Gå til innhold
Arkivverket

Biskopen i Stavanger eller Kristiansand?


Marit Totland
 Del

Recommended Posts

Eg er på leit etter kommunikasjon mellom biskopen i Stavanger/Kristiansand i perioden rundt 1800 og 1840-1846. Kor finn eg då dei rette arkiva? Statsarkivet i Stavanger eller Kristiansand?

Eg søkjer saker om husmannplassar og prestegardar og ein nedbrend prestegard. Er dokument om dette utskilt i eigne mapper?

Er det råd å bestilla relevante protokollar og esker utan sjølv å finna ut av arkivkatalogen. Planen er å dra til det arkivet som har kjeldestoffet eg er ute etter, men mykje tid er spart om eg ikkje risikerer å bestilla feil materiale på førehand.

Med helsing Marit Elisebet H T

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karmsund prosti låg i denne tida under bispesetet i Kristiansand, så arkiva med korrespondanse til bispesetet finst ved Statsarkivet i Kristiansand: lenke til katalog. Korrespondansen er her ordna med journalar og tilhøyrande journalsaker. Journalane gjev opplysingar om inngåande brev, kor kvart og eitt har eit tilhøyrande journalnummer, som du kan ta med deg til samlinga av journalsaker, som er ordna etter journalnummer. Noko av saksarkivet er ordna i ein eigen emneordna serie, serie G - Realistisk ordnede pakkesaker, og der er mappene ordna etter geografi: prosti/kyrkjer. Katalogen for Biskopen i Kristiansand bør studerast inngåande før bestilling til lesesal. 

 

Elles kan det finnast opplysingar i arkiv ved Statsarkivet i Stavanger i tillegg, både i sokneprestarkivet, prostiarkivet og kanskje i amtmannsarkivet (seinare statsforvaltaren). Katalogane finn du på Arkivportalen: A-101849 - Skudenes sokneprestkontorA-101858 - Karmsund prosti og A-101928 - Fylkesmannen i Rogaland

 

Du nemner i tillegg brann på prestegarden. Det kan ha vorte oppteke tingsvitne i etterkant av brannen i tingbøker/ekstrarettsprotokollar, som du kan undersøke her: lenke til Digitalarkivet 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.