fadder på Gimmestad i 1702, saman med Mattis Olsson si kone Anne. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1702, Side 208-209
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290365

 

Eg tek også med Ingeborg Olufsdatter Nes som står offentleg skrifte i 1698, besovet av Søren Jørgenson Andenes.

 

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 1 (1686-1711), Kronologisk liste 1699, Side 156-157
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290339

 

Spørsmåla mine er mange. Kven ER desse personane? Kvar kom dei frå? Kvar vart det av Mette og hennar mann? 

 

Grunnen til at eg interesserer meg spesielt for dette no, er at vi har ein BigY-test etter den fyrste mannen eg nemner - gift med Anne i 1701.

 

Han har svært nært treff med ein person med mannslinje bak til ein Ola Nilsson Nes i Gaular midt på 1600-talet. 

 

Er det nokon som har utfyllande opplysningar eller gode tips vidare til meg her, vil eg bli svært glad.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 25 juni 1713 døpte Matthias Olsson Gimmestad en sønn Laurits. Dåp nr. 6 fra toppen , venstre side i kirkeboka.

 

Kirkebøker: Gloppen sokneprestembete, SAB/A-80101/H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1712-1735, s. 20-21 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

 

Er dette den samme Matthias Olsson du skriver om eller er det to menn med samme navn i samme periode på Gimmestad?

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Laurits har eg lagt lenke til, og på grunn av skiftet etter Jakob Rygg veit vi kven som var syskena hans. 

 

Om det er same Mattis Olsson eller to ulike - ja, det er nettopp det som er spørsmålet. Det klaffar dårleg med denne vigsla i 1707 om det skulle vere berre EIN. Då ville arvingane etter Jakob vere halvsysken, og det står det ikkje noko om. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der kan ikke jeg hjelpe deg, for jeg hadde ikke registrert noe om opphavet til Lars før jeg leste innlegget ditt.

Derimot fikk jeg ikke med med at lenken til Lars kom tidlig i innlegget ditt og ikke der jeg regnet med det skulle være, mellom Rasmus og Anne.

Håper du får svar på spørsmålene dine, og at ikke innleggene mine blir et forstyrrende element i debatten.

Lars og kona fikk så vidt jeg kan bedømme av skiftet hans 8 barn. Ingen Mette der.

 

Skiftemateriale: Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Hab/L0008a: Skifteprotokoll, folio 1-457, 1763-1769, s. 295b-296a - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

Endret av Rune Thorstensen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enig i tolkinga av skiftet etter Lars. Eg tenkjer at kanskje brudgommen i 1707 er den som med rette skal ha Nes-namnet, og at den fyrste brudgommen har eit anna opphav. Eg har ikkje funne noka Nes-tilknyting til han, og tenkjer at bygdebokforfattarane kanskje har rota litt. Men eg VEIT ikkje.  Manntalet i 1701 er ikkje til noka hjelp, der er "den eine" på Gimmestad.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er enig med deg Aase.

Det er trolig snakk om to menn. Nå har ikke jeg sjekket dødsfallene til Matthias og kona, men det har vel du gjort.

 

Her er i alle fall Matthias gravlagt 07.01.1754, nederst høyre side. Og der er Anne Rasmusdtr. nevnt så vidt jeg kan se helt nederst på siden.

Kirkebøker: Gloppen sokneprestembete, SAB/A-80101/H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1739-1757, s. 262 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

 De hadde vært gift i 53 år.

 

I 1701 manntallet er det en Matthias Olsson på Søreide, 30 år gammel og en på Gimmestad 32 år gammel.

Søk i manntall - Digitalarkivet

Endret av Rune Thorstensen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemet her blir jo mer at man ikke vet med sikkerhet noe om foreldrene og fødested til "din" Matthias Olsson. Det var åpenbart to menn med samme navn og omtrent samme alder i 1701 da din man giftet seg. Da er det naturlig å tro at det er den andre Matthias Olsson (Søreide) som giftet seg i 1707. Innføringen i kirkeboka ved dødsfallet i 1753/54 sier jo klart at "din" mann hadde vært gift med Anne Rasmusdtr. i 53 år.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No blir eg ærleg talt litt flau. Denne innføringa har eg sjølvsagt sett tidlegare, men åpenbart gløymt å ta den fulle konsekvensen av. Det fjernar absolutt siste rest av tvil om at det er to - og så står eg att med tvilen om kvar dei kom frå - om BEGGE har tilknyting til Nes - og kva Nes det er snakk om; det er fleire å velje mellom. 

 

Så endå ein gong takk for hjelpa!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Rune Thorstensen skrev:

De kan jo faktisk også være brødre.

Det er også eit alternativ.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.